søndag 31. mai 2026

Tankar rundt «Frykt og stillhet». Del 2

Ei viktig bok for å forstå
korleis norske jødar opplever
landet vårt
Den tredje som eg fann omtalt i overnemnde bok, ser ut til å vera ein heilt spesiell mann på mange måtar. Intervjuarane trefte han i bokseklubben på Jordal i Oslo der han var oppteken med å trena ein gjeng unge med forskjellege nasjonale bakgrunnar:

«Guttene kommer frå overalt – Somalia, Pakistan, Polen, Syria og Tøyen. Det snakkes lite. Det jobbes. Her er fellesskap, disiplin og pause fram alt annet. «Her inne er vi ikke fra forskjellige land. Vi er fra Oslo Bokseklubb», sier han.» i)

Mendelsohns omtale av han i «Jødenes historie i Norge» ii) er i samband med ei rekkje jødiske idrettsmenn: «Etter krigen – frå midten av 1970-årene – har Jørn Goldstein vært et kjent navn i norsk idrettsverden (ishockeyspiller, flere ganger keeper på landslaget), likeledes Max og Danny Mankowitz, førstnevnte i karate (bl.a. med førstepremie i Europa-mesterskapet 1978 og tredjepremie i verdensmesterskapet året etter). Den yngre broren, Danny, har vunnet en rekke nasjonale mesterskap i bryting,…»


Karate eller kickboksing?

Eg reagerte på at Mendelsohn omtala idretten Max dreiv med i 1970-åra som «karate», medan forfattarane i «Frykt og stillhet» brukar ordet kickboksing. Og som med så mykje anna eg ikkje veit, gjekk eg til «nettet». Der står at karate og kickboksing er to vidt forskjellege kampsportar, og at det siste er ein slags kombinasjon mellom den japanske forsvarsteknikken karate og boksing. Og for å gjera ein ikkje-innvidd endå meir forvirra, møter altså forfattarane intervjuobjektet sitt i Oslo bokseklubb, ein klubb han sjølv har vore pådrivar med å få i stand.

Einaste snubleseinen eg fann med dette etternamnet

Kven er så Max Mankowitz?

Bestefar hans kom til Noreg i 1915 frå ein liten landsby (shtetl) mellom Riga og Leningrad, står det i «Frykt og stillhet». Elles er det lite å finna om personar med etternamnet Mankowitz. Den einaste eg har funne, er ein snublestein til minne om Max Abraham Mankowitz, fødd 30.10.1892 og drepen i Auschwitz truleg 01.02.1943.

Namnelikskapen kan tyda på at han kan vera bestefar til boksaren Max Mankowitz som vart fødd i 1959. Ved sida av aktiviteten som utøvar og trenar m.m. knytt til boksing, har han arbeidt som lærar i gym og musikk i tillegg til å vera korpsdirigent. Boka kan og fortelja at han hadde ein birolle i filmen «Den største forbrytelsen», filmen om boksaren Charles Braude som var ein av dei jødane som kom levande frå opphald i Auschwitz. Max Mankowitz gjekk av med pensjon i 2021.


Ikkje mobbing i Oslo Bokseklubb.

Det som gjer intervjuet med Max unikt i boka, er at han ikkje opplever det trykket dei andre jødane gjev uttrykk for etter 07.10.23.

Skjermbilete frå www.temanor.no/idrettsgalla
med "årets ildsjel" 2023. Der er mykje meir informasjon.
«Folk her vet hvem jeg er. Og de vet at jeg er jøde, de vet at jeg ikke er Israel», sier han. «Det er ingen som spør meg om Gaza eller Netanyahu. Og det er jeg glad for. … Jeg bor her, i Norge. Jeg har ikke valgt regjeringen i Israel. Det som skjer der, det står ikke jeg for. Skal jeg som norsk jøde svare for Netanyahu? Det blir som å be en amerikaner her i Norge ta ansvar for Donald Trump.»

Eit positivt miljø

Max rosar bokseklubben og miljøet i den: «Her inne snakker vi ikke politikk. Vi gidder ikke det. Her handler det om respekt. Om innsats».

Ein anna stad seier han at det ikkje er så mange som veit at han er jøde. «Men jeg skjuler det ikke. Jeg går ikke rundt og forteller det til alle heller. Det er bare en del av det jeg er».

Sjølv har han ikkje opplevt mobbing, men veit andre opplever det, til dømes i skulen. Og han legg ansvaret på heimane. «Barn hører ting hjemme. Fordommer er ikke noe de finner på selv. Det er noe de har lært.»

I bokseklubben er reglene klare: «Mobber du eller viser manglende respekt? Da er det rett ut. Så enkelt er det», sier Maz.»

Kanskje det er slik heile samfunnet burde fungera, - ikkje berre Oslo Bokseklubb?

---------------

i) Sitat frå side 222-223. Elles er sitata frå forskjellege stader i sidene etter.

ii) Sitat frå side 861.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar