søndag 3. mai 2026

From the river to the sea.
Israel shall be free!
«Frykt og stillhet»

Dette er tittelen på ei bok som kom i hendene mine for ei kort tid sidan. Underittelen er «Jødiske stemmer etter 7. oktober». Summa summarum trist lektyre berre to og eit halvt år etter det grufulle angrepet som Hamas og likesinna terroristar gjennomførde i Sør-Israel.

Når du les dette, er det tredje dagen etter 1. mai, den dagen som er kalla «Arbeidarane sin fridomsdag». Eg sit og skriv dette på førehand av praktiske årsaker, men ut frå det landet vårt har opplevt siste åra, er eg ikkje i tvil om at landet over har det vore slagord og faner med anti-Israel og anti-jødiske tekstar.

«I høyden vi ei frelse venter hos guder eller fyrsters flokk»

Slik startar andre verset på den norske omsetjinga av «Internasjonalen». i) I tidlegare bloggar har eg skrive om Einar Gerhardsen sin tur til Israel for å møta «Kjære venner». Frå hans ros til dagens anti-Israel og jødehat, er eit langt steg, trass i at han og sikkert song internasjonalen mange gonger. Kanskje også i Israel.

Framsida på boka eg las
Men uansett kva standpunkt den enkelte av oss har, så er Israel ein realitet anno 2026 nettopp fordi jødane og Israel er ein viktig del i planen til Han som forfedrane mine kalla «Den gamle av dage». For Han spelar politiske slagord og skrikande panflettar ingen rolle. Heller ikkje kva «gudar» dei som går i 1. maitog, dyrkar.

Det er Han som står bak opphavet til jødefolket – og staten Israel. Han er den einaste og sanne Gud, - Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, JHVH og «HaShem».

Er me på veg tilbake til situasjonen i 30-åra?

Denne tanken arbeidde i meg medan eg las boka eg starta med i dag. Den gongen vart det bygt opp eit jødehat ut frå ein tankegang at jødane var ein eigen rase. Bilete av jødar med «typiske jødetrekk» dukka opp enten fokus var fysisk misforming eller griskheit med penge- og maktbegjær. Alt produsert ut frå det som opprinneleg vart kalla «judenhass» - jødehat, i tankane til dei som ville jødane vondt. 

I det 19. århundre vart ordet «jødehat» bytt ut med «antisemittisme».
og baksida...
ii)
I vår tid har endringa gått eit steg vidare. Både regjeringa vår og dei som har skrive plakatane og forma slagorda til 1. mai, vil automatisk protestera på at dei er «antisemittar». Derimot er dei – og det understrekar dei gjerne – «anti-Israel» og «anti-sionistar». Og dei stiller gjerne opp i lag med folk som ropar «From the river to the sea, Palestine will be fri!»

Det slagordet byggjer på det som er palestinsk offisiell politikk og som me kan lesa i mange av dei antijødiske organisasjonane sine «Charter». Deira mål er – som slagordet seier, å fjerna jødane og staten Israel. Så når den norske statsministeren og andre i regjeringa og frå venstresida i norsk politikk stiller i tog med slike, viser dei si «anti-israelske og anti-sionistiske haldning»«Jødehat» og «antisemittisme» med andre ord. Og trass i dette syng dei med glede: 

«Lenge nok vi ligget har i støvet: Vi stiller likhets krav mot rov.  Mot alle retten skal bli øvet, slik vi har vårt samfunns lov»

Men Gud er den som gjev liv og vekst...
Men gjeld ikkje dette også jødane som etter 2 000 år endeleg fekk sitt eige land (Eretz Israel)? Ingen som dei har ei så endelaus soge av pogromar og overgrep! Kven skal sikra dei sin «rett» og sitt «samfunns lov» om dei ikkje gjer det sjølve?

Som i tida før andre verdskrig, bøyer jødane nakken og prøver å vera så usynlege som råd. Likevel vert dei hundsa, spytta på og mistrudde som om det var deira personlege skuld alt som skjer i Midtausten. 

Sanninga er at Netanyahu og dei som styrer landet der nede, kjempar ein kamp for å overleva som land og som jødar i det landet JHVH, HaShem, gav dei til evigt tid. Dernest kjempar dei ein kamp for oss mot desse kreftene som – når Israel / jødane er utsletta, skal ta «oss» i «Vesten», - også kalla «Euro-Amerika».  Me er «den store Satan» som skal drepast når «den små Satan», Israel, er utradert! Det kan me lesa svart på kvitt!

For meg, er det ikkje noko folk på jorda som har så stor grunn til å syngja linjene i Internasjonalen sitt tredje vers, som jødane. Både vår politikk – og våre bønner – bør derfor ha som mål at Israel skal leva, blomstra og ha fred innanfor sine eigne, fastlande grenser. 

«Mot alle retten skal bli øvet»!   

Inkludert jødane!

---------------- 

i) På Internasjonalen – Wikipedia, finn du han på originalspråket fransk (ved E. Pottier, 1871), samt norsk og engelsk omsetjing.

ii) Opprinneleg var ordet «antisemitismus».

Bileta er mine eigne.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.