søndag 22. oktober 2023

Guds skapareverk er fantastisk!

Har du høyrt om «NRK-faste»?

Ikkje eg heller. Eg har funne det opp sjølv, nett som Tomas Alva Edison (1847-1931) for hundre og femti år sidan fann ut noko som verda aldri tenkt gjekk an. Hans «glødande ide» (glødelampen) vart ein suksess. Slik medgang vil nok ikkje oppfinninga mi få, men eg skulle ynskja at ho vert teke i bruk i heile landet!

Som den gode Tomas Alva, hadde eg «inputs» på førehand. Eg høyrde om folk som hadde «telefon-faste». Dei såg at telefonen hadde negativ innverknad i, liva deira. Den stadige flaumen av nyheiter og informasjon hadde gjort dei avhengige. Det gjekk ut over både tida og kvaliteten i livet. Dermed la dei telefonen vekk, totalt eller redusert til det han vart oppfunnen til: Å knyta band mellom levande menneske.

Kvifor «NRK-faste»?

Det starta med stenginga av vatn, elektrisk energi og anna som Israel har levert til Gaza i alle tider. Kvifor? Jau, fordi dei som fekk makta i Gaza valde bort å bruka inntektene og energien på å skapa gode tilhøve for folket sitt. Dei brukte derimot pengane på våpenkjøp og rakettar dei kunne gøyma i skular og sjukehus mellom anna. 

Meldinga på israelske media var at Netanyahu lova å opne opp att «blokaden» straks Hamas sende tilbake gislane dei hadde teke under terror-raidet inn i Sør-Israel. Men det tilbodet tok Hamas ikkje imot. Lidingane til folket i Gaza betydde mindre for dei enn å ha 199 gislar dei kunne pina og drepa om dei fann det for godt! Og NRK-korrespondenten understøtta dette med å seia at gislane var palestinarane sitt sterkaste kort overfor Israel.  

Pasjonsblomst
Sivile lidingar, «et nødvendig onde»?

For å spara sivile liv i denne krigen, sende Israel flygeblad og meldingar til dei sivile i Nord-Gaza og bad dei rømma sørover. Kvifor? Jau, enkelt og greitt fordi våpenlagra, rakettbasane og kommandosentra til Hamas brukte dei som skjold. 

Hamas svara med å forby evakueringa og blokkera vegane sørover. Bilete av dette er vist på ILTV og israelskvennlege media.

NRK og liknande pro-palestinske, anti-jødiske media går terroristane sitt ærend. Dei presenterer bileta terroristane vil skal gå om att og om att. I tillegg legg dei opp til ein «konkurranse» med kor mange drepne, såra og mishandla det er på begge sider. Er det deira ideal at det skal vera mange såra, drepne eller mishandla på begge sider? 

Hadde Hamas frigjeve dei 199 gislane slik Netanyahu bad dei om å gjera, kunne vatn, elektrisk straum m.m. verta slege på simultant med at dei bortførde vart overlevert på grensa. Men det var sikkert uinteressant fordi då vart propagandaeffekten lik null, og terroristane hadde gjeve frå seg «sitt sterkaste kort»! 

Med rett politikk kunne både Vestbredden og Gaza vore like blomstrande som Gaza var det då Israel overleverte området i 2005! Palestinarane har i tillegg fått enorme summar frå både Noreg og andre land, men ikkje brukt dei for å skapa gode levevilkår for folket. Ideen med «Land for fred» vart til «Land for terror», og i staden for betre sosiale kår, lønn til dei som drep jødar!

Pavlovs lov?

Russaren Ivan Pavlov (1849-1936) gjorde eksperiment og viste heile verda at det fanst noko som kunne kallast «psykisk sekresjon». Når  hunden hans var van å få mat, vart den fysiske prosessen sett i gang sjølv om det ikkje var mat der og då.

I mitt tilfelle kunne Pavlov ha forska på «psykisk-media-sekresjon». Når klokka går mot 7 på kvelden, er heile meg innstilt på først "Dagsrevyen", og så «Distriktsnyheiter» dei dagane det er det. Det og verkar til å vera ein slags psykisk, ubevisst sekresjon..

Vanens makt

Då eg vaks opp, vart det snakka om «vanens makt». Den måtte me passa oss for. Og, for å verta fri ein dårleg vane, måtte ein få ein god vane i staden. Ho mor beviste det med at då ho var «husbestyrerinne» for ein dokter i Telemark, fann dokteren at røyking var ein dårleg vane. Han bestemte seg for å slutta tvert! 

Etter det fann dei små, runde steinar i bukselommene hans når dei vart sende på vask. Når røykelysten kom over han, putta han ein rund liten stein i munnen og saug på han til lysten gav seg! Så - kvifor skulle ikkje eg og greia å bryta ein dårleg vane?

Nytting NRK-erstatning...

«Forglemmeiei»

Eg er glad i blomster som du kanskje har sett av bloggen min. Ein av blomstrane har det fine og poetiske namnet «Forglemmegei». (Namnet kling mykje betre enn det ser ut på skrift). Nynorskordlista til Kunnskapsforlaget føreslær «Forgløymmegei», men det er heilt ubrukeleg i min munn. Det andre forslaget, «Minneblom», er betre, men manglar spenst og klang.

Uansett, for å motverka NRK-uvanen min, tok eg til å brodera. Eg  broderer «forglemmeiei»!
Broderiet vart selt på ein bruktforretning i Sør-England fordi fargetrykket hadde kome skeivt i høve til strameien. Men det går heilt fint. Det er mykje betre tidtrøytte enn «Dagsrevyen» og anna NRK-nytt. Det er mykje skeivare og verre å få orden på!

Stinga, halve korssting, går mot høgre. Gjer eg feil og dei vrir seg mot venstre, - det skjer når tankane er mine på vandring, tek eg det samvitsfullt opp att. Sjølvsagt!

Kva eg tenkjer på medan eg broderer? 

Alt mogeleg, men ofte langs same linjene som poeten i den bibelske salmeboka:

 «Gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand gløyma meg! 6 Gjev tunga må hanga fast ved ganen om eg ikkje kjem deg i hug, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede!» (Sal 137,5-6). (i)

Han som jøde, - eg som ikkje-jøde, deler noko av evig verdi. 

I lag …..

           
(i) Som normalt i denne bloggen, er bibelsitatet frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.
------------

 Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar