onsdag 18. august 2021

 

Med empati som våpen

Dei to siste åra har bloggen min vore innom tema knytt til Israel og jødar både i 1940-45 og elles. Det er framleis eit av mine interessefelt.

I år har eg lese og tenkt på ting Ingeborg Solbrekken tek opp i boka «Med empati som våpen», ei bok Genesis gav ut i 2004. Hovudpersonen, Amalie Christie, var frå Vidarshov på Hedmarken. Med sin sosiale status, si utdanning som musikar i Tyskland, og gjennom sitt kontaktnett med jødiske musikarar, kom ho til å spela ein viktig rolle i både motstandsrørsla og med å hjelpa jødar under og etter krigen. Ei interessant bok.

Kapittel 10, «Jødearrestasjonene»

Kapitlet fortel om korleis «Den norske forvaltningen tilpasset seg glatt okkupasjonsmakten. Mange sorenskrivere, lensmenn og byskrivere over hele landet gikk tilsynelatende ureflektert i gang med å registrere jøder. I administrasjonsrådets møteprotokoll av 16. mai 1940, opplyser jøssingpolitimester Welhaven at han har fulgt tyskernes pålegg om å inndra jødenes radioapparater utan å vente til saken var behandlet i overordnede instanser. -----

Den norske politisjef Karl A. Martinsen sendte søndag 25. oktober samme år et kodet telegram til samtlige norske politikamre, der han beordret alle jødiske menn med J-stempel i passet arrestert frå klokken seks om morgenen mandag 26. oktober 1942. Deres formuer skulle deretter beslaglegges og jødiske kvinner pålegges daglig meldeplikt. Aksjonen hadde vært under planlegging i norsk statspoliti og politidepartementet siden fredag, hvor flere tjenestemenn deltok i å sette opp navnelister og trykke skjemaer.

Det norske statspolitiet utviste her en uforbeholden lojalitet til Quisling og de tyske okkupantene». (Sitat frå sidene 45 og 46).  

Norsk politi og rettsvesen sine handlingar under og etter krigen, er trist lesing. Samstundes er det lett å kritisera og ha meiningar om kva dei burde ha gjort, ikkje minst for oss som aldri har vore oppe i noko liknande.

Årstala i desse avsnitta kan ikkje stemma. Først står mai 1940. Seinare står det at 25. oktober samme år (1940?) gjekk ordren ut om å arrestera alle jødiske menn. Arrestasjonane skjedde 26. oktober 1942, dagen etter at ordren vart utsendt så langt eg forstår av samanhengen. Ikkje over to år på førehand. Hovudpersonen i boka og andre greidde likevel å berga nokre jødar unna politiet og tyskarane sine klør. Mellom anna pianisten Ernast Glaser.

I heimen til familien Christie budde ein halvjøde som ikkje var registrert nokon stad. Men dei på lennsmannskontoret i Vang visste det. Dei oppgav han, og kom med arrestordren alt 26. oktober.

Mankiewics, som mannen heitte, gjekk med cyanidtablettar i lomma, og tok desse i arresten. Han ante kva som venta han. Liket vart sendt tilbake til folket på Vidarshov, og han vart gravlagd på Vang kyrkjegard.

Ei spanande bok om ein interessant person

« - Fire uker etter at Mankiewics var tatt, ringde de fra Vang lensmannskontor. Likrøvere frå lensmannsetaten skulle komme og hente hans kommode, hans seng, hans klær og verdisaker. Hva synes du? Det er så vondt at man klarer neste ikke å snakke om det! Og hvem visste om den lille familien på Hjellum stasjon, et kvarters vandring fra oss? Familien Glott med små barn og alt. Nei, jeg kan ikke snakke om det, det er så grusomt. Også disse menneskene ble angitt av lensmannsetaten». (s. 49).

Kapittel 18 «Frå streng jøssing til silkefront»

Her kan me lesa om korleis nazistar, nazi-symaptisørar, tyskarjenter og tyskarborn vart dømde etter krigen. Her kjem mange opplysningar om etterkrigsoppgjeret som ikkje er kjekke å lesa. Eg sjølv vaks opp med glansbiletet av norske heltar, og tyske og norske anti-heltar. Svart og kvitt. Og stakkars den som meinte noko anna.

Forfattaren brukar «jøssing» slik eg lærde då eg var liten: «Begrepet Jøssing, kom først i omløp i våren 1941, som en betegnelse på en anti-tysk og NS-fiendtlig nordmann». Men når forfattaren plasserer Jøssingfjorden i Sogn, er det eit bomskot:

Jøssingfjorden, ein smal fjord i Sokndal kommune, var sentrum for eit storpolitisk oppgjer 14. februar 1940. Det tyske forsyningsskipet «Altmark» var på heimveg med 300 engelske krigsfangar. Det hadde fått løyve til å bruka norsk territorialfarvatn og vart eskortert av ein norsk tropedobåt.

«Altmark» vart oppdaga av britiske fly, og ein britisk jagar gjekk for å ta han. Tyskarane gøymde seg i Jøssingfjorden i Rogaland. Noreg var på det tidspunktet eit «nøytralt land», og den norske torpedobåten vart liggjande på vakt i fjordmunninga for å stoppa engelskmennene. Til inga nytte. Heldigvis!

Trass juridiske retningslinjer som ikkje gav engelskmennene rett til å gå inn i norsk farvatn, gjekk jagaren «Cossack» inn fjorden og tok opp kampen. Tyskarane tapte og dei engelske krigsfangane utfridde og tekne til England. Ut frå desse hendingane vaks begrepet «jøssing» fram…

«Silkefront» versus «Isfront»

Boka brukar desse orda som indikatorar på to retningar i oppgjeret etter 1945, både det juridiske og det sivile. Slik boka framstiller det, vart dei som hadde hatt kontakt med NS og tyskarane, møtte med ein isfront, medan mange som hadde spelt på lag med tyskarane, vart tekne på med silkehanskar. Til dømes norske politifolk. Norske musikarar som hadde spelt etter oppdrag av tyske eller norske NS-myndigheiter, vart hardt dømde, trass at mange ikkje hadde hatt tysk- eller NS-sympati.

Det er vel ikkje utnaturleg å tenkja at for mange var det naturleg å ta hemn, men ein del av det som vart gjort, stiller landet og rettsvesenet vårt i eit dårleg lys. Eg har i ein tidlegare blogg vore inne på rettssaka etter drapa ved Skrikerudvatnet i Trøgstad. «Med empati som våpen», har eit like grovt eksempel. Det skal eg ta i neste blogg.

 

Ingen har lov å kopiera heile eller deler av teksten uten på førehand å ha innhenta

 skriftleg løyve frå meg.

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar