Det første som slo meg då eg opna boka, var illustrasjonen på innsida av framsidepermen. Küng deler der den historiske utviklinga i
jødedommen inn i seks paradigme.[i]
Paradigma går ut frå «Hovudelementa for trua»:
Bodskapen: «YHVH er Israels Gud, og Israel er hans folk».
Den avgjerande hendinga: «Utgangen frå Egypt og openberringa i Sinai».
Det unike i jødedommen: «Israel
er Guds folk og land.»
Paradigma fikserer på ein makromodell av samfunnet,
religionen og teologien: «Ei samla oppstilling av tru, verdiar, teknikkar osv.
som er delte av eit visst samfunn».[ii] Ut frå dette har Küng delt
jødane si soge slik:
1. Stamme-paradigmet
som går fram til inngangen i det lova landet i det 11-12 århundre f. Kr. (Viktige
personar: Moses og dommarane). Tidsperiode: 2000 til 1200 f. Kr.
2. Kongedømme-paradigmet går fram til fangenskapet i Babylon, frå 1000 til 556 f. Kr. (Viktige personar: David
og Salomon). Tidsperiode: 1000 –
556 f. Kr.
3. Teokrati-paradigmet
fram til øydelegginga av templet (år 70) og av Jerusalem (år 135). (Viktige
personar: Nehemias og Esra). Tidsperiode: Ikkje oppført.
4. Mellomalder-paradigmet med rabbiar og synagogane, går fram til menneskerettserklæringa
1776/89). (Viktige personar: Rashi og Maimonides). Tidsperiode: frå det 2. til det 18. århundret e. kr. 5. Det
moderne paradigmet med assimilering av jødar (ute i nasjonane). Det endar med
Holocaust (1933-45) og fødselen av staten Israel (1947). (Viktig personar: Mendelssohn og Herzl.) Tidsperiode: det 18. til 20. århundret e. Kr.
6. Det
postmoderne paradigmet som ikkje vert definert eller avgrensa.
Paradigma 2 – 5 knyter han opp mot Sionistrørsla og draumen
om «Eretz Israel». Paradigme 3 knyter han til ortodoks jødedom og nekting av
endring. Paradigme 4 knyter han til konservativ jødedom i samspel med moderne
straumar. Paradigme 5 knyter han både til sionistrørsla, konservativ jødedom
parallelt med moderne faktorar, og liberal reform-jødedom tilpassa til moderne
liv.
For meg er denne oppstillinga spennane og ny, og det er naturleg
å samalikna med ei oppdeling som lenge har stått sentralt i kristen forkynning. I
den vert den globale soga frå starten til slutten av Bibelen, inndelt i «dispensasjonar»
eller «hushaldningar». Inndelinga prøver å visa ulike måtar menneske sitt
tilhøve til JHVH har vore, er og skal verta. Det sentrale punktet er
gudsrelasjonen, og ikkje konkrete, historiske hendingar i jødisk soge.
Küng legg til grunn element i sjølve jødedommen: «YHVH er Israels Gud, og Israel er hans folk», og fokuserer på hendingar soga til jødane ut frå historiske fakta.
«Dispensasjonalismen» eller «læra om dei forskjellege
hushaldningane» er ein måte kristne tolkar og legg fram korleis JHVH
har presentert seg overfor menneskje, - til forskjellege tider. Denne utlegginga
skil ikkje mellom jødar og ikkje-jødar, og går normalt ikkje inn på dei
spesielle lovnader og profetiar som er gjevne unikt til jødane, enten det er
landprofetiane eller jødane sin spesielle stilling i Bibelen - i fortid, notid
og framtid.
![]() |
| Bilete frå bladet for juni 2026 |
Eit eksempel.
Pinsevennene i Noreg har lenge drive praktisk hjelpearbeid
i Israel. Unge og eldre frivillige har hjelpt jødiske institusjonar med
forskjelleg arbeid. I samband med dette arbeidet, gjev dei ut bladet «Med
hjerte for Israel». Fram til juni 2026 har Jon Erling Henriksen undervist om
dispensasjonismen eller hushaldningslæra. Han har denne oppdelinga:
![]() |
- «Menneskets
uskyldtilstand».
- «Samvittighetens husholdning»
- «Menneskestyrets
husholdning»
- «Løftets husholdning».
- «Lovens husholdning».
- «Nådens husholdning».
- «Det tusenårige riket / Fredsriket»
I juninummeret av «Med hjerte for Israel» gjev Henriksens eit resymé av Bibelens ord om «det tusenårige fredsriket.» Personleg synest eg det er godt gjort å unngå å nemna at dette er det Messiasriket jødane ventar på, der Davids rotskot skal vera konge og styra heile jorda frå Jerusalem.
Eg kjenner ikkje Henriksens teologiske ståstad, men der er ikkje uvanleg at kristen teologi underkjenner jødane sin unike plass i JHVHs openberring. Fenomenet vert gjerne omtalt som «erstatningsteologi» [v] eller «supersesjonisme». Tanken er då at jødane er forkasta av Gud, og at JHVH har gjeve dei «kristne» jødane sin plass. Lovnadane som er gjevne til jødane, må i dette tilfellet omtolkast og åndeleggjerast.
Dette tvingar fram ei annullering av Guds lovnader om «Eretz Israel», og det komande fredsriket / tusenårsriket vert at «Kristus-rike» der berre jødar som har vendt om og vorte «kristne», får plass.
Bibelens lære er derimot om eit Messias-rike som breier seg frå Jerusalem ut over heile jorda,
og som gjeld heile kloden, - både menneske og dyr.
Personleg ser eg på erstatnings-teologi som ei forfalsking av både GT (Tanakh) og NT. Det er ei villfaring på linje med den Djevelen starta i Genesis / 1. Mos. 3,1 ff.: «Har verkeleg Gud sagt: ….?»
Som
den gongen lokkar Djevelen menneske bort frå Guds klåre ord, slik Jesus sjølv sa det: Den vonde kjem berre for «å stela, drepa og øydeleggja».
(Joh.19,10).
[i] Store norske leksikon definerer «Paradigme» som «en vitenskepelig teori eller modell som tillater oss å forstå en rekke
ulike fenomener på samme måte.».
[ii] «An entire constellation of
belifs, values, techniques, and so on shared by the members of a given
community». (Thomas.S. Kuhn).
[iii] Navnet kjem frå Johs. Opb 20, 4-7
om eit rike på 1000 år der Kristus (= Den salva / Messias) skal råda over jorda.
[iv] Navnet kjem frå Jes. 9,6-7 om
Messias sitt fredsrike.
[v] På internett kan du finna ein god
artikkel frå Ordetogisrael.no.



