søndag 15. september 2024

Bilete eg tok i Higt Street, Exeter, ein laurdag i august.
 Antisemittisme anno 2024.

Som elles i verda, har England hatt sine antisemittiske protestmarsjar, - ein del av desse også med valdsepisodar. Universitets-miljøa har merkt seg ut, men også «vanlege folk» har gått i tog for noko plakatane kallar «eit fritt Palestina». Der eg har vore, stod det ein trufast flokk på High Street (Exeter) på laurdagane. Desse var av dei rolege. Dei var ikkje mange dei gongane eg såg dei. Dei stod berre i ro med plakatane sine, song litt eller ropte slagord innimellom.

Resten av gruppa, same dagen.
No kan det vera at store protestar mot innvandrarar har gjort sitt til at det var færre palestina-sjal og -flagg å sjå, og at lyden var skrudd ned. Desse var fredelege og gav plass til forbipasserande som ville ha ein prat, enten dei var einige eller ueinige.

I synagogen høyrde eg vaktmannen og den ansvarlege snakka om uroa som hadde vore i landet, men alt var roleg og gjekk som normalt for seg dei to laurdagane eg var der.  

Denne synagogen brukar liturgibøker bøker etter kva retning av jødedommen den som leier samlinga den dagen, høyrer til. Det meste føregår på engelsk. Eg kunne fylgja med i  tekstboka «The Pentateuch and Haftorahs». Der er den hebraiske teksten (i) var omsett til engelsk, med kommentarar.

Jødisk identitet er (for meg)
uløyseleg knytt til 
«Skriftene»
Dei som eg møtte der, definerer seg som jødar. Det same gjeld nok også dei som av forskjellege grunnar ikkje kunne koma til synagogen, men som fekk samværet overført via internett. På samlingane ber dei for Israel, for kongen (ii) og for England. Samlingane var trygge og gode å få vera med på, også for meg som ikkje-jøde. Eg kjende meg velsigna då eg forlèt synagogen med det rituelle «Sabbat shalom» i øyra.

Kva er «jødisk identitet»?

Om du spør meg, representerer dei eg møtte der i synagogen, mitt bilete av «ein ekte jøde». I tillegg har eg som referansebilete dei eg har møtt og har kontakt med av messianske jødar. Rett nok er der store skilnader på det teologiske fundamentet dei byggjer på, men begge har ei trygg tru på og respekt for Adonai (Gud), endå nokre berre byggjer på det som for meg er Tanakh (GT), og dei andre heile Bibelen frå A til Å. Og eg trur at begge delane i «vår» Bibel har same hovudpersonen!

Men dette viser og kor få jødar eg verkeleg kjenner og kor redusert mi referanseramme er. Det største for meg er at desse menneskja veit kva og kven dei trur på, kven dei er i historisk samanheng, og at dei ynskjer å fylgja skriftene dei har arva frå fedrane. 

På besøk i Israel møter du jødisk historie
Avstanden mellom Neturei Karta-jødane og dei som utgjer mitt bilete av jødane, er som aust er frå vest, - uendeleg. Neturei Karta samsvarar ikkje med mitt bilete av «jødisk identitet»

Kva om Neturei Karta fekk makta i verda? Ville jødar og andre framleis få lov å ha eit land oppattkalla etter ættefaren deira, Jakob / Israel?  Kva ville rabbien E. Beck og hans folk gjort med dei som ikkje delte deira syn? Ville dei verta ei terrorgruppe a la Hamas som tok livet av alle som arbeidde for Israel anno 2024?

«Når mindretalet tek fleirtalet til fange».

For ei tid tilbake såg eg ei bok eller eit hefte som hadde omlag denne overskrifta. Tittelen har forfylgt meg seinare.  Så langt eg kan forstå, er dette grunnen til støtta til Hamas og andre som prøver å ta livet av flest mogeleg jødar. Eg trur mange av dei sivile i Gaza i realiteten er fangar under Hamas-leiarane sitt valdsregime.

Må aldri det norske folket gløyma at då kongen vår ville uttrykkja si medkjensle med Israel etter terroren 07.10.23, var det Arbeidarparti-Senterparti-regjeringa som sette foten ned og nekta. Derimot då Ebrahim Raisi, Irans president og ein av bakmennene til 07.10.23 massakren omkom i ei helikopterulukke, var den norske regjeringa straks på pletten for å uttrykkja si medkjensle!

Kven var så Ebrahim Raisi? Jau, han var «jurist» i det iranske rettsvesenet, og vart til slutt president. Han vart kjend som «Slaktaren frå Teheran» eller «Dødsengelen». Kvifor? Heilt enkelt fordi han brukte makta si til å torturera og ta livet av politiske motstandarar! Han var ein mann som etterlet seg blodspor gjennom livet, og han meinte den norske utanriksministeren og statsministeren var verdig ærefulle minneord! 

Det same kan seiast om Yahya Sinwar som no er leiaren for Hamas i Gaza, og som – så langt me veit, gøymer seg nede i tunellane bak ein stadig mindre flokk jødiske gislar. Til tider skal han gå ut og gøyma seg mellom kvinner og born, utkledd som «kvinne», vert det sagt.

Jødane fann for litt sidan ein av desse gøymestadane og kunne ta heim lika av fem av gisla tekne 07.10.23. Dei døde hadde alle skotskadar, og var drepne med kaldt blod.  Kanskje dei ikkje hadde krefter lenger til å fungera som skjold for Sinwar?

Landet er uløyseleg knytt til fortida...
Han er i live fordi han ikkje brukar mobiltelefon eller medium Israel kan spora og på den måten finna ut kvar han er.

Valdspolitikk

Korleis kom han til makta i Gaza? Jau, med vald og terror mot sine eigne, drap av motstandarar og terror mot dei som ikkje ville støtta Hamas. Som takk fekk han tilnamnet «Slaktaren på Khan Younis» (iii), - på lik linje med «Slaktaren frå Teheran». 

Når Yahya Sinwar vert drepen – noko som kan skje når som helst, vil den norske regjeringa uttrykkja si «djupe sorg for det tragiske tapet»?

Om ikkje desse karane hadde brukt vald, underrykking og hat-retorikk, ville dei oppnått dei politiske posisjonane som dei har hatt siste tiåra? Det trur i alle fall ikkje eg! Protestane frå palestinarar og iranarar som har våga uttala seg, kan tyda på det same, - inkludert ho som braut inn på live TV-sending. Ho forbanna Hamas og ynskte Sinwars død, men det fann ingen resonans i media eller i offentlege organisasjonar som FN....

Kva så med den norske regjeringa?

Me har ein mindretalsregjering som har ført ein tydeleg anti-Israel-politikk. Dei to siste utanriksministrane – med statsministeren si støtte – har gjort landet vårt berømt for «vårt» Israel-hat. Deira handlingar har plassert landet vårt mellom dei som ynskjer Israels død. «Me» som har eit anna syn på saka, er fangar under denne mindretalsregjeringa sitt politiske regime, slik folket i Gaza har vore under Sinwar og Hamas!

----------------

(i) Tekstane er frå «Tanakh», dvs. «Det gamle testamentet».

(ii) Liturgibøkene er framleis dei gamle der det vert bedt for «The Queen», men liturgen brukar eit ark med forbøn for «King Charles III». 

(iii) Khan Younis er ein liten by med tilstøytande flyktningeleir langt sør på Gazastripa. Byen var bygd 1387 av emiren Younis.  Det vart handelsstad og stoppestad for karavanar og reisande langs midelhavsveien mellom Egypt og Syria. Ein reisande på 1800-talet seier byen hadde om lag 1000 innbyggjarar og mange frukttre, særleg aprikostre. (Opplysningar frå mellom anna Khan Younis – Wikipedia). Når denne krigen er over, er det grunn til å tru at byen ligg i ruinar, takka være «Slaktaren frå Khan Younis» og Hamas.

------ 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.


søndag 8. september 2024

Gatebilete frå Jerusalem
Om antisionistar og anna

I bloggen sist søndag skreiv eg om Neturei Karta, den ultraortodokse jødiske sekta som kallar seg antisionistar og som vil at Israel slettast frå kartet. Dei er så fanatiske i si tru at då Irans president Ebrahim Raisi, «Slaktaren frå Teheran», vart gravlagd, reiste leirane deira til Teheran for å hylla «Dødsagenten».(i) Og, som det stod i Daily Mail, korkje Hamas, Taliban eller houtiane i Jemen er antisemittar i deira auge. Dei er berre antisionistar slik som dei sjølve.

Kva er ein sionist?

Les me til dømes i Store norske leksikon, finn me at sionismen oppstod på slutten av 1800-talet som ein motreaksjon til diskriminering av jødar og aukande antisemittisme i Europa. Theodor Herzl vart frontfiguren i denne rørsla og var den som fekk i stand Verdens Sionistorganisasjon. (ii) Målet deira, som framleis er målet for sionistane, var «å skape et legalt og sikkert hjemsted for det jødiske folk i Eretz Israel».(iii) Den som støttar og arbeider for at dette skal vera og verta ein realitet, er såkalla «sionist».

Ein antisionist der så det motsette: Ein som arbeider for at jødane ikkje skal ha ein sikker og legal heimstad i Eretz Israel, men skal drepast eller jagast vekk.

Kva er så ein antisemitt?

I tidlegare bloggar har eg skrive om at ordet «jødehat» - «judenhass», vart bytt ut med «antisemittisme» truleg fordi det verka meir vitskapeleg og ikkje så vulgært. I realiteten er ordet misvisande då antisemittisme vert brukt berre om jødar, endå arabarar også er semittar og snakkar semittiske språk. Leksikonet, som eg har sitert over, seier derfor «Antisemittisme er en betegnelse for fiendtlige holdninger og handlinger mot jøder». 

Faksimile frå "Et ord fra Jerusalem"

Neturei Karta er antisionistar, men ikkje antisemittar. Det er nok naturleg sidan dei er jødar sjølve. 

I den store bylgja av propalestinske protestar, vert dette skiljet mellom antisemittisme og antisionisme stadig ført til torgs. Men om ei løgn vert repetert ofte nok av mange nok, vert ho absolutt ikkje sann av den grunn! 

«Antisionismen er antisemittismens nye form»

Dette er tittelen på leiarartikkelen i «Et ord frå Jerusalem» (iv) nr. 07-2024, skrive av redaktør Bjarte Ystebø. Han startar slik: «Jødehatet finner stadig nye former. Men det er bare formen som endrer seg. Jødehatet er en konstant faktor».

Og lenger nede: «Israel er det eneste landet i verden som, når det blir angrepet, bare blir angrepet enda mer, av verden. 

Antisemittisme er et muterende virus. Det forandre seg gjennom historien.

Uansett hva jødene gjør, taper de alltid omdømmekampen.

Jødene blir hatet for å være rike og for å være fattige. 

De har blitt hatet for å integrere seg og for ikke å integrere seg. 

De ble hatet for å være statsløse, og kalt for rotløse kosmopolitter ….

Nå blir de hatet for å ha en stat. 

I dag har det blitt en allment akseptert antisemittisme, nemlig antisionismen. Det er antisemittismens nyeste mutasjon.» (v)   

Heldigvis er det mange jødar og ikkje-jødar som er einige med redaktøren, og som reagerer stikk motsett det Neturei Karta gjer. Berre høyr her:

Faksimile frå framsida av bladet eg siterer frå


«Nå kommer aliyah-bølgen»

På framsida i bladet eg har sitert frå over, står denne tittelen. Dei skriv at det er ein enorm auke på talet av jødar som vil flytta til Israel. Valresultata i Frankrike og den aukande anti-semittismen i USA og Canada, gjer at det ser ut til å koma ei massiv bylgje av jødar som vil gjera aliyah. Som me veit, fekk ikkje angrepet 07.10.23 den effekten som mange var redd, - at talet på jødar som vender heim til sitt bibelske heimland, skulle gå drastisk med.

Me veit og at mange har reist til Israel for å vera med å kjempa for landet si overleving. 

Talet på falne i krigen mot Hamas inkluderer ei rekkje «lone soldiers». (vi) 

Gatebilete frå Jerusalem
Definisjonen på «lone soldier» er at han eller ho ikkje har noko familie i Israel som støttar seg. Det kan vera ein ny immigrant, ein frivillig frå utlandet, ein foreldrelaus eller ein frå ein sundbroten heim. Etter det senteret skriv, er der over 7000 slike i det israelske forsvaret (IDF), og 45 % av desse er nye immigrantar frå jødiske grupper rundt om i verda.(vii)

Det er mange organisasjonar som «den Internasjonale Kristne Ambassaden», «Ebenezer Operation Exodus» og «Hjelp Jødene Hjem» som står klare til å hjelpa jødar som vil gjera aliyah. Dei hjelper slike som har spesielle utfordringar med reisa, slik at dei kan få oppleva det Tanakh (= GT) seier i mellom anna Amos 9, 11-15:

«Eg vil planta dei i landet deira, og dei skal aldri meir verta rykte opp or landet sitt, det som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.» (v.15). 

Tel me alle stader i Tanakh  (GT) der Adonai (= Gud) seier han vil at jødane skal venta tilbake til landet han gav fedrane deira, så er Han er ein ekte sionist.

     Utan tvil den største av alle!

---------------- 

(i) På grunn av si harde linje mot alle som ikkje delte hans religiøse og politiske syn, fekk han utnamna «Slaktaren frå Teheran» og «Dødsengelen». Dette stod å lesa mellom anna i Aftenposten 20.05.24.

(ii) World Zionist Organization (WZO) , grunnlagt på den første sionistkonferansen i Basel i 1897.

(iii) Denne teksten står under biletet av Herzl i leksikonet. «Eretz Israel» er hebraisk og betyr Israels land, det vil seia det landet Gud gav til Abraham og hans etterkomarar.

(iv) «Et ord fra Jerusalem» er bladet til den norske representanten av  den Internasjonale Kristine Ambassaden i Jerusalem. Bladet kjem ut ein gong i månaden og kan bestellast på post@icej.no

(v) Sitat frå starten og slutten på artikkelen. 

(vi) For meir informasjon, sjå http://lonesoldiercenter.com/about-us/who are lone soldiers/

(vii) Den som vil støtta desse «lone soldiers», kan gjera det gjennom Lone Soldiers Center. Ta kontakt på adressa eg har skrive over. 

------- 

Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta eg tok sjølv (i 2015). 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.


søndag 1. september 2024

 Kva er identitet?
Framsida av boka eg kjøpte


Intern identitet

Dette er den «eg»-sentrerte identiteten som er «min» definisjon av meg sjølv, noko me ofte omtalar som mitt sjølvbilete. Denne identiteten er først og fremst introvert og peikar innover mot «meg sjølv», skapt av mi eiga oppleving av meg sjølv, og mi oppleving av korleis andre ser på og/eller reagerer på meg. 

Men han er og ekstrovert, det vil seia at han peikar utover  frå «meg» mot ei viss gruppe menneske som «eg» deler ein viss del av karakteristika med, og omtalar som «oss». Det kan vera fysiske og psykiske særdrag eller ein kombinasjon av begge, - til dømes hudfarge, religion eller nasjonalt heimland m.m., som bind oss saman.

Denne «oss»-identiteten går på forståinga av «oss sjølve», og er det kollektive sjølvbiletet. Det vert skapt gjennom i felles kultur, felles utdanning,  same kjønn, tru, og så vidare. Begge desse formene er interne, det vil seia at «eg» eller «me» konstruerer desse identitetane ut dei frå kriterier «eg» eller «me» bevisst og ubevisst legg vekt på, internt. 

Ekstern identitet

Denne identiteten er den «dei andre» har laga av «oss», enten det er av «meg» som einskildindivid, eller av «oss» som gruppe. Mi erfaring er at det er stor skilnad på den identiteten «eg» og «me» meinar me har, og den identiteten «dei andre» (utanfor gruppa) seier «eg» eller «me» har. (i)

«Mapping Jewish Identities»

Ein bruktbokhandel i Exeter selde meg boka med tittelen over. Det er ei fagbok om emnet, redigert av Laurence J. Silberstein. I det eg har lese til no, slo det meg mest den understrekinga av at identitet kan sjåast på som ein stadig prosess der identiteten vert endra etter som indre og ytre tilhøve endrar seg:

«Etter som eit individ går mellom forskjellege etappar, sosialt, politisk eller kulturelt, vil han eller ho sjå på seg sjølv på forskjellege måtar.  På forskjellege tidspunkt vil kjønn, klasse, rase, etnisitet, seksuell orientering eller religion vera avgjerande for kven ein er». (ii)

Livet er ein fysisk og psykisk prosess frå fødselen av, og ut frå det me opplever, vert dei forskjellege identitetane skapte, enten me er norske eller jødar. Og resultatet? Ja, det kan verkeleg vera forunderleg. Dette serverte «Daily Mail» lesarane sine den 03.08.24:

«Judaisme: Ja! Sionisme: Nei! Vekk med staten Israel!» (iii)
Faksimile frå side 28 av Daily Mail, laurdag 3. august 24.


















Journalistane hadde fått lov å intervjua ein av dei jødiske sektene i Storbritannia: Neturei Karta. Artikkelen deira startar med:

«Du ville nok ha tenkt at den siste plassen du ville finna ein ultra-ortodoks jøde, typisk kledd med lang, svart frakk og den tradisjonelle mink-hatten, var på ein pro-Palestina protest som føregår nesten kvar veke i London. Denne massen av menn og kvinner med palestinasjal som syng anti-jødiske songar som «Frå elva til sjøen, Israel skal bli fri», kan vera aggressive mot dei som ikkje deler deira syn.

Men frå ei tid tilbake kunne ein sjå ein gruppe ultra-ortodokse jødar som leia songen som bad om at staten Israel måtte verta fjerna. Dette forundra mange av dei andre som protesterte.»

Dette er altså ein flokk jødar som har ein liten synagoge i Stamford Hill, nord i London. Bladet fortel at det skal vera fleire tusen som tilhøyrer denne sekta, og at dei har utpostar i Jerusalem og i New York. Dei brukar sabbaten til å delta i anti-Israel-demonstrasjonar.

Faksimile frå side 29 i same avis
Sekta brukar ikkje mobiltelefon eller andre moderne media, men har laga ein video der leiaren E. Beck slær fast at «Staten Israel er ein opprør mot Gud». Etter hans meining var det Gud som sende jødane i eksil i år 70, og hendinga 07.10.23 var Guds straff. At staten Israel vart oppretta (i 1948), er eit vanheilagt opprør mot Guds vilje. Først når Messias kjem, kjem det verkelege Israel, og då som eit jødisk kongedømme.

«Me er ikkje anti-semittar, men anti-sionistar»

Dette utsagnet høyrer me stadig oftare, og denne sekta hevdar at korkje Hamas, Hisbollah og houtiane er anti-semittar, berre anti-sionistar slik dei sjølve. På spørsmål om det finst anti-semittisme på protestmarsjane, svara rabbien Beck:

«På marsjane syng dei: ‘Judaisme: Ja! Sionisme: Nei! Staten Israel må det verta slutt på!’ Og dette er sjølvsagt ikkje anti-semittisk. Alle ‘palestinarane’ arbeider for å få landet sitt tilbake. Det finst ikkje noko anti-semittisk i det.»

«Sanne jødar», kven er det? 

Avisa skriv at leiarane i Neturei Karta seier at dei er «dei einaste autentiske rabbiane», og at «alle sanne jødar» avviser staten Israels eksistens. Derfor stiller ein liten flokken med rabbi E. Beck i spissen opp i Palestina-marsjar på sabbaten. Dei vert og inviterte til universitet og anti-Israel-fora. Palestina-tilhengjarane jublar medan sentrale personar mellom jødane uttalar seg nedsetjande om dei, står det i avisa. Det biletet denne flokken har i eigne auge, og det  «sentrale personar» i det jødiske samfunn i England har av dei, stemmer med andre ord ikkje over eins. 

Eit aktuelt spørsmål for meg er kvar i Tanakh (vårt GT) dei finn det teologiske fundamentet for orda sine, men så reknar eg meg for sionist, sjølv om eg ikkje er jøde. Og  Messiasriket som skal koma, er det vel det Jesaja skriv om i sitt 11. kapittel. Då skal ulven bu saman med lammet, og leoparden liggja i lag med kjeet (v,6).

Men ortodokse jødar i anti-Israel-demonstrasjonar, er vel noko heilt anna?

--------------

(i) Under mi tid i Paraguay, har eg sett ei etnisk gruppe gå frå steinalderen til «vår tid». Steinøksa eg har på kontoret fortel om urgammal nedarva teknikk som no held på å gå i gløymeboka, bytt ut med mobiltelefonar og datamaskiner! Då eg kom til landet, vart dei kalla «Guyaki», eit namn på skogrotter, og dei var rekna for å vera svært blodtørstige. Sjølv kalla dei seg «Ache», eller «folk». Mi oppleving av dei, - når dei kjenner seg trygge, er at dei er kjærlege og hjelpsame.

(ii) Mi omsetjing av: «As a subject moves among various sites, social, political, or cultural, he or she is positioned in different ways. At different times, gender, class, race, ethnicity, sexual orientation, or religion takes priority as positioning discourse.» Silberstein byggjer utsagnet på Susan Stanford Friedman sine teoriar.

(iii) Mi omsetjing av: «Judaism yes, Zionism no. The state of Israel must go!» 

----------

Det er ikkje lov å bruka tekst eller  bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 25. august 2024

 Maud Russell
Baksida på boka...

og 2. verdenskrig.

Maud Russell starta å skriva dagbok i 1938, i ei tid då det låg tunge skyer over Europa. Krigen som kom, førde med seg endringar også for dei rike og priveligerte i England. Så lenge Gilbert levde, prøvde dei å leva så normalt som råd, men tok mot born frå utsette område som på Mattisfont kunne få trygt opphald for ei tid. Då vart innkjøpt ei ku, og Maud lærde både å mjølka, ysta og kinna smør. Ho melde seg også som frivillig i Raude Kross sitt arbeid, men det fungerte dårleg. Truleg var det hennar tyske bakgrunn som gjorde utslaget.

Etter Gilbert sin død i 1942, vart Mottisfont overteke som hospital for skadde, og Maud fekk berre ha hovmeisteren sine rom som sine. Men ho hadde husværet i London, og gjennom kontaktar kom ho inn i admiralitet sitt arbeid. Der deltok ho mellom anna i produksjonen av falske nyheiter på tysk, heilt til krigen var slutt.

Men trass i krigshandlingane er det overklassen me møter i boka, og Maud held kontakt med kjende kunstnarar og viktige personar i engelsk og europeisk kulturliv. Dagboka avspeglar eit liv i luksus. 26. august 1942 skriv ho til dømes: «Ein dag vaska eg håret mitt sjølv – det er første gongen i livet eg har gjort det – og Elisabeth sette det opp». Då var Maud 50 år gammal!

Fleirtalet av dagboksnotatane er knytte til sosiale samlingar, - også ispedd sladder. I samband med ein middag, vert det fortalt om to som krangla under ein middag i Downing Street. Mannen kom med ein negativ kommentar om franskmenn, og kvinna vart hissig og «gav han inn etter notar». Maud skriv:

Frå hovudgangen i huset slik det er no
«Til slutt sa Margeson: ‘Eg er lei meg. Eg er sikker på at du helst vil eg skal gå. No går eg’. Winston sa då fort: ‘Sjølvsagt ikkje’. Men Clemmie sa ‘Nei, du skal vera her, men vi (Clemmie og ein person til) (i)  vil ha lunsj ein annan stad.’ Winston, tydeleg ukomfortabel, sa: ‘Kjære deg, ta lunsjen din i den vesle salen ved sida av. Det vil vera det beste’. Men Clemmie reiste seg majestetisk og sa: ‘I det vesle rommet? Sjølvsagt ikkje. Me går til Ritz,’ og dermed sveva ho ut av rommet med nasa i veret!» (ii) 

Om antisemittisme og jødar

Maud var halv jøde og skriv om arbeidet med å få familiemedlemmar til England. Ein stad skriv ho om ein middag med mellom andre Dr. Weizmann (iii):

«Eg møtte han for nokre år sidan i Paris. Måten hans å vera på, er fasinerande og gjer sterkt inntrykk. Han er ein slags mørk Lenin av jødisk opphav, og med lette slaviske eller tartariske trekk. Augene er fanatiske. Hovudet er praktfult fordi han er så mørk, har så brennande auge og ser så kraftfull ut. Han verka deprimert og synest å tru at arbeidet hans vert motarbeidt, noko det og vert. Han ynskjer å reisa til Palestina, men trur at administrasjonen ikkje vil gjeva han lov. Han fortalde at jødane hadde tilbode seg å stilla med ein hæravdeling på 50 000 mann då krigen starta, men det vart avslege.  Ein kan forstå kvifor. Det arabiske spørsmålet. Så vart det semje om at Palestina kunne få stilla med same mengde soldatar, halvdelen jødar og halvdelen arabarar. Jødane gjekk inn for det. Men prosjektet fall i fisk fordi ingen arabarar melde seg. Så no er der 8 000 palestinske jødar i hæravdelingane i Midtausten.»

Bilete eg tok av ei teikning i Auschwitz-Birkenau
Ved eitt høve refererer Maud ein samtale med mora: «Fredag kom eg her med mor. Me snakka sama om antisemittismen hennar. Ho seier ho ikkje veit kvifor ho er antisemittisk, men kom til slutt til at det måtte ha opphav i hennar tyske bakgrunn, endå då ho var ung hadde ikkje foreldra noko imot at ho hadde jødiske venner eller såg ut til å vera antisemittiske. G. (iv) og borna også, merka at ho var negativ innstilt og ofte snakka nedsetjande om jødar, og aldri, etter forfylgingane starta, viste at ho var sorgfull for dette. Eg finn dette svært rart sidan ho er gift med ein jøde, skuldar alt ho eig til han, og at dei fleste i familien hennar har nytt godt av hans gode hjarta. Og på andre sida at ho har jødiske venner. Og så dette snakket om tante Agnes Mühsam som har vorte borte frå adressa si i Berlin, og at breva kjem tilbake med «Ukjent adresse». Mamma viste ingen kjensler til eg uttrykte gru over kva ho kanskje hadde gjennomgått. Då først viste ho litt kjensler.» (v)

Restane av krematoriet ....
Bortsett frå desse sitata og nokre få til, er overgrepa som føregjekk mot jødar i Tyskland og Polen, ikkje omtalt i det heile. Dette er forunderleg fordi me veit at alt relativt tidleg fekk England, - og den norske regjerings som heldt til der, informasjon om ugjerningane nazistande gjorde mot jødar og andre. Dette er og forunderleg sett i lys av det ho skriv om møtet med dr. Weizmann og frå samtalen med mora som eg har sitert over.

Kvifor?

Barnebarnet til Maud, Emily Russell, var redaktør og valde ut kva av notatane som skulle få plass i boka. Ho skriv at Maud sine dagboksnotatar var på rundt 350 000 ord, og at ho reduserte teksten til rundt 1/3.(vi) Kan det då vera slik at ho valde bort all informasjon som hadde med Auschwitz og holocaust å gjera? 

Det var i alle fall eit vonbrot for meg som hadde vona å møta eit samtidsvitne – ei jødinna – som gav meg innsyn i opplevingar og meiningar om det som hende med jødane under Hitler. På meg verka det utruleg at ho gjekk forbi alle overgrepa uten eit ord, så i mitt hovud må svaret vera at redaktøren valde dette spørsmålet vekk. 

I så fall kvifor? Eg kan ikkje tenkja meg at spørsmålet var for kontroversielt i 2017 då første utgåva kom ut. Så lenge etter krigen var holocaust reelle fakta som alle normale menneskje må godta. 

Var redaktøren redd informasjonen om Maud sine reaksjonar og hennar eventuelle engasjement for jødane kunne skada salet av boka? Ikkje veit eg. 

Ikkje du heller, reknar eg med. Dessverre.

--------------

(i) Innskot i teksten, gjort av redaktøren.

(ii) Mi omsetjing frå nedste del  på side 121 og starten på side 122.

(iii) Dr. Chaim Weizmann (1874-1952). Han var sionistleiar og den første presidenten i Israel (1949-52). 

(iv) Eg reknar med «G.» står for Gilbert Russell, mannen hennar. 

(v) Mi omsetjing av notatet frå 11.04.43. 

(vi) Frå innleiinga side 26. 

--------------- 

Bileta er har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 18. august 2024

Mottisfont med kyrkjeruinane i framgrunnen
 «Han vart vel snill til slutt?»

Orda koma frå ein guide på eit av National Trust sine historiske bygg: Mottisfont. Robin Hood las eg om som gut. Eg likte han og karane hans som levde i Sherwoodskogen. Dei var stadig i klammeri med den vonde sheriffen i Nottingham, og det var han guiden snakka om! På sine gamle dagar bygde han ei kyrkje her. Me fekk sjå murrestar frå kyrkja, og noko frå klosteret som vart bygd på same staden.

Augustinarmunkane som bygde det, gjorde klosteret til eit populært pilegrimsmål. Dei hadde nemleg relikvieskrinet med veslefingeren til Johannes Døyparen! Det  gav gode inntekter, og klosteret vart enormt.  Men reformasjonen endra det kyrkjelege landskapet. Gamle, heilage bygg og rikdomar vart fritt vilt, og dei som trong stein, fann det her. (i) 

Det einaste som var att frå klostertida...
Klosteret heitte «Mottisfont Abbey». Kongen som øydela det, var sjølvsagt Henrik VIII. Han gav eigedomen til Lord Chamberlain, - Sir William Sandys. Men lorden trong ikkje noko hus for han budde i Vyne nær Basingstroke. Likevel sette han i gang med å gjera klosteret til «a magnificant gentleman’s residence»! 

Men soga stogga ikkje der. Eigedomen vart vanstelt og vart til slutt lagt ut til sal. Eit ungt ektepar, Maud og Gilbert Russell, kom frå eigedomen sin i London i 1937 på leiting etter hus på landet. Dei kjøpte, og – først og fremst Maud, gjorde Mottisfont til det han er i dag.  Ho overførde i 1957 eigedomen til National Trust. 

Ved inngangen var det ein bokhandel med gamle og nye bøker. Eg, som eg plar gjera, gjekk inn og spurde om dei hadde bøker om jødar i området. Og svaret overraska: Husfrua på Mottisfont var jøde! Frå 1938 til 1945 skreiv ho dagbok. Barnebarnet arva dagbøkene, redigerte dei og gav dei ut i bokform. Boka kunne eg få kjøpa der. (ii)

Jødar i toppen av det engelske samfunnet 

Maud Russell (1891-1982), eller Maud Julia Augusta Nelke, gift Russell, vart fødd i England. Faren Paul Solomon Nelke kom frå ein rik jødisk familie i Berlin. Mora, Maria, var truleg ikkje jøde sidan ho i boka vert omtalt som «kristen».  


Framsida på boka 
1888 grunnla Paul Salomon saman med to andre tyske jødar meklarfirmaet Nelke, Phillips & Bendix i London, og gjennom det fekk dei fotfeste i toppen av det engelske sosiale liv. (iii) Introduksjonen seier at «Paul og Maria var ivrige for at familien skulle verta assimilert inn i den engelske sosieteten så fort som råd, og til vanleg snakka og skreiv dei til kvarandre og til borna på engelsk.» (iv) Dei to døtrene deira vart innskrivne i den engelske kyrkja og fekk den mest engelske utdanninga samtida hadde å by på. 

Maud gifte seg i 1917 med  Gilbert Russell  (1875-1942), barnebarn av Lord Arthur Russell og nevø av Duken av Bedford. Han hadde vore i Grenadier Guard, (v) hadde tenestegjort i Sudan, Egypt og Sør-Afrika, delteke som etterretningsoffiser i første verdenskrig, og arbeidde etter det med bank.  Ekteparet fekk to born, gutane Martin (1918) og Raymond (1922). Deira solide økonomi plasserte dei på toppen i den engelske sosieteten,  og dei kunne dyrka interessa for samtidskunst og reisa dit dei ville. På Sri Lanka vart Gilbert sjuk. Dei trudde han var smitta av ein bakterie, men det var astma. Han døydde av det i 1942. 

Men Maud arbeidde vidare på Mottisfont både med bygningar og kunst. Kontakten med den russiske kunstnaren Boris Anrep kom til å spela ein viktig rolle i hennar personlege liv, og for bygningen National Trust viste oss.

Viktige element i jødedommen
Kan jødisk identitet eliminerast?

I ein blogg tidlegare skreiv eg om Jo Benkow. Hans mål frå han var liten, skriv han, var å vera «ekte norsk». Høgt respektert og verdsett som politikar og som menneskje, vart han likevel alltid sett på som «jøden Jo Benkow». I miljøet der eg vaks opp, vart dette sett på som noko positivt.

Kunne kyrkjemedlemskap og topp utdanning dekka over Maud Russells jødiske opphav?

Innleiinga til boka fortel at foreldra til Maud gjorde det dei kunne for å verta assimilerte i det engelske samfunnet. Men den kommande ektemannen hennar skreiv dette til søstrene sine: «Eg er forlova med den mest vedunderlege skapningen som finst. Ho heiter Maud Nelke. Bli ikkje redde når eg fortel at ho er tysk jøde, for eg veit de vil lika henne. Også ideen om å gifta meg med tyskar i ei tid med krig, utfordrar meg.»

Sjølv om ho var fødd i London og hadde fått engelsk utdanning, såg ikkje Gilbert på henne som engelsk. Han skriv: «Ho er ikkje engelsk i det heile – ein utlending – i realiteten orientalar eller jøde. Svært feminin og pent kledd – med andre ord ein staseleg person, men med den mest direkte væremåte eg nokon gong har møtt. Der er ikkje noko humbug eller snobberi eller sosial ambisjon».(vi)

Som husfrue styrde ho med stor tenarstab og mange gjester, fine selskap, dyre middagar og jaktsamlingar på godset. Ho gjorde også mykje for «the village of Mottisfont», og var skulestyreformann der til ho var over åtti. Sjølv om ho vart ateist, held ho fram med å gå i kyrkja og støtta den. Barnebarnet skriv at mange ikkje «såg forbi Maud sin elegante livsstil», noko eg tolkar som at dei ikkje oppdaga mennesket bak fasaden. Den franske forfattaren Frances Partridge skriv at Maud var ganske konvensjonell, og hadde «ein original karakter med noko orientalsk væremåte og ein låg, gurglande måte å le på. Og, endå ho fekk folk til å slappa av og sjølv snakka nokså avslappa, var det alltid ei kjensle av makt omkring henne, ein slags mystikk.» (vii)

På same sida er det referert noko ho sa om seg sjølv: «Eg er ein litt flau, reservert og kritisk type. Menn likar meg betre enn kvinner… Mange menneskje, det veit eg og kjenner på meg, likar meg ikkje, og det er oftast kvinner. Eg er ikkje av den koselege typen og ikkje slik mange andre.  Eg er meir sjølvoppteken og sjølvstendig enn folk flest». (viii)

Og?

Trass alt det dei gjorde for å verta assimilerte og ikkje verta sett på som jødar, vert både Jo Benkow og Maud Russell identifiserte som nettopp det! 

Jo Benkow var høgt oppe i det norske samfunnet og velsett både som politikar og menneske. I livet hadde han som mål å verta «ekte norsk». Då han på slutten av livet skreiv om seg sjølv, valde han tittelen «Frå synagogen til Løvebakken».  Eg trur han med det ville visa at han hadde distansert seg frå sitt jødiske kulturelle og religiøse opphav. Med andre ord han gjekk frå den jødiske identitet han vart fødd med, og vart norsk.

Det same kan me seia om Maud Russell høgt oppe i den engelske sosieteten. Hennar foreldre hadde gjort det dei kunne for å distansera seg frå jødisk kultur og religion, og det ser ut til å vera den same linja ho fylgde då ho seinare tok aktivt del i sosialt liv i England.  

Men sitt jødiske opphav greidde ingen av dei å viska ut. Både samtida og ettertida kjende til deira bakgrunn, og det var ein del av deira identitet. 

Er dette slik for alle jødar?

(Meir om Maud Russell neste veke).

--------

(i) Det er sagt at det var slik arkitekten Blix vart kjent med kyrkjene i Vik i Sogn. Det trongst kleberstein til vøling av Håkonshallen i Bergen, og han fekk eit «godt tilbod» frå Vik. Då arkitekten fekk vita kvar steinen kom frå, brukte han resten av livet til å restaurera og verna kulturarven «vikjedn» hadde hand om.

(ii) Informasjonen eg brukar i denne innlegget, er for det meste frå boka «A constant heart. The War Diaries of Maud Russell 1938-1945», utgjeve av  barnebarnet hennar, Emily Russell / The Maud Russell Estate, paperback edition, 2022.   

(iii) Winston Churchill var ein av kundane, og bror hans arbeidde i firmaet.

(iv) Øvst på side 11 i innleiinga.

(v) Eitt av dei eldste regimenta i det engelske militæret.

(vi) Mi omsetjing av første og andre avsnitt på side 13 i innleiinga.

(vii) Frå side 24 i innleiinga.

(viii) Frå same side. 

----------

Bileta i dette innlegget har eg teke sjølv.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 11. august 2024

 Eg har ein gammal sprellemann…..

Sprellemannen min som dansar
berre eg ikkje dreg for hardt i tråden... 
Du verden så mykje rart ein finn når ein skal flytta og må rydja opp i gamle øskjer og anna kram.....

Eg hadde eit syskenbarn i Høyanger, - ho Liv. Ho var 5 år eldre enn meg. Når faren hadde ferie på fabrikken, kom dei heim og var med i slåtten og elles i arbeidet på garden. Kjekkast av alt var det når dei vaksne kvilte middag, og me gjekk til elva for å bada. Det var den gongen det var mange ungar på gardane, og sommaren var lang med strålande sol og glade dagar!

Ho Liv kom heim med ei gåve som eg vart veldig glad i: Ein sprellemann! Bunadkledd var han, blid som ei sol, og når eg drog i tråden som hang ned på baksida, sparka han med føtene og vifta med armane! 

Eg var 5 år, og lenge var dette den kjæraste leiken eg hadde.  Eg drog og drog, -sprellemannen dansa og dansa, - og eg lo av glede! (Eg har leika med han i dag og, endå det er over 70 år sidan sist…)

Men sprellemannen hadde eit svakt punkt.  Hovudet. Det vart festa med ein teiknestift i veggen. Det måtte hengja i ro om han skulle dansa. Sjølvsagt drog eg for hardt. Dermed reiv eg han laus, og han fekk både rifter og hol i hovudet, stakkaren.

Ei verd full av sprellemenn?

Ein kveld eg såg på CBN-news, kom ein reportasje om dei antisemittiske studentopprøra på universitet i USA. I analysen sa dei at Quatar har investert store summar i amerikanske universitet, og hadde slik fått inn pro-palestinske førelesarar ei rekkje stader.

Herfrå vert bodskap ropt ut....
Ein kveld seinare sa dei at Iran er med og finansierer protestmarsjar og aksjonar mot Israel der borte! Altså er det ikkje nok at arabiske Israel-fiendar har kome inn på universiteta og fått indoktrinert studentane med antisemittismen sin, men dei har og finansiert protestmarsjar! (i) 

Her til lands har arabiske land investert store summar mellom anna i dyre og vakre moskear. Kor tilstanden er på våre universitet, veit eg ikkje, men norske statsborgarar har vorte radikaliserte og støttar
terroristiske rørsler i Midt-Austen.  Anti-israelske marsjar har me og hatt vår del av. 

Verdens mest destruktive krig?

Krigen som føregår i Gaza, er unik i måten han føregår på, og stadane der kamphandlingane skjer.  Det generelle bruken av sivile som gislar og «krigsfreda» bygningar som skular og sjukehus som sentra for terroristane sine aktivitetar, har verda aldri sett før. Der nede er det systematisk gjennomført med enorme investeringar i underjordiske tunellar, kommandosentra og våpenproduksjonslokale m.m. 

Terroristane sin bruk av skular og sjukehus som sentra for operasjonane sine, gjer at det går hardt ut over desse i krigen. Tenk berre på tunellane som gjekk frå UNRWA sitt hovudkvarter og som fekk straumforsyninga si derifrå. Korleis ser hovudkvarteret ut no når tunellen og nedgangen er sprengt? 

Det same skjer når terroristane brukar sivile som skjold, med eller mot deira vilje. Born ned i 12-årsalderen er dessutan opptrente og innrullerte i terrororganisasjonen. Når Midt-Austen sin einaste demokratiske stat skal kriga mot desse, må resultata verta katastrofale. Oppreinskingar har dessutan gjort at mykje av Gazastripa er redusert frå ein moderne infrastruktur, til ei øydemark av sundskotne ruinar oppå og under jorda (ii). Alt dette kan me takka Hamas og deira medarbeidarar for.

Ser framtida vår slik ut?
Etter at krigen er over, skal resten av folket venda heim og starta arbeidet mot eit normalt liv. Med fleire titusen terroristar (= familiemedlemer) drepne, vil mange av familiane mangla fleire av sine, i tillegg til dei «ekte sivile» som krigshandlingane har teke.

Kvar skal borna og ungdomen gå på skule? Kvar er det helsestasjonar og sjukehus når dei var samlingspunkt og utgangspunkt for terroristane, og dermed øydelagde heilt eller delvis?


Kven har skulda for alt dette?

Spør me «sprellemennene», er svaret samrøystes: «Israel». Du kan høyra det frå alle kontinent på kloden, og frå ei mengde regjeringskontor (som våre i Oslo). Du finn det både munnleg og skriftleg. 

Men eigentleg er FN og statar som Noreg, dei skuldige. Dei har visst om antisemittismen i dei «palestinske» borna sine lærebøker. Tilsette både i UNRWA og i helsesektoren (t.d. «Leger uten grenser») må ha visst om den utbygginga Hamas og Islamsk Jihad har drive gjennom fleire tiår. Enten må dei ha støtta terroristane sitt arbeid, eller så har dei bevisst eller ubevisst svikta sitt ansvar for å seia ifrå og få stansa galskapen. Dermed må dei, på lik line med terroristane, dela ansvaret for dei drepne og for skaden som er gjort. 

Men då oppreinskinga etter 07.10.23 starta, «dansa» sprellemenn verda over og ropte ut i alle tenkjelege og utenkjelege media om «overgrep», «krigsbrotsverk» og «Stopp krigen». Det var den dansen terroristane hadde planlagt og ville dei skulle utføra.

Amen.....
Ekstreme islamistar versus «moderate islamistar».

MIFF – som eg har skrive om før her i bloggen, har bedt regjeringa vår visa oss kvar dei finn dei «moderate kreftene» som regjeringa vår vil «styrkja» og som skal vera garantistar for  «ei fredeleg framtid» saman med Israel. Så langt eg veit, har MIFF ikkje fått noko svar. I alle fall endå.

For meg – eg har ikkje betre vit – er den norske politikken «hol i hovudet». Når Barth Eide og Gahr Støre skal «skapa fred» i Midt-Austen med å ta frå Israel den mest sentrale delen av landet, inkludert Tempelplassen og Vestmuren, dansar dei etter fattig evne som sprellemannen min. Dei prøver «å koka ned» problema i Midt-Austen til eit spørsmål om å gjeva «palestinarane» eit stykke land, «og så vil det bli fred». 

Realiteten er at ekstrem-islamistar som Iran, Hamas med fleire, har som mål å øydeleggja Israel og drepa jødane. Israel er «den vesle Satan», og USA «den store Satan», seier dei. Når dei har knekt «Veslebroren», så skal dei ta «Storebroren». Den politikken er offentleg. 

Men kva med resten av familien? Trur me at me skal sleppa unna i tilfelle dei tek landet vårt og innfører ekstrem-muslimske lovar á la Afghanistan, Iran med fleire? Får me ei betre framtid om me «dansar» når Hamas, Islamsk Jihad og liknande arabiske grupper «dreg i tråden»? 

Eller vil me enda opp med eit skadd hovud slik sprellemannen min gjorde?

Kva trur du?

------------------

(i) Det same spørsmålet har eg så vidt vore innom når det gjeld dei store protestmarsjane mot Netanyahu m.m. i Israel. Eg har sett at det har vore lufta tanken på kven som koordinerer og finansierar desse store protestane, men har ikkje sett noko svar på spørsmålet. Men når tusenvis kan samlast slik veke etter veke, er det store summar som trengst for å organisera det heile, og å halda maskineriet i gang.

(ii) Eg tenkjer her på nett som vatn, kloakk, elektrisitet  og internett. Med 500 km tunellar som er sprengde og som gjekk frå inngangar i diverse hus og ned til i alle fall 70 meters djup, kor mykje av er att og kor store investeringar må til får å få eit fungerande samfunn både oppå og under jorda?

Bileta i dette innlegget har eg teke sjølv...

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 4. august 2024

 Karta fortel                                                    Del IV

Headingen på bladet
I dag vil eg ta føre meg ein artikkel som stod i «SMA info om Israel og antisemittisme», nr. 1 / 2022. Det er «Senter mot antisemittisme» (SMA) som gjev ut dette bladet. Dei skriv:

«SMA-info er et uavhengig medium for folkeopplysning som søker å bidra til å utvide og rette opp perspektivet i den politiske, sosiale og kulturelle debatten omkring disse tema, og virke som et korrigerende supplement til massemedienes ensidig negative fremstilling av Israel. I SMA-info finner du artikler som ingen andre norske medier publiserer».

Informasjonen om ein av forfattarane 
«Område C på «Vestbredden» - EUs hykleri og dobbeltmoral», er skrive av D. Diker og A. Baker, omsett for SMA av P. Antonsen. Av innhaldet i artikkelen vil eg ta med dette:

«I Oslo-avtalene fra 1993-95 ble PLO og Israel enige om å dele styringen av territoriene i påventa av resultatene av forhandlinger om deres permanente status. De var enige om at de delene av territoriet som var tett befolket av palestinere – benevnt Område A og B – skulle ligge under en «palestinsk myndighets» jurisdiksjon og kontroll. Denne myndigheten skulle opprettes av partene for dette formålet. De ble også enige om at de gjenværende delene av territoriet som inneholder israelske befolkningssentra og militære installasjoner – benevnt Område C – skulle være under eksklusiv israelsk militær og sivil kontroll og jurisdiksjon(i)

Kartet som viser Osloavalen (frå side 61 i bladet)
EU saman med USA, Russland, Noreg og Egypt skreiv under Oslo-avtalane mellom Israel og PLO. Gjennom det skulle dei - på nøytralt grunnlag - vera med å kontrollera at avtalane vart følgde. Deira oppgåve ville naturleg vera å hjelpa partane å oppfylla avtalane, og oppmuntra dei til å gjera det dei hadde lova.

Men EU gjorde det stikk motsette i og med at dei hjelpte palestinarane å bryta Osloavtalane ved at dei finansierte illegale utviklingsprosjekt og husbygging i Område C, det som Israel skulle ha sivil og militær kontroll med. For den som hugsar litt tilbake, vart dette eit stridsspørsmål då Israel stogga utbygginga under store protestar frå EU og andre. Så langt eg har lese, er det krefter i Israel som vil at denne illegale utbygginga i Område C, skal verta godkjent som nye israelske busetjingar og mellom anna gjeva plass til alyiah-inmigrantar.

Og EU gjekk endå lenger, berre høyr her:

«Offisiell EU-politikk, slik den framgår i policy-notater fra april 2013 og i januar 2019, utgitt av EUs generaldirektorat for utenrikspolitikk, 4 slår fast at «Område C er en del av det okkuperte palestinske territoriet og del av enhver fremtidig palestinsk stat. All EU-aktivitet på Vestbredden er fullt ut i pakt med folkeretten». 5 Her er igjen EU på kant med sine forpliktelser som vitne til Oslo-Avtalene.» (ii)

Noregs svik

På same måten som EU har svikta Oslo-avtalane, har vår eiga regjering svikta sitt ansvar som vert for forhandlingane. Den norske regjeringa utfører valdtekt mot staten Israel med si godkjenning av eit Palestina som tek frå Israel styringsretten over Område C, - den retten Noreg med si underskrift stilte som garantist for. Kartet over områda i Oslo-avtalen samanlikna med det som er lagt ut i samband med Noreg si godkjenning av Palestina, (sjå blogginnlegg for 28.07.24),  viser tydeleg sviket landet vårt har gjort seg skuldig i.

Skjermdump frå Wikipedia 
«Ville Vesten er ikke som før»

Denne strofen frå ein song, dukka opp i tankane mine ein av dagane eg arbeidde med dette stoffet. Ein av slektningane våre som hadde vore i Amerika for vel hundre år sidan, hadde med seg heim ei bok som heitte «Square Deal Sanderson». Boka var på engelsk, og han far las og omsette for bror min og meg. Det vart inngangs-porten min til western-litteraturen som fylgde meg gjennom heile ungdomen.

Mykje kan seiast om western-kulturen, men den hadde i alle fall ein del viktige etiske grunnreglar: «Eit ord var eit ord» og «Ein mann var ein mann». Den som braut sitt ord, var ein ærelaus usling. Endå verre den som utførde vald eller misbrukte kvinner og born, enten det vart fysisk vald, eller at dei brukte desse til skjold for å sleppa å stå til rekneskap for  ugjerningane sine. 

Og bandittane vart dømde, enten det var på skikkeleg vis med sheriff og dommar, eller – der dette ikkje  fanst – ved allmenn semje. Det viktige var at det som var gale, vart stempla som gale, og dei som gjorde slikt, måtte stå til rette for det dei hadde gjort.

No er både Midt-Austen, EU og Noreg geografisk langt frå «Ville Vesten», det er sant nok, men er ikkje dei same etiske grunnreglane gyldige på våre kantar? Er ikkje Osloavtalen «ord» som burde haldast, og burde ikkje både EU og Noreg vore så pass til «menn» at dei stod for det dei hadde underskrive?

No vil Noreg og ei rekkje andre premiera dei som brukar kvinner, barn og gamle som skjold (i Gaza og i Judea-Samaria) med å ta frå Israel dei rettane Osloavtalen klårt gav dei over Område C!

Kanskje ein «Square Deal Sanderson» burde dukka opp i vårt «Ville Vesten» anno 2024?

-------------

(i) Frå side 58, 2. avsnitt.

(ii) Frå side 59, siste avsnitt.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.