Sist søndag skreiv eg om 1. mai, ein dag som vert feira her til lands og verda rundt. Men bortsett frå denne, er det helst religiøse festdagar og nasjonaldagar som vert feira.
Me har nett lagt påska bak oss, og 50 dagar etter det, kjem pinse. Begge desse høgtidene er religiøse og del av den jødisk-kristne arven frå Mosebøkene. Jødane har i tillegg lauvhyttefesten som i år går frå fredag 25. september til fredag 2. oktober. Den festen er ikkje teke med i den kristne kalendaren, men mange kristne frå heile verda reiser til Israel. Der kan dei få vera med jødane og minnast utferda frå Egypt og den lange og strevsomme ferda til dei endeleg etter mange år fekk koma inn i «Det lova landet».
Minnedagar i april.
I norsk historie er 8. april ein merke-dag. Det var den dagen Tyskland gjekk til angrep på Noreg. Trass alle uroande teikn, hadde landet vårt lite og ingen ting å stilla opp med dei første 48 timane då fienden kom inn i landet vårt både luftvegen og sjøvegen. Filmen om «Blücher» viste oss tydeleg kor naivt og uførebudd det norske forsvaret var då krigen var ein realitet.
![]() |
Den 14. april 2026 var den jødiske minnedagen for Hollocaust. i) Denne dagen vart teken i bruk på 1950-talet, og vedteke i lovs form i 1959 som «Jom HaShoah». FNs vedtak om den internasjonale hollocaustdagen, kom ikkje før i 2005. Ingen ting hadde vore meir naturleg enn å gjeva støtte til jødane og Israel for det enorme overlasta dei hadde lide, og velja den dagen dei hadde markert i 46 år, men FN valde noko anna....
«Jom HaAtzmaut»
Dette er den israelske nasjonaldagen som i år var den 22. april. Det er til minne om den 14. mai 1948 ii) då Ben Gurion i eit overfylt hus i Tel Aviv, proklamerte Israel som fødd på nytt. Det var dagen då England trekte ut sine styrkar frå landet, og jødane stod midt oppe i ein blodig forsvarskrig både i Jerusalem og i kibbutsame rundt om i landet.
Men medan me i Noreg kan gleda oss over at den 8. mai 1945 overgav tyskarane seg uten å stilla vilkår, har Israel i realiteten opplevt ein meir eller mindre konstant krigs- og trusselsituasjon.
Det starta med den arabisk-israelske krigen 1948-1949. Så kom Suezkrigen i 1967. Etter det utmattingskrigen 1967-1970 som gjalt Suezkanalen og grensa til Jordan. Jom Kippurkrigen kom i 1973. Det har etterpå vore to Libanonkrigar, først i 1982 og så i 2006.
Nett no pågår krig mot Iran og deira allierte i Libanon, Gaza, Yemen og i området som ligg under det såkalla «palestinske sjølvstyret». Bak dette ligg ikkje ei nasjonal-politisk doktrine som den Hitler og nazistane samla seg rundt. Bak krigane mot Israel og jødane ligg eit religiøst hat som først og fremst kjem til uttrykk i shia-islam.
Ein fysisk og ein intellektuell krig
Denne 78-år gamle krigen som Israel står oppe i, vert berre delvis ført på slagmarka. Viktigaste kampen skjer gjennom media og gjennom islam-støtta eller –påverka undervisnings-institusjonar og sosiale media verda over. Der vert folk «fora» med løgner og halve sanningar, i tillegg til at FN, Noreg og andre finansierer skular som glorifiserer drap på jødar og «Død over Israel».
«Vi har generasjonar i missa!»
Dette stod det på ein plakat eg såg nokre gonger i internasjonale media frå anti-Israel marsjar, og som eg ikkje greier å gløyma. Den systematiske indoktrineringa av dei som veks opp i dei såkalla palestinske områda, veit både den norske regjeringa og FN godt om. Dei tillet dette, men støttar det ikkje offisielt.Det er eit system der det å drepa jødar, er ei «velgjerning» som vert heidra med «heltelønn». I visse tilfelle kan eit torg eller ei gate verta oppattkalt etter terroristhelten. I dette systemet veks born opp til det som i gamle dagar vart kalla «kanonføde». Terroristane brukar born og familiar til å gøyma seg bak, - til borna vert vaksne nok til å halda eit gevær! iii)
Er det einaste utgangen på denne konflikten at dei som går på desse skulane, enten må verta drepne, eller som det heiter på godt gammalt bedehusspråk: «Dei må verta frelste?»
Eg ber om at dei må verta frelste!
------------------
i ) FN kunne ikkje bruka den dagen som jødane hadde valgt til å minnast overgrepa nazistane gjorde mot dei. Derfor er den internasjonale Hollocaust-dagen 27. januar. Han vart i år markert ved deportasjonsmonumentet ved Akershuskaia 27. januar med kronprinsen og statsministeren til stades. FN valde denne datoen fordi det var 27. januar 1945 at konsentrasjonsleiren Auschwitz vart teken og fangane sette fri.
ii ) Sidan Israel brukar ein annan kalendar enn me, varierer desse dagane på vår kalendar. «Jom HaShoah» er den 27. i månaden Nisan. «Jom HaAtzmaut» er den 5. i månaden Iyar.
iii) Frå Gaza er det sendt ut bilete av barneleirar der gutar heilt ned til 12 år får våpenopplæring m.m.
Bileta er mine eigne. Dei to nest øvst er frå turen min til Auschwitz, det i midten er Tel Aviv sett frå Joppe, og dei to andre tok eg i England.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar