søndag 24. september 2023

 Me skal ha respekt for det heilage

I forrige innlegg siterte eg noko Paulus skreiv til sin åndelege son Timoteus. Der skriv han om «Dei heilage skriftene» som var «Tanack», - det som på grunn av ei feilomsetjing har fått namnet «Det gamle testamentet». 

Jesus sa: «For sanneleg seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå, før det har hendt alt saman». (Matt 5:18). Her snakka han om Loven eller Toraen. Dette seier oss at medan himmel og jord skal gå til grunne ein dag, skal Guds Ord vara evig.
No har me i tillegg til Tanack (GT), «Den nye pakt» som er siste del av Bibelen, kalla «Det nye testamentet» (NT). 

På engelsk finne me endå denne tittelen
For meg – og uten tvil for mange andre, er heile Bibelen ei heilag bok. Gjennom den talar Gud til oss og gjev oss evig liv inn i vårt daglege. Ja, Paulus seier at «Ordet» er «levande» (Heb.4,12). Peter vitnar om at me vert frelste ved Gods Ord «som er levande og vert verande». (1.Pet.1,23).

Guds heilage Ord

Nynorskordboka (i) skriv at heilagt er noko «som er knytt el. vigd til el. står nær guddomen; opphøgd over alt verdsleg; guddommeleg; som er føremål for religiøs vørdnad el. dyrking; ukrenkjeleg».

At Bibelen er heilag, har vore det tradisjonelle synet heilt frå den aller første kristne tid. Det er på den bakgrunnen at kongar og andre som skulle innsetjast i viktige embete, måtte lova truskap med handa på Bibelen. Boka var heilag, og dei som avla eid, kunne ikkje bryta eiden uten å koma under Guds dom.

I Exeter, England, godtok loven at jødane kunne avleggja eid med handa på Toraen, slik dei kristne i landet gjorde det med handa på Bibelen. Begge bøkene var heilage og kunne derfor fungera på same måte etter deira lov.

Om det finst liknande praksis i andre religionar, veit eg ikkje, men både hinduismen og muhameda-nismen har sine heilage bøker som dei set svært høgt. Det er bøker som er heilage for dei, og uansett kva eg meinar, så pålegg Bibelen meg å respektera deira kjensler.

«På dette kviler heile lova og profetane»

Ein jødisk skriftlærd spurde Jesus om kva som var det største i Toraen, og fekk dette svaret: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit. 38 Dette er det største og det fyrste bodet. 39 Men eit anna er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv. 40 På desse to boda kviler heile lova og profetane.» (Matt 22:37-40)

Tidlegare hadde Jesus lært folket: «Difor, alt det de vil at menneska skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei! For dette er lova og profetane». (Matt 7:12).

Ut frå dette er kjærleiken til Gud, og kjærleik til våre medmenneske sett opp ved sida av kvarandre. Gud elskar oss, og me skal elska oss sjølve slik at me oppfyller «lova og profetane». Det var Tanack (GT) for dei den gongen. For oss i dag er det heile Bibelen. 

Jesus ord betyr enkelt at når me skadar eller sårar andre menneskje, går det og ut over oss sjølve. Om ikkje dette kjem til synes med det same, vil me før eller seinare hausta det me sjølve sådde. (Gal. 6,7). Om ikkje før, så når me står for Guds domstol. (Op. 22,12).

Muslimane si heilage bok

Norsk lov er synd mot Guds Ord.

Guds Ords dom gjeld dermed også brenning av både Bibelen, koranen og andre bøker som vert rekna for heilage. Slikt er synd, og all synd vert lønna med døden. (Rom. 6,23a).

Skilnaden på bibelsk og muslimsk lovgjeving

Den store forskjelen mellom Bibelen si lære og Koranen si lære, er ikkje at det er synd å brenna det som heilage for andre. Skilnaden er berre kvar og når dommen kjem.

Bibelen lærer oss at alle menneskje ein dag skal fram for Guds domstol og dømmast etter sine gjerningar.(Opb.20,13d). På det nivået er dommen evig. Der er ingen veg tilbake og ikkje høve til å angra. Men Gud kan og dømma oss med me lever her på jorda, enten me trur det eller ikkje. (ii)

For muslimane er koranbrenning grunnlag for dødsstraff her på denne jorda. Det vekkjer sinne og raseri slik me har sett mange døme på siste tiåra.

At blasfemiparagrafen vart stroken, er ein skamplett i moderne lovgjeving

For meg er blasfemiloven og retten til å håna, spotta og øydeleggja det som er heilagt og kjært for andre, uetisk og – som me ser, synd etter Guds Ord. Ja, det er ein arv frå Stalin-regimet der religionen var «opium for folket». Statsapparatet med både lovgjeving og opplæring,  vart brukt for å øydeleggja alt som hadde religion og religiøse kjensler å gjera. 

Som bibeltruande, støttar eg muslimane sine protestar mot koranbrenning, og som dei, er eg og overtydd om at denne synda – som alle andre andre synder, ligg under Guds dom. Men eg støttar ikkje bruk av vald mot menneskje som gjer slikt.

Muslimske land og einskild-personar må gjerne slutta å handla med land som tillèt brenning av Koranen. Dei er i sin fulle rett. Landa må og gjerne bryta diplomatiske band med land som tillèt skjending av deira heilage bok. Så langt har eg ikkje problem med å stå bak deira krav om lovendring.

Eg er derimot ikkje eining når dei vil drepa menneskje som gjer slike ting. Ut frå det min Bibel lærer meg, høyrer den dommen Gud til. (Rom. 2,6).

-----------------
(i) «Nynorskordboka. Definisjons- og rettskrivingsordbok». Det norske samlaget, Oslo 1986, s.266.
(ii) I etikken, vert dette kalla «konsekvensetikk», t.d. slik Kant la det ut.

................. 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar