søndag 7. juni 2026

Ei bok til ettertanke..
«Frykt og stillhet»   Del 3

Eit røntgenbilete av det norsk-jødiske miljøet?

Eg har alt nemnt boka «Frykt og stillhet. Jødiske stemmer i Norge etter 7. oktober». Ho er skriven av Henrik Beckheim og Tom Solstad i), og dedikert til Beckheims bestemor, Gisela. Ho vart henta frå Ullevål sjukehus 26.11.1942 av norsk politi, sendt til Auschwitz og drepen der 62 år gammal.

«Denne boken er skrevet i hennes navn. For at vi aldri skal glemme. Og fordi for mye av det som skjedde den gang, fortsatt lever: I frykten. Og stillheten». ii)

Og forfattarane avsluttar føreordet slik: «Vi begynte på denne boken etter 7. oktober 2023….. Da Europas land lyste opp i blått og hvitt, forble Norge mørkt. Der andre viste solidaritet, valgte vårt storsamfunn taushet. For Henrik Beckheim var det personlig – som jøde, med en oldemor drept i Auschwitz, kjente han igjen det same hatet, den same stemningen. For Tom Solstad handlet det om noe bredere, for utryggheten for en liten minoritet sier noe dypt om hva slags Norge vi er i ferd med å bli…

Dette er ikke bare en fortelling om jøder i Norge. Det er en fortelling om hva det vil si å tilhøre en sårbar minoritet, og hvilke verdier vi som samfunn er villige å kjempe for». iii)


Eit resyme av 7. oktoberterroren.


Som innleiinga indikerer, startar boka med sidene 15 til 25 som eit samandrag av det som hende i Sør-Israel. Denne delen sluttar med orda til Nimrod Palmach etter masakren:
«Jeg så alt – voldtatte kvinner, døde barn i biler, familier brent, noen med kroppsdeler, noen uten. Og ødeleggelsene på bygningene, som om en tornado hadde herjet. Jeg så holocaust».

Med dette utgangspunktet prøver forfattarane å gjeva eit «røntgenbilete» av både det norske samfunnet og norske jødar sine reaksjonar denne tragiske dagen, - og etterpå.

Boka presenterer tre undersøkingar retta mot det jødiske miljøet i Noreg. Den første, rett etter 07.10.23, vart gjort av NRK. Så gjorde Leif Knudsen ei liknande litt seinare, og den siste, ei haldningsundersøking, vart gjort av HL-senteret i starten på 2024. iv)

Det mest avslørande stoffet i boka er likevel samtalar og meiningsytringar frå 20 menneskje (omtalt som «bidragsytere») frå det jødiske miljøet i Noreg. Nokre namn er velkjende på vår offentlege arena. Andre er heilt ukjende, i alle fall for meg. Eg har ikkje funne kriterium for utvalet, og kan derfor ikkje seia i kor stor grad utvalet er representativt for vår norsk-jødiske minoritet.


«Du må aldri stole på andre»

Dette er overskrifta på samtalen med Berit Reisel, tidlegare nestleiar i Det Mosaiske Trossamfund. Ho uttrykkjer det slik:

«7. oktober er ikke et enestående tilfelle. «Dette er en repetisjon. Det er jødisk historie. Vi har sett det før». Hun tror ikke majoritetsbefolkningen forstår hvorfor terroren gikk så hardt inn på jøder – ikke bare i Israel, men i hele verden.» v)


«Folkemordanklager er antisemittisme»

Dette utsagnet er frå ein av intervjuobjekta som set fokus på ein påstand som har gått att både i NRK, og regjerings-krinsar i og utanfor Europa. Han seier: «Det som definerer folkemord, er vilje til å ramme sivile som mål. Ingen troverdige beviser viser at Israel med hensikt angriper sivile», sier han. vi)

For den som har fylgt bloggen min ei tid, har sett at det var jøden Lemkin som definerte og fekk temaet «folkemord» inn i internasjonalt lovverk. No vert ordet, trass i klåre kriterium, misbrukt til støtte for antisemittisme og jødehat.


«Jeg kan puste i Israel»

Dette er overskrifta over samtalen med ei dame som vart fødd i Noreg og har budd her 22 år av livet sitt. Ho seier det slik: «Etter 7. oktober visste jeg det bare. Jeg måtte hjem. Og det (dvs. Israel) føltes som hjemme selv om jeg er oppvokst i Norge». vii) 

«Føler meg norsk, men….»

Det siste utsagnet eg vil ta med, er frå ein som sjølv ikkje kan tenkja seg å flytta frå Noreg. «Tidligere var det et tema som bare dukket opp i bestemte sammenhenger –kanskje som en tanke, en drøm, en ide. Nå kommer det i fullt alvor. Venner og bekjente i Norge vurderer reelt å flytte. Ikke fordi de ikke liker landet de bor i, men fordi de ikke lenger føler seg trygge på fremtiden». viii)

Dette utsnittet får vera nok for denne gongen. For meg var boka vond å lesa, først og fremst for såre tonen som går att i intervjua gong på gong. Dette er ikkje slik eg ynskjer at nokon skal oppleva landet vårt!

Norsk offisiell politikk har gjeve jødane all grunn til uro, og det som kjem fram skriftleg og muntleg form både offentleg og privat, er skremmande.

Personleg skulle eg gjerne hatt jødar i min vennekrins. Når eg likevel meinar eg at alle jødar burde flytta til Israel, er det fordi eg trur det er einaste staden dei fritt kan leva ut si tru og sin kultur. Eg har ikkje tru på at politi eller militære i noko anna land vil stilla opp for jødane i ei krisesituasjon som den Noreg opplevde i 1942. Den gongen stilte norsk politi lydig opp for å samla jødar til dødsleirane til Tyskland. Etterpå spreidde norsk rettsvesen jødane sine verdiar for alle vindar, og dei som overlevde krigen, fekk lite og ikkje noko att då dei kom tilbake til landet.

Det som Beckheim og Solstad sitt «røntgenbilete» viser, er at situasjonen er skremmande likt den jødane opplevde i tida før 26.11.1942.

--------------

i) Henrik Stefan Beckheim er fødd i 1984. Tom Solstad, f. 1964. Begge er busette i Oslo, og på internett finn du meir informasjon om kven dei er og kva dei driv med.

ii ) Sitat frå side 9, - før «Frykt og stillhet» Del 4.

Bileta er mine. Eg har valt desse som eit teikna på at det mørknar over Noreg...

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.