søndag 8. juni 2025

Spania og spansk soge i miniatyr

Eit regionshistorisk skodespel

I går kveld var me på «Puy du Fou» og såg forestillinga der frå 22.00 til 23.30. «Puy du Fou» er eit fransk selskap, men har etablert «Sueños de Toledo» med eit enormt uteteater i nærleiken av byen. Der fekk me sjå utdrag frå spansk soge fram til vår tid.

Der var minst 3000 menneskje på forestillinga. Framfor oss vart det vist scener og lysshow som illustrerte viktige hendingar og epokar.

Detalj frå benkerad i katedralen i Toledo (1)
Rundt 1000 f. Kr. vart landet koloniseret av fønikarar og andre, etterfylgt av Hellas og Kartago. Så kom romarane som med tida misste landet til germanske inntrengjarar. Etter dei kom muslimane eller «los moros». 

Då desse var kasta ut på 1400-talet, gifte «den katolske» Isabella som rådde over Castilla og Leon, seg med Ferdinand av Aragon. Med sterk støtte frå den romersk-katolske kyrkja vart det så i 1492  gjennomført tre viktige ting:

Spania vart samla til eitt rike, ein prosess Noreg hadde gjenomgått rundt 500 år tidlegare. Det neste var at Colombus vart send ut for å finna «vegen til India». (i) Det tredje var å utvisa alle jødane som ikkje ville omvenda seg og verta katolikkar.

Av alle religionane i verda, er det berre tre som vert kalla «monoteistiske». Alle desse tre levde side om side og meir eller mindre tolererte kvarandre i Spania fram til 1400-talet. 

Litt om dei tre monoteistiske religionane

Den eldste monoteistiske religionen, og mor til dei andre, er jødedommen. Jødane sin ættefar Abraham levde frå 1812 til 1637 før Kristus. Same utrekningane seier at Moses leidde jødane ut frå Egypt i år 1273. Først då Gud gav dei bodorda og forskriftene (Toraen) på Horeb i Sinaiøydemarka, kan me snakka om jødedommen som ein religion, og jødane som ein nasjon. 

Detalj frå benkerad i katedralen i Toledo (2)
Noko av det typiske ved jødedommen er at han ikkje har som mål å breia seg ut over jorda eller leggja under seg andre folkeslag og rike. Gud gav jødane eitt avgrensa landområde i Midtausten. Dette området, Eretz Israel, byggjer på Guds pakt med jødane, og dei misste det på grunn av utruskap mot pakta. I endetida, den me er i no, skal dei få landet tilbake fortel mellom andre profeten Esekiel. (ii) I heile GT (Tanak) er det berre profeten Jonas som vart send av Gud til andre enn jødane. (iii) 

Jesus var jøde. Han kjende frå barndommen Skriftene (= GT), og hadde ikkje noko ekspanderande mål ut over Jødeland. Derfor sa Han til den kananeiske kvinna: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene av Israels hus!» (Matt 15,24). Tenesta hans var dermed heilt i tråd med jødisk tradisjon for ein rabbi. 

Kristendommen vert til tider rekna frå år 0 (iv), dvs. Jesu fødsel, men eigentleg starta den nye retningen av jødedommen (v) først etter at den lidnade Messias hadde avslutta si offerteneste. Han proklamerte då: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda! 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!» (Matt 28,18-20). Kristendommen fekk med dette eit åndeleg kall til å vinna verda, - ikkje eit kall til å innta geografiske område.

Detalj frå benkerad i katedralen i Toledo (3)
I realiteten var starten på kristendommen eit jødisk tiltak. Berre få innslag av ikkje-jødar fanst, noko bøkene i Det nye Testamentet klart viser. Men etter kvart vart talet på ikkje-jødar større enn talet på jødar, og kristendommen endra karakter.

Kanskje det er rettast å seia at først under kyrkjemøtet i Nikea i 325 fekk kykja fekk den profilen ho har i dag. Møtet var innkalla av keisar Konstantin, og vedtaka vart retningsgjevande for kyrkja sitt ansikt utad, både åndeleg og politisk.

Frå no av er utbreiinga av Jesu lære ikkje lenger berre eit åndeleg prosjekt, noko spansk soge så grundig viser. Religionen vart brukt som grunngjeving for politisk makt og overgrep både i den «gamle» verda og områda oppdagarane la under seg.

Den tredje av dei monoteistiske religionane, Islam, vart grunnlagt av Muhammed som levde frå om lag 570 til 632 e. Kr. Etter sagnet fekk han sitt profetkall under ramadan i 610, så me kan vel rekna det som fødselsår for muhammedanismen eller Islam. Heilt frå starten av var islam ekspansiv og brukte alle midlar for å breia ut Muhammed si lære. 

Under muslimane i Spania var både kristne og jødar «dhimmi», det vil seia «verna personar» som fekk bu i landet mot ei ekstra avgift og under visse definerte reglar. Dei kristne jaga muslimane frå landet under frigjeringa, og etterpå vart jødedomen forbudt ved politisk vedtak.

Eg vonar å koma med fleire detaljar om dei forskjellege epokane i tida som kjem... 

-------------- 

(i) Amerika fekk namn etter Amerigo Vespucci, den italienske oppdagaren som beviste at det nyoppdaga landet ikkje var India, men noko heilt ukjent!

(ii) Til dømes kap. 37. 

(iii) Han vert kalla «misjonæren mellom profetane», ein tittel som sikkert kan diskuterast. 

(iv) Det er meint at år 0 på vår kalendar er feil, og at det er ein feilmargin på kanskje 4 år. Dette ser eg bort frå her. 

(v) Eg føl Paulus sin tankegang i Rom 11, 13-24 der han kallar jødedommen «det gode oljetreet» som me ikkje-jødar ved tru (lik Abrahams. Sjå Rom 4,1-13) er pota inn.

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg kløyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar