I eit par bloggar har eg nemnt boka «Frykt og stillhet». i) Gjennom forfattarane får me møta norske jødar som fortel sine opplevingar på dei reaksjonane som kom frå norske offisielle styresmakter, og frå innbyggjarar på det me kallar «grasrotnivå» i landet vårt etter 07.10.23. Slik får me lesarane sjå inn i vilkåra norske jødar lever under dagleg, og som representerer det motsette av det me som eit kristent demokrati bør godta.
Eg veit ikkje kor mange jødar forfattarane hadde intervjua under arbeidet med boka, men på side 243 nemner dei 20 bidragsytarar som har valt å stå fram med namn. Mange av dei er kjende personar i det jødiske miljøet og i media generelt. I tillegg kjem dei som ville vera anonyme.
Boka gjev konkrete døme på haldningsendringar i tida etter 07.10. Her er eit døme frå side 45:
| For jødar i Noreg er det ein risiko å stå fram i det offentlege rom! |
På neste side står: «Nå nesten 90 år senere, ble det å minnes disse angrepene iii) tolket som å velge side i en pågående krig i Midtøsten».
Både under krystallnatta og 07.10.23 vart sivile jødar angripne av hordar av jødehatande valdsmenn, og leid store tap både menneskeleg og økonomisk. Å uttrykkja medkjensle med dei som overgrepa gjekk ut over, vart altså for «russestyret og ledelsen for Askim videregående skole … (å) ta politisk side i saken»?
![]() |
| Det vil vera ei ulukke for landet vårt om lyset frå den jødiske minoriteten skal slokna! |
All ære til dei som valde å stå offentleg fram
I ei tid som denne skal det mot til for å visa ansikt i det offentlege rom. Eg fekk derfor lyst til å leita etter meir informasjon om dei som gjorde det i denne boka.
Hovudverket om jødar i Noreg, Oskar Mendelsohns bok: «Jødenes historie i Norge» kom ut som ei bok i 2019. Det hadde då gått, så vide eg veit, 50 år sidan første del av verket vart publisert, og 33 år etter andre del kom ut. iv)
Trass i at det er mange år sidan Mendelsohn skreiv det siste, fann eg det interessant å sjå kor mange av dei som stod offentleg fram i «Frykt og stillhet», som er nemnde i «Jødenes historie i Norge.». Som venta, var det få, men etternamn indikerer at mange er etterkomarar av dei som Mendelsohn skreiv om.
Berre tre er omtalt i Mendelsohns bok
Harry Rødner v) er omtalt på side 795 i samband med ein artikkel i Aftenposten i 1975. Miriam Rødner er omtalt på side 871 som leiar for AVIV-gruppa, ei undergruppe av WIZO som er jødiske kvinners internasjonale zionistorganisasjon. AVIV-gruppa vart grunnlagt i 1976 for yngre kvinner som mellom anna arbeidde for jødisk barnehage og opplysning. vi)
Intervjuet med Miriam og Harry Rødner finn me i «Frykt og stillhet» på sidene 185 til 188. Harry Rødner skreiv boka «Sviket» vii) der han tek opp det som eksilregjeringa og kongen i England visste om overgrepa mot norske jødar, - det dei gjorde og det dei ikkje gjorde.
![]() |
| Eit minne frå tida før jødane vart fordrevne frå Spania i 1491 |
Intervjuet med Harry Rødner sluttar slik:
«Han frykter for fremtiden til det lille jødiske miljøet i Norge: «Det er de unge som i større grad vurderer å dra. De er bereiste, mange har studert i Israel og har utdanning som gjør det lettere å etablere seg i utlandet. Og i et så lite miljø som det norske er det ofte enklere å finne en ektefelle i et annet land. Om de unge drar, vil det ikke ta mange tiår før miljøet smuldrer bort.
Mens Harry og Miriam har valgt Sveits, har andre sett i en helt annen retning. For noen unge jøder er det ikke bare et spørsmål om trygghet. men om identitet. Michaela Butel viii) var i begynnelsen av tjueårene da hun pakket kofferten og flyttet til Israel, og hun har ingen planer om å vende tilbake. For henne er det ikke lenger Norge som føles hjemme». ix)
Eit jødefritt Noreg?
Det står skrive om Quisling at så snart «Donau» hadde lagt frå kai i Oslo 26.11.1942, hadde han planlagt å senda telegram til Hitler og proklamera Noreg som første jødefrie landet i «Det tredje riket»! Men den gleda fekk han ikkje.
Men dersom norske regjeringar og deira støttepartnarar fortset å leia norsk politikk slik dei har gjort siste tiåra, kan kanskje Støre – eller hans etterfylgjar – senda telegrammet? Men kven vil han/ho i så fall senda det til?
Eg veit ikkje, - men så forstår eg meg heller ikkje på politikk!!!
----------
i) «Frykt og stillhet. Jødiske stemmer i Norge etter 7. oktober», av Henrik Beckheim og Tom Solstad, Dreyers forlag, 2025.
ii) Siste avsnitt på side 45.
iii) På Krystallnatta 09.11.1938 gjekk nazistar i Tyskland til angrep på jødane. Dei drap 91 jødar der og då, sette 267 synagogar i brann, ødela 7000 jødiske butikkar og fengslar 30 000 jødiske menn.
iv) Oskar Mendelsohn vart fødd i Trondheim 29.03.1912 og døydde 01.08.1993. Han gav ut dette historiske verket med første del i 1969, og andre del i 1986. Fororda til begge desse bøkene er tekne med i det samla verket på side 933. Den samla utgåva som eg har, er frå Forlaget Press, men har ikkje dei normale opplysningane og utgjevingsstad, år osv. Etter det som står på Internett (forlagetpress.no) kom boka ut 04.11. 2019, 16 år etter forfattaren sin død.
v) Fødd i Stockholh 26.04.1943.
vi) Mendelsohn har meir interessant stoff om jødiske kvinneforeningar i Noreg frå side 868. Det er i den samanheng Miriam Rødner er nemnt.
vii) Frå Svein Sandnes bokforlag, 2022. Den boka vonar eg å koma tilbake til i ein seinare blogg.
viii) Det finst ein heil del om henne på internett for dei som vil vita meir.
ix) Sitat frå overgangen side 187-188.
Bileta er mine eigne (frå Israel og i Spania).
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar