søndag 22. juni 2025

Omvisning på første jordbruksskulen
i Israel.

 «Det gror ikkje gras på ein allfarveg»

Dette sa dei gamle, - før asfalten var oppfunnen. Orda vitnar om ei tid då folk gjekk til fots eller køyrde med hest og kjerre og trakka ned gras og anna etter kvart det kom opp. Men tanken kan og brukast i større, geografisk målestokk, trur eg.

Ordtaket dukka uansett opp i tankane mine med eg  samanlikna spansk og norsk soge. Vårt vesle land langt oppe i det kalde, nordvestlege hjørnet av Europa, fekk ei etter måten roleg utvikling. Landet vart samla til eitt rike tidleg, enten det skjedde av Harald Hårfagre før år 1000 slik me lærde på skulen, eller litt seinare. Landet vart lite herja av framande makter. Det var heller «me» som reiste ut, enten det var som handelsmenn eller krigarar.

Kristendommen kom relativt seint til landet. Me veit heller ikkje når dei første jødane kom, men det var uansett svært seint sett samanlikna med Europa elles.

Her på verkstaden vart våpen reparert i 1948
og den berømte Davidkaen oppfunnen.
Spania, derimot, låg ved «Havet midt i verda». Rundt det låg dei kulturnasjonane som er opphavet til vår euro-amerikanske kultur i dag. Frå urgammal tid gjekk det skip aust og vest, ut og inn. Ein smal havarm skilde landet frå Afrika i sør, og i nord ligg landevegen open mot Frankrike og landa vidare nord- og nordaustover. Frå alle kantar dukka opp folk som ville ha makt, noko som gjorde at Spania først i 1492 vart det me kan kalla «eitt (og spansk) rike». Det skal eg koma tilbake til seinare om eg får helsa og levedagane.

Når kom jødane til Spania? 

Nokre meinar dei første jødane kom etter at templet vart øydelagt i 587 f. Kr. Andre trur dei kom seinare, og då først og fremst etter øydelegginga av Jerusalem i år 70. 

Identifiseringa av Spania som Sefarad, er og uråd å tidfesta. Det me veit, er at profeten Obadja skriv om jødar som skal verta drivne bort frå landet sitt, og seier: «- og dei frå Jerusalem som er i eksil i Sefarad, skal ta byane i Negev.» (i) 

Når denne profetien vart skriven, er uvisst. Obadja kan ha levt om lag 800 år før Kristus, eller 300 år seinare. (ii) Sefarad, som namn på Spania, dukka truleg opp 1000 år etter Kristus. Først og fremst etter at jødane vart kasta ut av Spania i 1492, kom ordet i vanleg bruk og dei bortviste jødane vart kalla «sefardiske jødar».   

Uten slit og trua på «Eretz Israel»,
ville landet ikkje eksistert i dag..
Litt om språk.

Jødane vart også kalla «hebrearar» og språket deira vart kalla «hebraisk». Det er eit gammalt semittisk språk i slekt med andre språk i Midtausten. Desse språka har det til felles at dei vert skrivne med eigne teikn og frå høgre mot venstre. Altså motsett det som er vanleg i vår kultur i dag.

På Jesu tid var arameisk mykje brukt i Jødeland. Frå starten av var arameisk det me kallar «trade language», altså eit språk brukt som «bru» mellom forskjellege folk i samband med handel osv. Vår Bibel har få arameiske sitat, til dømes Jesu ord på krossen: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» (Matt 27, 46b).

Det er vanleg meint at hebraisk gjekk etter kvart ut av daglegtalen til fordel for andre språk. Derimot i religiøs samanheng var hebraisk uløyseleg knytt til trua.

Dette gjeld like mykje i praktisk arbeid
som i utviklinga av moderne hebraisk.


Den sionistiske oppvakninga 

Då sionismen tok til å gjera seg gjeldane på 1800-talet, var hebraisk rekna for eit utdøydd språk. Det eksisterte skriftleg i religiøse samanhengar, men jødar flest snakka enten «Yiddish» eller «Ladino». 

«Yiddish» er eit blandingsspråk med tilknytning til gammal-tysk, brukt av aschkenasiske jødar. Dette språket var det dominerande i nordlege delen av Europa og var det språket dei jødane som etter kvart busette seg i Noreg, brukte seg i mellom.

«Ladino», også kalla «Sefardisk», er eit språk som utvikla seg i Spania i mellomalderen, og som etter 1492 spreidde seg til Nord-Afrika og rundt Middelhavet dit jødane rømde. Etter som fleire og fleire jødar kom seg over til Sør-Amerika, vart det og vanleg brukt mellom jødar der.

På denne bakgrunnen, og ut frå draumen om «Eretz Israel», slik eg forstår det, var det Eliezer Ben-Yehuda (iii) starta arbeidet med å vekkja til live det hebraiske språket. I dag er det Israels nasjonalspråk og tilpassa alle sider av eit moderne samfunn, både til vitenskap og daglegliv. Likevel er Yiddish og Ladino framleis i bruk og særleg mellom jødar utanfor Israel.

I komande bloggar vonar eg mellom anna å finna ut meir om jødane i Spania, og kvifor Ladino, trass alt det vonde som vart gjort mot jødane der, framleis eksisterer og står så sterkt i mange jødiske samanhengar.

-------

(i) Siste del av vers 20 i Obadjas bok.

(ii) Han skriv om fiendar som erobra Jerusalem. Det er då særleg to tidspunkt som er aktuelle. Det skjedde i kong Jorams tid, ca 850 år f.Kr. Det same skjedde då babylonarane kom i 587 f. Kr. 

(iii) Eliezer Ben-Yehuda, f. 1858 i Luzhky, Kviterussland, d. 1922 i Jerusalem. Ben-Yehuda gjorde aliyah i 1881. Han gav ut første ordboka i moderne hebraisk i 1904. Ein stor del av arbeidet med å gjera hebraisk til eit funksjonelt dagleg-språk, var konstruksjonen av ord som gammalhebraisk ikkje hadde. 

---------------

Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing. Bileta er mine eigne.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar