søndag 8. november 2026

 
Skjermdump frå Wikipedia
der du kan finne meir utførleg informasjon.
To dagbøker. 

Du som les bloggen min, har sett at eg har skrive om kva det er å vera jøde. Eg har teke fram ting som forskjellege har skrive om dette emnet.

Temaet mitt i dag er to dagbøker. Begge er skrivne av jenter. Den eine offentleg kjent som «jøde». Den andre, slik det ser ut for meg, hadde ein assimilert jøde som far, og som ikkje ville at nokon skulle vita det.

Anne Franks dagbok [i])

Denne verdskjende dagboka vart skrive av ei jente frå ho var 13 til ho vart 15 år, frå 12.06.1942 til 01.08.1944. Då braut politiet seg inn og arresterte alle dei åtte som hadde gøymt seg i Prinsensgracht 263 i  Amsterdam. Berre Anne sin far, Otto, overlevde. Det var han som etter krigen selde boka og som gjorde at dette spesielle dokumentet vart offentleg kjent.

Denne boka som Inger Hagerup omsette til norsk, er omsett til langt over 50 språk og kjent verda over. Som me veit, finst det mange som enten nektar på at holocaust har skjedd, eller har prøvt å omskriva denne grufulle delen av europeisk soge. Det er derfor gjort grundige undersøkingar av skrift m.m. for å slå fast at dagboka er ekte, og at ho vart skriven av Anne sjølv.

Anne Frank gjekk på ein skule i Amsterdam frå første til sjette klasse. Ho fekk og ei tid på eit Jødisk Lyceum før familien gøymde seg i bakre delen av fabrikkbygningen som faren åtte og dreiv sin butikk. Det var der dei seinare vart tekne.

Kva skreiv Anne om?                      

Anne skriv til ei tenkt venninne, Kitty, og fortel smått og stort om seg sjølv og dei sju andre som var innestengde saman. Det var hennar eigen familie på fire, og familien van Daan [ii]) som og var fire. I tillegg kom Peters katt, Mouschi.

Då eg las denne dagboka, slo det meg kor godt hjelpeapparat desse jødane hadde. Dei fekk inn både mat og mykje forskjelleg, inkludert bøker, etter som dei trong det og så lenge det kunne skaffast både på den lovlege eller illegale marknaden i Amsterdam. Alt dette kunne skje takka vera familien sine gode økonomi, i tillegg til at trufaste ikkje-jødar våga liv og lemmer for å hjelpa Anne og dei andre som gøymde seg for tyskarane i huset. Her er nokre døme på det Anne skreiv:

«Torsdag, 9.juli 1942

Kjære Kitty,

Så sprang vi da gjennom silregnet, far, mor og jeg, med en dokumentmappe, en skoleveske og en torgveske fullstappet med forskjellige saker. Arbeiderne på morgentrikkene så medlidende på oss. De syntes nok det var synd at vi ikke fikk lov å trikke, den gule stjernen talte sitt tydelige språk.

Skjermdump frå Wikipedia sitt innlegg
m Anne Frank.
Underveis fortalte far og mor punkt for punkt hvordan de hadde planlagt vår «underjordiske» tilværelse….»

Denne «underjordiske tilværelsen» var i bakre delen av bygget der faren hadde forretninga. Der var eigentleg to bygg knytte i saman med ein smalare del. Heile første etasje og det meste av andre vart heile tida brukt til forretning. I korridoren i andre etasje var inngangen til bakre bygningen gøymt bak ei bokhylle. Bak denne disponerte 8 menneskja nokre rom i to etasjar med toalett, kjøkken og anna.

Trangt var det, og etter kvart oppstod ikkje lite problem dei i mellom, både på grunn av plassmangel, men og på grunn av det psykiske presset dei levde under. Dei måtte og heile tida vera stille når forretninga var open og kundar og andre uinnvidde  kom og gjekk nedunder.

«Fredag, 24. desember 1943

Kjære Kitty.

Jeg har ofte fortalt deg hvor avhengige vi er av våre stemninger her i huset. Og med meg blir det verre og verre. «Himmelhoch jauchzend zom Tode betrübt» [iii]) Jeg er «himmelhoch jauchzend» når jeg tenker på hvor godt jeg har det, særlig sammenlignet med andre jødiske barn, men «zum Tode betrübt»… ja, det blir jeg hver gang jeg får høre hvordan livet går sin gang der ute.»

Frå menoraen ved Knesset:
"Ved Babylons elver vi satt og gråt..."
Ein grunn til uroa var at ho og mora ikkje kom så godt over eins. Med faren var relasjonen mykje betre. I tillegg sakna ho å ha ei levande venninne, ikkje berre ei tenkt dagbokvenninne, Kitty. Som erstatning utvikla ho eit nært tilhøve til Peter som var ein del eldre, - ein relasjon som skapte uro hjå foreldra.

Siste dagbokinnlegget var langt, datert tysdag 1. august 1944. Temaet er «En bunt motsigelser»:

«Jeg har en gang fortalt deg at i virkeligheten har jeg ikke en, men to sjeler. Den ene lever i min løsslopne munterhet, i min fleipethet, min livslyst og framfor alt min evne til å ta allting lett. Med det mener jeg at jeg ikke sier nei til en flirt, et kyss, en omfavnelse eller en våget vits. Denne sjelen ligger som regel på lur og fortrenger den andre, som er mye renere og vakrere og dypere. Ja, for du må innrømme at ingen kjenner den gode siden av Anne, og det er derfor så få mennesker kan fordra henne».

Med desse glimta inviterer eg deg til å lesa boka sjølv. Omsetjinga eg har brukt i dette innlegget, er Inger Hagerups. Eg let derfor slutten på hennar innleiing til boka, stå som av slutning hjå meg i dag:

«Jeg vil leve etter min død,» skrev Anne et sted i dagboken. Det ønsket har gått i oppfyllelse. «Mennesket Anne» som hun av og til kaller seg selv, er blitt et symbol på selve den grusomme meningsløsheten ved vold og krig. Og det er hun ikke blitt i kraft av store ord og fraser, men bare fordi hun enkelt og sannferdig og levende har gitt et bilde av seg selv – en ung pike som stod i begynnelsen av tilværelsen og elsket livet, og som hadde de rikeste muligheter til å kunne leve et fullverdig menneskeliv. Å lese «Annes dagbok» er som å få en pakke brev frå en avdød venn som en aldri har kjent, men som savnes dypt likevel». Inger Hagrerup.


[i] Boka eg har teke døme frå her, er «Anne Franks dagbok», Den norske bokklubben, Oslo 1966.

[ii] På internett, no.wikipedia.org, er denne familien kalla Augusta, Herman og Peter van Pels, og Fritz Pfeffer: «Van Pels-familien kalles for van-Daanfamilien av Anne i dagboksn hennes, og Pfeffer blir omtalt som Albert Dussel». Noko vidare forklaring på dette, har eg ikkje funne.

[iii] Visstnok eit utsagn av Goethe: «himmelhøg jubel, men (likevel) trist til døden».

Skjermdumpane har eg laga. Biletet frå Menoraen ved Knesset er og  mitt.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 1. november 2026

Utsnitt av artikkelen i JP 13.09.23
 Diaspora-jødar [i])    

Siste delen av artikkelen til David Zalik som eg refererte til sist, går på det å kjenna seg som jøde.

Zalik fortel at han ein kveld åt i lag med fem unge israelarar i Tel Aviv. To av dei hadde vakse opp i diaspora, og ein av dei spurde kva Israel eigentleg treng å få frå desse jødane som held på å verta assimilerte og forsvinna som jødar.

Forfattaren vedgår så at assimilering føregår over alt og at talet på jødar som vert vekke, er stort. Men, skriv han, parallelt med dette finst det eit veksande tal av jødar utanfor Israel som kjenner seg knytte til Gud, til Loven og til Israel. Det sentrale for dei er å vera ein del av det jødiske fellesskapet som han kallar «Jewish peoplehood».[ii])

Mange av desse tek jødiske studium endå dei kanskje er både 40 eller 50 år gamle. Dei har ikkje som mål å verta ortodokse, men dei vil læra det dei ikkje fekk læra då dei var unge.

Mange amerikanske jødar, seier han, vel å leva som jødar utan at nokon krev at dei skal gjera det. Når dei gjer det, er målet å setja jødiske verdiar inn i ein større samanheng, og på den måten spreia den jødiske erfaringa inn i institusjonar og samfunn utanfor Israels grenser.

Loven vart gjeve til dei få...

Skilnaden på «israelar» og «jøde»

Han fortel i artikkelen om ein ung jøde som reiste ut (frå Israel, slik eg forstår det) som «israelar», men kom att «som jøde». Opphaldet i «diaspora» hadde lært han kven han eigentleg var, og han hadde lært å verdsetja sitt jødiske opphav. Vedkomande hadde utsett militærtenesta si for å bruka eitt år som frivillig i eit amerikansk lokalsamfunn. Han sa det slik:

«Familiane tende lys på fredagskveldane, ikkje fordi samfunnet rundt dei stansa, men fordi familien sjølv bestemte seg for å gjera det. Folk hadde «mezuzahs» [iii]) på dørkarmane sine, endå ingen der omkring ikkje hadde det. Eg reiste (til Amerika) som israelar. Eg kom heim att som jøde!»

Skilnaden på Egypt- og Babylon-diasporaen!

Dei jødane som vart att i Egypt, skriv Zalik, vart assimilerte og etterlet seg ingen spor. Dei som vart att i Babylon då Esra og dei rundt 50 000 vende tilbake til Juda og Jerusalem, sette derimot sterke spor.

Litt historie
Salme 137,1-6.

I fleire etappar vart jødar ført bort frå landet sitt til eksil i Babylon. Samaria og Nordriket fall i 722 f. Kr. Judea og Jerusalem opplevde det same i 597 og 586 f. Kr. Etter profeterte 70 år (538 f. Kr.) fekk Esra og ein del venda tilbake for å byggja opp att Jerusalem og ta landet i bruk. Dei vart buande i Jerusalem og Judea, noko som seinare resulterte i namnet «judearar» eller «Jødar».

Jødane i Egypt på Mose tid var eit slavefolk som vart drivne til arbeid der Farao ville ha dei. I Babylon var mange av jødane jordbrukarar. Dei samla seg i eigne område og tok vare på både sin kultur og si tru.

29. kapitelet i boka til Jeremias, - særleg vers 1-14, er eit brev til dei som var førde i eksil i Babylon. Der vert folket oppfordra til å leva «eit normalt liv». Gjennom profeten bad Gud dei arbeida for «den byen eg har ført dykk til i eksil, og de skal be til Herren for han! For når han (dvs. byen dei budde i) har fred, har de og fred.»

Derfor utvikla det seg frodige jødiske samfunn med eigne samlingsplassar (synagogar), og dette held eksiljødane fram med etter at Esra og dei mest ivrige hadde reist tilbake til Jerusalem og Juda. [iv])

Då Jerusalem var øydelagt i år 70 og dei jødiske opprøra var totalt slegne ned av romarane rundt år 135, var det døden for ein jøde om romarane fann han i Jerusalem. Landet heitte då «Palestina», og berre små grupper av jødar budde spreidde utover i det landet Gud gav Abraham og hans etterkomarar.

I denne perioden var hjelpa frå jødane i Babylon, både økonomisk, kulturelt og religiøst, avgjerande for dei få og fattige som fanst att i Palestina. Nokre meinar at dei ikkje hadde overlevt fysisk og åndeleg, utan denne hjelpa.

Slik eg forstår Zalik, ser han på diasporajødar som er sin jødedom bevisst i dag, som ein ressurs for staten Israel og israelarane, på same måte som Babylon-jødane var det frå år 135 og utover.


[i])  «Diaspora» er eit hebraisk ord som vert brukt om jødar som bur spreidde ut over jorda (men ikkje i Israel).

[ii])  Underoverskrifta er: «The idea of Jewish peoplehood is coming together».

[iii]) «Mezusah» er eit lite skrin (?) på dørakrmen i jødiske heimar som inneheld eit utvald skriftord. Det skal gjeva velsigning og vern til huset og dei som bur der.

[iv]) Dette kan me lesa om i Esras bok. Eigentleg føregjekk tilbakevendinga i tre etappar frå om lag 538 til 445 f. Kr). Dei som vende tilbake, var eit mindretal. Kanskje berre 50 000 totalt.

Bileta er mine. Dei to nedste frå menoraen ved Knesset.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 25. oktober 2026

Ei spennande og informativ bok...
 Kven eller Kva er så ein jøde?

For meg som ikkje er jøde og som studerer jødane og deira soge fordi deira Gud og min Gud er den same, er spørsmålet stadig aktuelt.

I bloggen for 30. august skreiv eg om «Jødedommens enigma» ut frå det eg fann i boka til Hans Küng. Han skriv om jødane at dei er representerer ein stat som ikkje er ein stat. Israel eksisterer fysisk, men for det store fleirtalet av jødar som bur utanfor Israel, er «Eretz Israel» eit tankebilete dei ber inne i seg og som ikkje alltid samsvarar med det området på jorda der del blå og kvite flagget med Davidsstjerna er planta. På same måten er jødane eit folk, som ikkje er eit folk, ein rase som ikkje er ein rase, osv. (Er du interessert i resten, får du leita opp bloggen og lesa sjølv).

Jødar verda rundt har i september-oktober helsa kvarandre med: «Neste år i Jerusalem». Kor mange meinte det dei sa og planlegg å reisa heim (= gjera alyiah)? Ein prosent eller mindre?

Ei røyst frå «innsida»

Hans Küng er ikkje-jøde slik som eg (så langt eg veit). Me ser derfor det heile utanfrå. Det er derfor ekstra interessant å sjå kva Rabbi Hayim Halevy Donin skreiv om det å vera jøde: [i])

«Den kjensla av slektskap som jødefolket kan kjenna på, er meir ei «mystisk» oppleving enn noko som kan forklarast logisk. Kanskje det er ein av grunnane til at jødar ikkje passar inn i dei tradisjonelle kategoriane som historikarar og sosiologar brukar for definera nasjonar, rasar, religionar og andre sosiale grupperingar. Eller kanskje den enkle forklaringa er at jødar ikkje utgjer ein eigen rase (Rase er eit ord som høyrer heime i biologien), jødane utgjer heller ikkje ein religiøs retning, endå om dei er truande. Dei er heller ikkje i seg sjølv ein nasjon, sjølv om dei også kan vera nett det, alt etter kva definisjon av ordet ein brukar. Problemet er vanlegvis løyst med å bruka termen «folk» i staden for enten «religion» eller «nasjon».

Baksideomtalen ....
Sjølve problemet med å kategorisera den jødiske folket, kan godt vera deira særmerke. Og dette særmerket kjem for den som trur, av eit spesielt stempel som er sett på dei av Han som er evig: «De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg» (Exodus 19,6). [ii])

To sider lenger ute i boka skriv han: «Det at eit folk som ut frå sin storleik er heilt ubetydeleg, «den minste av alle nasjonane», ha-m’at mikol ha-amim for å bruka orda i Loven, har skapt så mykje og som gjennom verdssoga så lenge har overlevt alle forsøk på å assimilera eller utsletta det, må visa at det er andre krefter som spelar inn enn det folket sjølve er i stand til».[iii])

Ligg det ein løyndomen i diaspora?

Over alt i verda ser det ut til å bu jødar. Til og med på Grønland bur det ein, om Webb-en snakkar sant! I Jerusalem Post sin artikkel 13.09.26, skriv David Zalik [v]) at Babylon, ikkje Egypt, er viktigast når ein tenkjer på jødane som er spreidde rundt om på kloden.[vi])

Artikkelen har ei litt lang under-overskrift: «Det jødiske folk har ikkje overlevd fordi alle stod samla. Det overlevde fordi mange nok gjorde det. For gjennom største delen av soga, har det vore eit mindretal som har leidd ein liten del av folket». [vii])

I den tida eg vaks opp, kjende alle i Noreg soga om utgangen frå Egypt («exodus») og dei andre delane av bibelsoga. Reknar med det var nokonlunde slik i det meste av vår euro-amerikanske kulturkrins. Denne kunnskapen var eit viktige element i vår skulegang.

Opphaldet i Babylon var derimot eit nærast uskrive blad. Der forsvann «dei ti tapte stammane» ut i det ukjende medan ein heller liten flokk vende heim etter ordre frå persarkongen Kyros. Dei fleste var frå Juda. Dei slo seg ned i Judea, noko som gav opphav til namnet «Jødar».

Mellom det me kristne kallar Det gamle testamentet (GT) som er jødane sin Tanakh, og Det nye testamentet (NT), ligg 400 år me kristne veit lite eller ingen ting om. Og me veit lite om kva som skjedde med jødane i landet etter Jerusalem vart øydelagt i år 70, og det Jødeland som låg rasert og øydelangt etter opprøra frå 132 til 135/-36.

David Zalik viser til ting sjefredaktøren i JP har skrive, mellom anna at «eit lite jødisk folk som gjer bevisste val, er ikkje nødvendigvis den svakaste part». [viii]) Dette er sagt i samband med dei jødane som står fast og ikkje stikk seg vekk når antisemittismen herjar i verda slik som no. (Bakgrunnen for desse artiklane er truleg spørsmålet om jødar som bur utanfor Israel, skal få stemmerett under val i Israel, og kva tyngde deira meiningar skal ha i det politiske liv der.)

Kor mange jødar vart att i Egypt?

Zalik skriv at utgangen frå Egypt eigentleg er to forteljingar. Den første gjeld dei som vart att. Han skriv at etter tradisjonen var det berre ein av fem jødar som vandra ut! Dei berre vart vekke...

Den andre soga er det mindretalet som tok valet og reiste. Dette er viktig å leggja merke til, for det var det mindretalet som kom til Sinai og vart opphav til ein sivilisasjon som forandra verda!

«Det jødiske folk har ikkje overlevt fordi alle var engasjerte. Det har overlevt fordi det var mange nok som var det! Gjennom det meste av vår soge, har det vore nokre få som har leidd eit mindretal».

…………

Eg let dette vera konklusjonen i dette innlegget. Går alt som normalt, skal du få lesa meir i neste blogg.



[i] Abbi Hayim Halevy Donin: «To be a jew. A guide to Jewish Observance in Contemporary Life», Basic Books, Inc., Publishera, New York, USA 1972.

[ii] Mi omsetjing av ein del av side 9 i boka hans.

[iii] Mi omnsetjing av eit avsnitt side 11.

[iv] Begrepet «diaspora» vert brukt om jødane som er spreidde utover kloden.

[v] Bladet skriv at han er ein av grunnleggjarane av Zalikstiftinga. Dei har investert 200 millionar dollar i undervisning for jødar m.m.

[vi] Overskrifta er: «Babylon, not Egypt: Israel is running on the wrong story about Diasapora Jews». Artikkelen er ei «meiningsytring», står det.

[vii] Mi omsetjing av : «The Jewish people did not survive because everyone stayed comitted. It survived because enough did. For most of our history, it has been the few leading the few».

[viii] MI omsetjing av: «a smaller Jewish people that chooses is not a weaker one».

 

Merknad: Bibelteksten er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 18. oktober 2026

Framsida på boka eg skriv om
Frontkjemparane

Dette var etter krigen namnet på fleire tusen nordmenn som gjekk inn på tysk side i krigen. Dei fleste vart sende til Austfronten og Finland.

I bloggen for 05.07 siterte eg frå eit brev som vart offentleggjort frå ein av desse:

«6. oktober ble et brev fra frontkjempere i) lest i Oslo radio, og også det siterte Nyhetsoversikt. En av dem kunne berette om følgende store opplevelse. Han skriver fra Ukraina:

Under vår framrykking måtte vi foreta en husundersøkelse. Under et teppe fant vi en sprell levende jøde. Han prøvde å komme med forklaringer, men det nyttet ham ikke. Vi gjorde kort prosess. Utenfor ble han skutt på tre meters avstand. Hans råtne hjernemasse veltet ut.»

Sitatet kopierte eg frå Rødners bok. På ein tur til Feie, øykommunen i vest for Fastlandsnoregs vestlegaste punkt, Vardetangen, fann eg på venterommet eldre bøker eg kunne forsyna meg av for ein billeg penge. Og boka eg tok, var Vegard Sæthers: ««En av oss». Norske frontkjempere i krig og fred». [i]

og baksida...

«Divisjon Wiking angriper»

Dette er overskrifta på eit underkapittel i andre delen av boka. Som kjent frå andre kjelder, var det mest i Polen og Ukraina at dei norske frontkjemparane var vitne til og eventuelt deltok i overgrep mot jødar. Etter det eg finn på internett [ii], så var det, av 15 200 000 drepne sivile, om lag 2 400 000 jødar.

Av Sæthers bok går det fram at mange av frontkjemparane hadde bakgrunn i NS sitt barne- og ungdomsarbeid. Det er derfor naturleg å tru at dei var vel indoktrinerte i nazistisk raseteori, og at tankane som låg bak det fatale vedtaket på Wansee-konferansen i juli 1941, var godtekne. Sitatet Rødner tok med, viser at dei som publiserte det i Oslo under krigen, såg på drap av jødar som eit slags heltegjerning.

På sidene 93-95 tek Sæther med ein del om det «Hans» og nokre kameratane opplevde:

«Oppholdet her ble ikke kjedelig, for her drev ukrainsk hjelpepoliti intens jakt på jøder som skrekkslagne flyktet over tak og gjerder». - «Og ukrainerne var nådeløse: Jødene ble «skutt ned som spurver», noterte han.»

Skjererndump frå
https://www.norgeshistorie.no/andre-verdenskrig
/1765-de-norske-frontkjemperne.html
«Her var også norske soldater i divisjon Wiking delaktige. Notater som: «Det ble ikke grepet inn mot uvesenet fra vår side – vi måtte vente på videre fremmarsj i og ved bilene» og «Ingen av soldatene eller offiserene gjør antydning til å ville gripe inn» viser en stilltiende aksept av det som skjedde.  I det første tilfellet (sitert tidligere i kapittelet [iii]) dreide det seg om jøder som ble skutt, i det andre tilfellet tok en sivilist i bruk en spade fra en av de tyske militærbilene, og slo løs på en mann som ble beskylt for å være «jøde», «banditt og fredsforstyrrer». Mannen ble levende begravd, og Ørnulf handlet: «Jeg synes dette er forferdelig å se på og ber gruppeføreren vår om å gjøre noe. Han synes visst selv det er ille, og han gjør ende på mannen med et skudd». Eksemplene synliggjør både stilltiende deltakelse og aktiv inngripen fra norske soldater i divisjon Wiking»

«Flere forhold peker imidlertid mot at soldater fra divisjonen gjorde mer enn dette: Den britiske etterretningsorganisasjonen fanget opp tyske militære radiomeldinger som tydet på at enheter av divisjonen var delaktige i massemord på jøder i Lwow».

Rettsoppgjeret 

Forfattaren har gjort eit grundig arbeid med dokumentering av kvar frontkjemparane var, korleis det gjekk med dei etter krigen, og landssviksoppgjerdet. Dei fleste fekk nokre få års fengsel, men greidde stort sett å koma tilbake og inn i eit normalt liv etter soninga.

Detalj frå SS-soldatane si uniformshue
Eg finn ikkje noko i dommane relatert til overgrep mot jødan der dei norske frontkjemparane tenestegjorde. Som soldatar i den delen av den tyske krigsmakta, må ein vera naiv om ein skal tru at dei berre var passive tilskodararar til krigsbrotsverka SS er kjende for.

Ein annan ting er at frontkjemparane (og familiane?) hadde ein forrett når det galt fortdelinga av det som den  norske staten konfiskerte av jødisk eigedom. Dette vart ikkje – så langt eg forstår, registert på ein slik måte at ting kunne sporast eller seinare verdsetjast når jødane som kom heim søkte om erstatning. I Sæthers elles så grundige bok, er ikkje dette nemnt.

Bortsett frå sidene 93-95, er dei resterande vel 350 sidene uten informasjon om tilhøvet mellom frontkjemparane og jødane, korkje i Noreg eller Aust-Europa.

I del 10, «Refleksjon», gjer forfattaren seg tankar rundt det han har teke med i boka. Her kjem han inn på korleis  desse frontkjemparane såg på seg sjølve og tenesta for NS og tyskarane som dei hadde gjort. 

Men eg, einspora som eg er, fann relativt lite av det eg leitte etter....



[i] Boka kom ut på Cappelen Damm AS, i 2010. ISBN 978-82-02-36761-9.

[iii] Parantesen er innsett av meg for samanhengen si skuld..

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 11. oktober 2026

Også i naturen er ting fletta inni kvarandre

Om himmel og jord

Sist skreiv eg om ein forunderleg figur som i Bibelen går under ei lang rekkje ulike namn. Me finn han som «Slangen» i det tredje kapittelet i første boka, og som «Draken» i det tredje siste kapittelet i den siste boka. Mellom desse ytterpunkta finn me han som «Djevelen», «Satan» eller noko anna.

Stort sett les me om det han gjer eller ynskjer å gjera her på denne jorda. Eit unnatak er i Jobs bok der han dukkar opp mellom «Guds søner» på ein stad som tradisjonelt vert tenkt på som himmelen.[i]

Ein åndeleg kamp

Eit mykje sitert bibelavsnitt mellom kristne gjennom tidene, er Efesarbrevet kapittel 6. Der står det om den åndelege rustninga Gud gjev sine: «For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.» (Ef. 6,12).

Dette skriftordet står i samband med noko Paulus skriv om familien. Likevel er det grunn til å oppfatta orda om rustninga som allmenngyldige. Det slær fast at kampen mot djevelen er ein åndeleg kamp, for Guds og vår motstandar (1. Pet. 5,8) er ein fallen engel. Dermed vert det snakk ein kamp som føregår på to plan, eit åndeleg eller himmelsk nivå og eit fysisk eller jordisk.

Gud skapte alt vakkert og godt..
Så langt eg forstår, starta denne striden i himmelen om me tolkar namnet  «fyrsten av Tyrus» som eit anna namn på Satan (Esek.28). Det same indikerer orda «du morgonstjerne, son til morgonroden» hjå Jesaja.

Men frå 3. kapittel i starten av Bibelen til det tredje siste kapittelet i boka, er jorda valen eller arenaen der den åndelege kampen føregår.

«… som modellen som vart vist deg på fjellet»

Både når det gjeld Israels tabernakel og orda i Toraen, så var det noko Gud gav Moses i dei periodane han var oppe på Sinaifjellet. I alle fall slik eg forstår det, fekk han der sjå og høyra ting som til då ikkje fanst i denne verda. Han fekk høyra Gud tala ord som han skulle gjeva vidare. Han såg og ting som han vart pålagd å få omskapt til jordiske, fysiske ting.

Gud hadde gjeve visse personar (Besalel og Oholiab) evne og forstand til å overføra «modellen» Moses hadde sett på fjellet til fysiske ting av gull, sølv, lin og meir. (1. Mos. 31,1 m.m.). I tillegg arbeidde andre med naturlege evner. Takka være alle desse, vart Tabernaklet ein realitet.

Det same galt arbeidet som prestane (Aron og sønene) og levittane skulle utføra i den jordiske kopien av det himmelske førebiletet.

«Og Moses gjorde som Herren hadde pålagt han» (3. Mos 8,4) står det mange stader. Han var trufast i oppgåva med å overføra den levande Guds påbod og planar til jødefolket – og frå dei har me andre fått kunnskapen.

 Han let nytt liv spira fram kvar vår...
 «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

Dette var orda apostelen Johannes fekk høyra (Op. 4,1), og dermed fekk han gå gjennom «døra som var opna i himmelen» for å sjå det som skulle henda både oppe i himmelen og nede på jorda.

Frå 4 kapittel får me så sjå verda si utvikling i eit himmelsk perspektiv. Me får sjå kva som skjer i himmelen, og kva som skjer – eller skal skje – nede på jorda. Kanskje viktigaste lærdommen for oss er kor nært ting som skjer på jorda, er knytt til det som har hendt i himmelen.

Frå kapittel 6 ser me at det vert brote segl [ii] i himmelen, og straks skjer det veldige endringar nede på jorda. Seinare ser me englar som bles i basunar [iii], og straks skjer nye ting på jorda.

I kapittel 16 vert det tømt skåler over heile universet, og dermed kjem naturkatastrofar som påfører menneskja enorme lidingar. Alt dette skjer fordi menneskja har valt å sjå vekk frå det åndelege aspektet i Gudsopenberringa, og forlate trua på den eine, sanne Gud. Kort sagt fordi dei har valt å høyra på «Slangen» og ikkje på Gud.

Guds vilje er liv og fred!
Endringar i naturen…

Me trur kanskje at syndefallet og Satan si makt berre gjeld oss menneskje, men slik er det ikkje. Ser me på kva som skal skje i tusenårsriket eller fredsriket når Messis rår over jorda frå Jerusalem, verkar det utruleg sett med «våre» auge. Og alt dette fordi i desse tusen åra er Satan lagt i lekkjer og er makteslaus.

«Då skal ulven bu saman med lammet og leoparden leggja seg hos kjeet. Kalv og ungløve skal beita saman medan ein smågut gjeter dei. 7  Ku og bjørn skal beita, ungane deira leggja seg saman, og løva skal eta halm som oksen. 8  Spedbarnet skal leika attmed hòla til slangen og barnet strekkja handa ut mot ormebolet.

9  Ingen skal skada eller øydeleggja noko på heile mitt heilage fjell. For landet er fylt av kjennskap til Herren slik vatnet dekkjer havsens botn.

10  Den dagen skal Isais [iv] rotskot stå som eit banner for folka. Folkeslaga skal søkja han, og hans bustad skal vera herleg». (Jes. 11,6-10).

Kva så med Küngs gud og min Gud?

Min Gud som er Bibelens Gud, er den som tok initiativet til alt saman, skapte alt og oppheldt alt trass i Satans iherdige kamp for å stela, øydeleggja og drepa. (Joh.10,10). Israel er det beste beviset på at denne Gud er aktiv og levande også i dag.

Küngs gud, han som evolusjonerte frå polyteisme til monoteisme nokre hundre år før Kristi fødsel, er for meg ein imaginær «papirgud» som korkje kan frelsa eller hjelpa.

Eg er glad at eg har møtte Bibelens Gud. Eg takkar og jødane for denne opplevinga, for «frelsa kjem frå jødane». (Joh.4, 22b).

Kva trur du?


[i] Det er spørsmål om det er fleire himlar. Tradisjonelt i jødisk tankegang, er det snakk om sju himlar. Paulus seier i 2. Kor.12,2 at han vart bortrykt til «den tredje himmel». Denne debatten går eg ikkje inn på her.

[ii] Frå gammal tid var det vanleg at brev og dokument som ikkje måtte lesast av andre enn dei som var autoriserte, vart «forsegla». Då eg var liten, kveikte far min på ei raud lakkstang og let flytande lakk drypa ned på forseglinga av konvolutten han skulle senda. Og så hadde han eit messingsegl han trykte nedi før lakken stivna. Det skulle hindra at ikkje autoriserte personar i posten skulle kunne opna brevet, og mottakaren kunne bryta seglet og vita at innhaldet var urørt. Noko slikt er det eg tenkjer føregjekk eller skal føregå der oppe frå kap 6 og utover.

[iii] Lyden av basunar eller for den del bukkehorn, har alltid spelt ein viktig rolle i jødisk historie og kultur. Lyden var og ein teikn på Guds nærleik på Sinai.(T.d. 2. Mos.19,16).

[iv] Isai eller "Jesse" var far til David. Messias kjem av Davids ætt, og  «Rotskotet» er eit bilete på han.

Bibeltekstane er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.