onsdag 18. august 2021

Med empati som våpen   2

Ein av Amalie Christies venner, psykiateren Jon Leikvam som ho kallar «superjøssing», prøvde å betra tilhøva til dei som hamna i «isfronten» sine hender. På eit spørsmål om ikkje han som «jøssing», gledde seg over rettsoppgjeret, svarar han:

« - Jeg fikk i alle fall ikke anledning til å glede meg særlig lenge når jeg så hva som skjedde med de landsvikmistenkte i fengslene og fangeleirene. Det var skremmende å se på nært hold hvordan seierherrene behandlet den tapende part og hvordan gatejustisen og pøbelaktigheten florerte. Massepsykosen var skremmende, det fantes ingen hemninger og selvkritikk. Det var som om folk hadde gått frå vettet og ikkje kunne glede seg uten samtidig å pine og plage taperne. Seierherrene brukte ikke tortur under forhørene, men allikevel forekom adskillig mishandling som alvorlige slag og spark, simulerte henrettelser og de groveste trusler om skyting. Smertefulle oppstillinger og straffeeksersis var vanlige foreteelser de første månedene. Likeledes den konstante underernæring som førte til mangelsykdommen beri-beri. Dessutan led mange fanger fryktelig ved tanken på hvordan familien, særlig hvordan kone og barn skulle klare seg i den lovløsheten som hersket utenfor murene. I mange tilfeller var endog begge foreldrene arrestert og barna blitt tatt hånd om av familie og bekjente. Myndighetene viste iallefall ingen barnevennlig omsorg. Ofte mistet barn både hus, hjem og omsorg.» (s.91).

Boka «Med empati som våpen» har eit døme på soningstilhøva på Sydspissen fangeleir som vart rapportert til politimesteren i Tromsø, skrive om i bladet «Nordlys» 27.10.1945, og seinare og i hovudstadsaviser. Fangen Harald Pedersen fekk denne behandlinga:

Baksida av boka fortel dette
 

1.  Arrestert 10. mai 1945 og seinare sendt til Sydspissen fengeleir. Under arrestasjonen vart han ribba for klede, sko, tobakk og 380 000 kroner.

2. Han vart informert om at han skulle skytast, og at han måtte grava si eiga grav. I alt vart han oppstilt for avretting 12 gonger, men i siste augneblink stoppa «for nye forhør».

3. Han vart innestengd i mørkecelle to og ein halv månad.

4. Lite mat. Av drikke berre ei halv flaske for veka.

5. I to og ein halv månad måtte han sova i ei likkiste som vart fylt med vatn. Kisteloket vart lagt på og fleire gonger heldt han på å døy av luftmangel.

6. Fleire forhør der han berrføtt vart slegen med gummikøller under føtene for å tilstå ting han ikkje hadde gjort. Torturen føregjekk til han besvimte.

7. Under forhør vart han sparka så sterkt i magen at han hadde blodig avføring.

8. Han var slegen med kølle i nyreregionen så han i fire veker hadde blod i urinen.

9. Han fekk straffeeksersis frå ein og ein halv til tre timar, under banking og pisking på naken overkropp. Dette føregjekk i to og ein halv månad.

10. For å tilstå, vart han med bakbundne hender heist opp etter føtene med hovudet ned, og så piska eller banka med stokk til han besvimte. Ein del gonger var han heilt avkledd og fekk også kjønnsorgana mishandla som del av behandlinga.

11. Utenom dette, vart han avkledd og piska 24 eller 26 gonger.

12. Han vart brent i munnen ved at dei førde inn ein glødande kniv.

13. Ved ein anledning måtte han stå mellom ein glødande omn og veggen til kleda vart svidde, og han fekk stokkeslag og spark i underlivet.

14. Han vart fleire gonger slegen i hovudet, mellom anna med eit brote sleggeskaft, til han blødde frå nasa, øyre og munnen.

15. Vaktene prøvde å få han til å springa så dei kunne «skyta han under flukt»[1]. Tre gonger vart det skote på han med skarp amunisjon.

16. Alle ynskje om tilsyn av dokter, «ble hånlig avvist».

Om dette berre hadde vore måten ein fange utbroderte tilhøva i fengslet på, kunne ein tru det var overdrive. Men saka hans vart prøvt for retten, og dommen fall 21. mai 1946. Som dommen etter morda ved Skrikerudvatnet i Trøgstad, viser denne dommen og eit resultat som for mange berre kan karakteriserast som blodig urett.

Tre av fangevaktarane vart dømde til 30 dagars arrest, gjort betinga. Det vil i praksis seia at dei gjekk fri. Det same gjorde leirsjefen, fenrik Storaas, som vart heilt frikjent. Så lite brydde norsk rettsvesen seg om «dei andre» sine rettar og lidingar den gongen.

Justismininster Gundersen kalte rettsoppgjeret etter krigen eit lyst bilete med berre «enkelte svarte flekker».(s.94).

For den som ser forbi det glansbiletet me vart oppdregne med i etterkrigsåra, er boka «Med empati som våpen» nyttig, men deprimerande og trist.

Nett derfor trengst bøker som «Hva visste hjemmefronten» - trass i dokumenterte feil og manglar.

I alle fall slik eg ser det….

 

Ingen har lov å  bruka heile eller deler av teksten uten på førehand å ha skriftleg løyve frå meg.

[1] Skoten under flukt var ein metode som og vart mykje nytta av militærdiktatur i Søramerika.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar