søndag 15. oktober 2023

Bed om fred for Jerusalem!

Lat det gå dei vel som elskar deg! Gjev fred må råda innanfor dine murar, ro i dine salar! For mine brør og mine veners skuld vil eg seia: Fred vere i deg!
(Sal 122:6-8)

No har det mange har vore så redde for, skjedd. På den siste, store dagen i Lauvhyttehøgtida gjekk terroristar frå Hamas inn i Israel frå Gaza. Seinare har terroristar frå Libanon kome med i krigen. Med grov vald og alvorlege krigsbrotsverk har desse Iranstøtta organisasjonane sett i gang det dei har skrive i sine «charter»: Vårt mål er å drepa jødar og utsletta Israel!

Aviser og andre media er fulle av informasjon om det som hende. «Jerusalem Post» si engelskutgåve høyrer med til det eg les dagleg. I tillegg kjem «Times of Israel» og forskjellege andre. For første gong har eg kjøpt «ILTV» sin «app». Han kosta meg 1 149 kroner for eit år, men gjev meg fri tilgang til den informasjonen dei sender ut (i).

Skjermdump frå "Times of Israel", 12.10.23
Vanskeleg å kalla Hamas ein terrororganisasjon?

Trass dei bestialske drapa på sivile, sat det langt inne for regjeringa vår å setja rett namn på Hamas. Motiva til statsministeren og utanriksministeren forstår eg ikkje, men kanskje dei ynskte å gjeva Hamas «tilbod om freds-forhandlingar» på eit luksushotell på Gardermoen slik dei gjorde med Taliban? 

Er det av naivitet eller hovmod som ligg bak ei slik haldning? Som me veit, var alle dei fine lovnadane som vart publisert etter den «konferansen», og draumane den norske regjeringa presenterte, berre løgn og luftslott. For terroristane var det derimot ein klapp på skuldra?

Er venstrevridde media sannings-sky?

NRK held trufast fast på at terroren kjem «på grunn av Israel sine overgrep mot palestinarane», og at «Gaza er verda sitt største fengsel». Både han som no er korrespondent der nede, og ho som var der tidlegare, gjer sitt beste for å sverta jødane. Den linja har vårt statlege medium (NRK) fylgt trufast tiår etter tiår. Noko von om rettferdige og realistiske rapportar frå Israel, må me framleis venta på, ser det ut til!

Skjermdump frå "Israel today", 12.10.23

Korleis kunne dette åtaket koma så overraskande?

Det spørsmålet går att mange stader, og med god grunn. Men eg slit med eit anna spørsmål. 
 
I bønneemna som kjem kvar fredag frå «Intercessors for Israel» (IFI), har det gått att eitt bønneemne eg ikkje greier å leggja frå meg. Det er ei bøn om at finansieringa av protestmarsjane mot den lovleg valde regjeringa i Israel, må verta offentleg kjent. Det vert sagt der nede at mykje av finansieringa kjem frå utlandet, men ingen vil fortelja kvar pengane kjem frå. 

Teoretisk kan det vera «kven som helst», - til og med Iran og Hamas. Det er i alle fall ingen tvil om at Hamas har gjort alt dei kunne for å lura Israel. Situasjon, der både regjeringa og folket var opptekne med indre uro i tillegg til lauvhytte-høgtida, gav det absolutt ideelle tidspunktet for eit åtak. No kom dei lett fram landevegen, over Middelhavet, gjennom tunellar gravne langt inn i Israel, - ja, til og med gjennom lufta! (ii)

Skjermdump frå "Jerusalem post" 12.10.23

I militære rekkjer, i den delen som skulle utgjera reserven i tilfelle åtak på landet, var det fleire tusen som sa dei ikkje ville møta om dei fekk ordre. Kanskje det er grunnen til at reservestyrkane som no har stilt fulltalig opp, ikkje har det utstyret dei treng? Kva utstyr treng soldatar som vil nekta ordre?

Men, HALLELUJA, då Hamas gjekk inn i Israel for å drepa og mishandla uskuldige, samt føra menneskje som gislar til Gaza, møtte alle solidarisk opp. Alle innsåg alvoret og kom, - soldatane i militæret, blodgjevarane sjukehusa trong så sårt for å hjelpa dei skadde, og dei som skaffa utstyr til reservetroppane som no lydde ordren dei fekk. 

Dette er eit stort takkeemne som me skal leggja fram for Gud (Adonai) når me bøyer våre kne og våre hjarte for Han som valde ut Abraham for fire tusen år sidan. Han sa:

«Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort, og du skal verta til velsigning. Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som forbannar deg, vil eg forbanna. Og i deg skal alle ætter på jorda velsignast.» (1.Mosebok 12,2-3).

Dette er valet vårt både som enkeltindivid og som nasjon.
Lat oss be om at regjeringa og folket vårt
(inkludert NRK) vel velsigninga!

For oss som trur Guds Ord, er valet enkelt:

GUD, VELSIGN ISRAEL

----------------
(i) Lenge har ILTV sine nyheiter vore ein fast del av kvelden min saman med Dagsrevyen og Distriktsnytt.
(ii) Det siste verkar som eit propaganda-stunt!

-------------------- 

Det er forbode å bruka bilete og tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar