søndag 14. juni 2026

Framsida på bladet eg nemner lenger nede i bloggen
«Frykt og stillhet» Del 4

Den siste eg vil dra fram av dei som er bidragsytarar til denne boka, er Ervin Kohn.i) Mitt inntrykk er at ingen er så ofte omtalt som han.

I Mendelsohns bok, «Jødenes historie i Norge», er han ikkje nemnt. Derimot er der fleire med det etternamnet og som truleg er av same familien. Familien kom frå Ungarn til Noreg etter krigen. Bestefaren var rabbinar. Sjølv er Ervin Kohn utdanna siviløkonom i Sverige, og har vore forstandar i «Det mosaiske trossamfunn» i Oslo gjennom mange år, og er vel den jøden i nyare tid som folk her til lands har høyrt mest om, - og frå.

I 2018 fekk han «Ikkevoldsprisen», noko juryen grunngav med: «Kohn er en modig stemme og derfor utfordrer han oss til både selvransakelse og nytenkning. Han reagerer instinktivt på urett og er rask med å si fra offentlig når enkelte grupper, ikke bare jøder – men også andre minoriteter – utsettes for diskriminering og hat fra enkeltmennesker eller fra storsamfunnet».ii)

Ein samlande person?

Då eg var i Auschwitz, fekk eg vera med på deler av den jødiske kulturveka i Krakov. Der hadde vore sju synagogar på eit relativt lite område, og «det einaste dei var einige om, var at dei var riv ruskande ueinige» sa guiden – litt fritt omsett av meg.

Skjermdump av ein artikkel i Aftenposten i mai 2017
Litt før påske fortalde avisene at dei to norske jødiske forsamlingane, «Det Mosaiske Trossamfunn i Oslo» (DMT) og «Det jødiske samfunn i Trondheim» (DJST), for første gong har etablert eit nasjonalt samarbeidsråd (NSJ). Leiaren for rådet er Ervin Kohn. Dette kan tyda på at han er ein samlande person i den jødiske minoriteten i landet vårt. For mange av oss ikkje-jødar står han truleg og som jødane sin viktigaste talsmann i det offentlege rom.

Eg har berre lyst til å ta med eit innslag av det det han seier i boka. Det er hans kommentar til nyttårstalen til statsministeren vår, eit tema som også andre er inne på. Med Støre var unnvikande og uklår, var Mette Frederiksen klår og omfamnande lik mange andre statsleiarar verda rundt.

«Jeg var helt målløs da jeg hørte nyttårstalen til Mette Frederiksen», sa han til den danske avisen Politikken. Han la til at hun sa alt det han savnet å høre fra Norges statsminister Jonas Gahr Støre. I sin nyttårstale nevnte Støre Hamas’ angrep på Israel med én setning før han raskt beveget seg over til lidelsene i Gaza. Den kontrasten ble lagt tydelig merke til i det jødiske miljøet i Oslo. «Det er en dramatisk forskjell på hvordan de to statsministrene opptrer i offentligheten», uttalte Kohn.» iii)

Stor toleranse for jødehat i Noreg!

Kohn uttrykkjer og sin skuffelse for den store toleransen som det norske samfunnet – inkludert styresmaktene – har for jødehat. Det er snakk om at regjeringa gav ut ein ny handlingsplan for antisemittisme i 2024, og der Støre i føreordet «beskriver antisemittismen som gift – en fare for samfunnet, ikke bare for jødene.»

«Likevel er det tausheten som uroer Kohn mest. «Vi har sett det før, i mellomkrigstiden. Antisemittiske uttrykk fikk spreie seg, og reaksjonene uteble. Nå ser vi det samme. Når ingen sier tydelig ‘dette aksepterer vi ikke’, blir det en form for aksept. Toleranse i negativ forstand».iv) Og så trekkjer han fram konkrete hendingar som då dei jødiske kvinnene vart bortviste frå 8. maitoget i Oslo i 2024, og LO sin toleranse for antisemittiske ytringar som ser ut til å vera utan grenser.

Illustrasjonsbilete frå Korsets seier s. 22-23.

«Jødenes beskytter»

Til sist i dette innlegget vil eg nemna ein reportasje med Kohn i «Korsets seier» v) 22.03.26. Overståande tittel vart sett under eit stort bilete av Kohn på framsida. Eg reagerte automatisk og tenkte på Salme 127,1b: «Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktaren til fånytte». vi) Dette skriv eg ikkje som kritikk av Kohn. Eg trur heller at det bibelordet kan vera eit av hans favorittvers.

Men artikkelen var vel verd å lesa, både fordi Kohn der fortel ein heil del om seg sjølv, sin oppvekst og hans relasjon til mennesket som for meg og mange truande ikkje-jødar er både vår Frelsar og den kommande Messias som skal rå over denne jorda - frå Jerusalem.

På slutten av reportasjen står: «De siste årene har Kohns offentlige status fått noen riper i lakken. I årevis var han nestleder i Antirasistisk senter. I en rapport som kom fra same organisasjon i fjor ble han stemplet som en «ekstrem stemme».

- Jeg har hatt behov for å si at Israel har en rett til å forsvare seg. Viss det er kontroversielt, er jeg komfortable med det.

- Viss jeg sier at jeg mener at palestinaaktivisme er blitt viktigere for Antirasistisk senter enn antirasisme, vil du være enig med meg da, spør Selbekk.

- Det vet jeg ikke. Jeg har ikke fulgt godt med. De har ikke engasjert seg noe særlig i kampen mot antisemittisme. De har fått andre venner, svarer Kohn.» vii

Denne tanken får vera siste ord frå meg i dag!

------------------ 

i) Han vart fødd i Ungarn 21.07.1955.

ii) Sitat frå: no.wikipedia.org/wiki/Ervin Kohn

iii) Sitat frå side 59.

iv) Sitat frå side 76.

v) Dette bladet var pinserørsla i Noreg sitt organ, men vart selt og er no vedlegg til Dagbladet Dagen, Bergen.

vi) Frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

vii) Sitat frå side 24 i bladet.

Bileta har eg scanna / teke ned sjølv.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar