søndag 1. juni 2025

 Jødehat, og antisemittisme

Skjermdump frå Jerusalem Post 27.05.25
Den 27. mai hadde Jerusalem Post eit stykke av Mathilda Hellermay der ho intervjua den norske utanriksministeren Espen Barth Eide på King David hotell i Jerusalem. Han var der i samband med eit IHRA møte. (i) Som naturleg i den samanhengen, gjorde Barth Eide så godt han kunne for å rettferdiggjera seg sjølv, regjeringa og landet han representerer for alt som har med jødehat og anti-semittisme å gjera. Berre høyr her:

«Eg er svært glad i Israel og det israelske folket, men eg er ikkje alltid så glad i det regjeringa (i Israel) gjer». (ii)

«Eg er 100 % heilt, kvar dag og kvar natt, mot antisemittisme». (iii)

Dette er store ord av ein som trufast har ført vidare den anti-israelske politikken som regjeringa og tidl. utanriksminister Anniken Huitfeldt førde. Han representerer dessutan ei regjering som er halde oppe av dei antisemittiske og anti-israelske kreftene som kvar 1. mai ropar ut sitt syn under oppmarsjar og i media frå sør til nord i landet vårt.

Dei «stakkars palestinarane»…

Gaza kunne vore fult av blomstrar
 om det hadde vore Hamas sitt må
l

For å rettferdiggjera sin kritikk av Israel og sitt arbeid for å hindra Israel i å få varig fred innanfor trygge grenser (iv), går Barth Eide så over til å snakka om «stakkarane» i Gaza og i «dei okkuperte områda» som han kallar Judea og Samaria. Han meinar Israel har eit tydeleg ansvar for å hjelpa desse med alt det dei treng, eller i det minste lata andre gjeva den hjelpa som trengst.

«Palestinarane» er dei einaste flyktningane i verda som har fått hjelp frå verdssamfunnet i over 75 år. Dei har behalde «flyktningestatusen» to eller tre gonger lenger enn alle andre flyktningar. Normalt vert flyktningar integrerte i samfunnet der dei er, eller i andre land om ikkje dei kan venda heim att av forskjellege årsaker. Noreg har til dømes teke mot mange slike under namnet «kvoteflyktningar». 

Desse som Barth Eide stiller seg i bresjen for, får årleg støtte frå FN, Noreg og andre land. Dei har eit skuleverk som opplærer i jødehat og kallar slike som drep jødar, for heltar. I tillegg går  internasjonal støtte til «pay for slay». Denne ordninga, som Abbas lova å få slutt på, går for fullt, men er «gøymt» under andre rubrikkar i budsjettet. Som me veit, jo meir vellukka terrorangrep og jo fleire jødar som er drepne eller skamfarne, jo betre er «pay for slay»-løna. Alt dette er offentleg kjent.

Noreg vil arrestera israleske topp-politikarar!

På spøsrmål om ICC’s (v) arrestordre mot Netanyahu og tidlegare forsvarsminister Yoav Gallant, seier Barth Eide at Noreg (sjølvsagt?) vil gjera dette fordi Noreg er bunde av avtalen med ICC. Og han legg til:

«Noreg var eit av dei første landa som godkjende Israel (og) Israel har vore sett opp til, ja, sett svært høgt opp til, i Noreg.

På fruktene skal treet kjennast!
Når sant skal vera sagt, har det funne stad ei utvikling som me ikkje likar. Men eg vil bruka alle anledningar til å gjera det klårt at Noreg ser på seg sjølv som ein sann ven av Israel, og sanne vener må samstundes fortelja venen sin at han går feil veg. Eg meinar at om eg gjekk feil veg i mitt eige liv… så burde beste venen min fortelja meg det, at eg burde leggja om kursen». (vi)

Til dette er det berre å be om at Barth Eide – og for den del Støre – sine gode vener vågar å fortelja dei at dei er fører seg sjølve og landet vårt i ulukke med politikken sin. Det fortel i alle fall Guds Ord alle som vil lesa det.

Nei takk til antisemittisk kvitvasking

Også Barth Eide veit at om arabarane hadde godteteke delinga Folkeforbundet laga i 1947, den som jødane godtok, hadde det ikkje vore aktuelt å tvinga gjennom eit «fritt Palestina» i Judea og Samaria no. Han veit og at det var Hamas som starta krigen med overfallet på sivile i Sør-Israel 07.10.23. Dei drap nesten 1200 menneskje og tok fleire hundre levande og døde med tilbake til Gaza. Kvar einaste av desse over 400 dagane sidan kunne Hamas gjeve tilbake dei bortførde og fått slutt på krigen. I staden brukar dei fangane som pressmiddel, driv krig med kvinner, born og eldre som skjold, osv, osv.

Inkvisisjonens stempel på eit skåp i ein gammal
jødisk synnagoge, no er museum, i Toledo, Spania
Mi gjennomlesing av M. Hellermay sin samtale med Barth Eide, gjer at eg sit att med eit trist inntrykk. Samstundes som utanriksministeren prøver å teikna eit glansbilete av seg sjølv, av «oss» nordmenn og Noreg som land, står han støtt med dei som hatar jødane og vil dei vondt. 

Kunne me måla Huitfelds, Barth Eides og Støre sine ord om denne konflikta i liter, ville deira kritikk av Hamas og alle dei andre som vil utsletta Israel og drepa alle jødane der, truleg få plass i ei fingerbøl. Anti-Israel-utspela derimot vert eit hav!


-------------------

(i) IHRA står normalt for The International Holocaust Alliance som vart grunnlagt i 1998, og hadde då 35 medlemsland.

(ii) Mi omsetjing av: «I am very fond of Israel and Israel’s people. I am not always so happy about what the government does.» (Parantesen er sett inn av meg for samanhengen si skuld).

(iii) Mi omsetjing av: «I am 100% totally, every day and night, against anitsemittism».

(iv) Med Intifadaen i tankane, Hamas sitt angrep 07.10.13 og Hizbolla si enorme oppbygging i Sør-Libanon for å utrydda Israel og drepa alle jødane i landet, er grensene for ein «palestinsk stat» i Judea og Samaria, ei klar støtte til dei som ynskjer Israel og israelittane sin død og undergang. 

(v) ICC er International Criminal Court med sete i Haag, Nederland. 

(vi) Mi omsetjing av: «Norway was one of the first countries to recognize Israel (and) Israel has a very high esteem in Norway, to a very high degreee.  Of course, this has also been met with the disappointment of developments that we don’t like. But I will use any opportunity to make clear that Norway sees itself as a true friend of Israel, and true friends sometimes have to tell their friend when we think they are on the wrong track. I think if I do something wrong in my personal life… my best friend should come and tell me that, you know, you need to change course». 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar