søndag 20. september 2026

Küngs gud eller min Gud?
Menoraen ved Knesset vitnar om ein levande Gud

Så er det på tide å avslutta innlegga om Küngs bok «Judaism». Eg har skrive at eg er ikkje einig med han og andre om tilnærming mellom dei tre monoteistiske religionane, - jødedommen, kristendommen og muhamedanismen.

Viktigaste grunnen er at mange, inkludert paven, seier: «Me tilber den same gud, berre med forskjellege namn. Israels Gud, JHVH, er den same som Allah.» Dermed spelar det ikkje noko rolle kven me rettar våre bøner til, eller trur på!

«Küngs gud er ikkje min Gud!»

Küng analyserer jødedommen og soga til jødefolket «vitskapeleg», og då formar det seg ein ny tanke eller hypotese inni mig. Som «arbeidshypotese» set eg overskrifta over. Tanken verkar kanskje brutal for deg som les dette, men har du fylgt med meg ei stund, så veit du at eg trur på «Israels Gud», enten du kallar han «Elohim», «Ha Shem», JHVH eller noko anna. Han er den einaste sanne og evig uforanderlege Gud.

Og om levt liv

Greier eg å bevisa eller avvisa denne hypotesen? Som utgangspunkt er det naturleg å starta på side 27 i Küngs bok der undertittel 5 er: «The establishment of monoteism». I mine tankar er det «Korleis trua på den eine og sanne Gud vart til».

Den humanistisk-historiske utviklinga

Küng startar med det Yehezkel Kaufmann, professor ved det hebraiske universitetet i Jerusalem, har skrive om «grunnleggjande idear i israelittane sin religion».[i]) Han viser jødane sin religion som «magiske forteljingar» om ein suveren Gud som står over alle kosmiske lover, osv., og gjev eit kort resymé av det Tanakh fortel om Israels Gud. Det som for meg er sant og truverdig, er for han «magiske forteljingar og legender»!

Etter dette går Küng vidare til historisk-kritisk bibelforsking med autoritetar som Albrecht Alt, Martin Noth, Otto Eissfeldt, Gerhard von Rad og andre. Alle desse har gjennom litteraturkritisk-,  sosiologisk-, historisk- og arkeologisk forsking, funne at realitetane noko heilt anna enn det Bibelen (/Tanakh) fortel. Küng skriv: «Eit viktig resultat av den nyaste forskinga er at biletet har vorte meir komplex».

Om medgang og motgang
Sanninga er derfor, hevdar han ut frå «forskinga» som er gjort, at jødane dyrka først mange gudar, både menneskeliknande figurar som Baal, Astarte med fleire, men og sol og stjerner. Det som skjedde vidare, var ei utvikling frå polyteisme eller fleirguderi, til monoteisme og trua på ein gud. [ii]) Og denne prosessen tok tid, skriv han.

Den tyske granskaren av Det gamle testamentet, Bernhard Lang, seier at i det niande århundret f. Kr. var det krig mellom Baal, Tyrus sin gud, og Jahve som var israelarane sin nasjonale gud. Profetane Elia og Elisja stod sentralt i denne krigen.

I det åttande århundret f. Kr. starta så «berre Jahve-perioden», og då i eit mindretal av folket. Denne tilstanden kallar han «monolatry», det vil seia at ein tilber «ein» gud, samstundes som ein godtek at det eksisterer andre gudar ved sida av denne.

I det sjuande århundret f. Kr. hadde monoteismen fest seg i Israel. Dei skulle tilbe Jahve åleine. Dette vert tidfest til kong Josias si religiøse reform.

Men først i det sjette århundret f. Kr. kan ein snakka om streng monoteisme, og det at babylonarane tok Jerusalem, vart sett på som straff for at folket ikkje fylgde denne trua. Elias’ «Jahve er Gud», skriv Küng, hadde ein lang veg før han vart einerådande.

Som bevis for denne prosessen vert «den første Jesaja», (profet 800 år f.Kr.) og Jeremias (profet 700 år f.Kr) dregne fram. Så 600 år f. Kr. kom «den andre Jesaja»: «Fortel og sei frå! Ja, lat dei rådslå alle saman! Kven har kunngjort dette frå gammal tid, forkynt det for lenge sidan? Var det ikkje eg, Herren? Og det er ingen Gud utan meg, ein rettferdig Gud og ein frelsar – ingen utan meg.» (Jes 45:21)

Om overflod og fest

Med desse orda er prosessen avslutta, i alle fall slik eg forstår Küng.

Min Gud er totalt anleis!

Han er ikkje eit tankeprodukt, skapt gjennom nokre hundreår med mental evolusjon. Han er den som står fram i 1. Mos.1,1. Les du derifrå til siste punktum i det me ikkje-jødar kallar Bibelen, vil du få glimt av både kven Gud er, korleis han arbeider, og korleis han presenterer seg for menneskje. Og med menneskje tenkjer eg på alle frå Adam og Eva, til apostelen Johannes der sat på Patmos og såg siste akt av denne verda sin eksistens.

Uansett kor mykje kunnskap me samlar, så er det i mine auge berre mikroskopisk samanlikna med kor stor Gud eigentleg er.

Korleis kan me læra å kjenna Gud?

For meg er det to nivå: Personleg erfaring, og forsking. Det første er å overgjeva seg til Han, og be Han ta hand om alt, både med vondt og godt. Det er «å vandra med Gud». Det gjev kvardags-erfaring.

Med forsking meinar eg på til dømes Salme 8: «Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, 5  kva er då eit menneske – at du hugsar på det, eit menneskebarn – at du tek deg av det?» (v. 4-5).

Inkludert kriser og katasatrofar

Evolusjonshypotesen vart lansert rundt 1850. Darwin med fleire meinte at på få år ville «the missing link» vera funne og hypotesen bevist. Det har ikkje hendt. No, snart 200 år sidan tanken dukka opp for første gang, er det ikkje lagt fram eit einaste og 100 % klårt bevis som gjer hypotesen om til faktum!

Derimot har alle forsking, både innover og utover i kosmos, eller på dei genetiske kodane som utgjer deg og meg i dag, vist «At truleg må det vera ein bevisst tanka bak alt dette».

Kvifor kan ikkje forsking åleine bevisa Gud?

For meg ligg svaret i 2. Mos. / Exodus 33. Der ber Moses om å få sjå Gud. Han får dette svaret:

«Sjå, her innved meg er det plass, still deg opp her på berget! 22 Når så herlegdomen min går framom, vil eg la deg stå i bergskòra, og eg vil dekkja deg med handflata til eg er komen forbi. 23 Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg bakanfrå, men andletet mitt kan ingen sjå.» (v.21-23).

Få, om nokon, har levt så nære Gud som Moses. Frå opplevinga med den brennande klungeren (Same boka kap.3), lærde han gjennom mange og lange år å lyda og tru. Same utfordring ligg framfor deg og meg og om me vil «sjå Gud»….

Dei gamle pietistane snakka og song også om «å lyda og tru». Det var Moses' – og deira «oppskrift!». Prøv du og, og ut frå mi erfaring vil du få sjå Gud.  

Men hugs at Moses såg han først etter at han hadde gått forbi.

Det er mi erfaring og…


[i] Frå side 27: «the ‘basic idea of Israelite religion’».

[ii] Vanleg skrivemåte er at når det er snakk om gud og gudar generelt, vert ordet skrive med liten «g». Når det derimot er snakk om «den eine og sanne Gud» som Bibelen er openberringa om, vert namnet skrive stor «G». Det er ein indikasjon at han er heilag slik jødisk og kristen tradisjon lærer.

Bileta er mine eigne. Bibeleteksten er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er forbpode å bruka tekst eller bilete frå denne bloiggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 13. september 2026

Største krisa i jødane si soge

Det er snart på tide å forlata boka til Küng, men endå er det nokre ting eg har lyst til å nemna. Det første er den enorme endringa som jødedommen gjennomgjekk, - det Küng reknar som paradigmeskiftet frå år 70 til år 135. Då vart det andre templet og Jerusalem øydelagt, og då jødeopprøra endeleg var slegne ned, prøvde romarane å bryta alle band jødane hadde til landet, og først og fremst med byen Jerusalem.

Som me veit, kalla dei landet «Palestina» som betydde for dei noko slikt som «Filistarland». 

Med dette var det slutt på det jødiske opprøret til dei politiske inspirerte jødane (zelotane), og til dei religiøse (Essearane / Qumran) motstandarane. Dette var og slutten på den jødiske kongedømmet, og overklassen der sadusearane høyrde heime, vart eliminert.

Men det aller viktigaste var at templet, offertenestene og presteskapet [i] vart vekke.  Dermed vart desse viktigaste og mest samlande elementa i jødiske tru og kultur ikkje-eksisterande. Slik er det endå.

Etter Küngs meining var kanskje dette ei større krise enn bortføringa til Babylon, og tomrommet vart fylt av det han kallar «Middelalderparadigmet».

Opphavet til jødane sitt religiøse liv etter år 135

Sist skreiv eg om farisearane og det som eg visste før eg las Küngs bok. Første delen av kapitelet om Mellomalder-paradigmet, skildrar korleis det utvikla seg ei ny form for religiøst liv mellom jødane.

Etter siste slaget i 135 var storparten av jødane enten drepne eller bortførde. Det vart innført dødsstraff for jødane (= omskorne)  som vart tekne i Jerusalem, også om dei tilhøyrde Jesus-sekta.

Küng seier at farisearane, som han kallar «pietistiske» lekfolk, greidde derimot å overleva. [ii]) Johanan ben Zakkai som hadde vore medlem i Det høge rådet, hadde vore halvhjarta med i krigen. Han vart smugla ut av Jerusalem i ei kiste og overgav seg til romarane før byen fall.

Romarane let han opna ein hus der han kunne undervisa i Jabneh, nær Jaffa, og der samla det seg etter kvart mange skriftlærde. I motsetning til dei som hadde samla seg i Masada, var dette religiøse leiarar som søkte fred med romarane. Dei representerte familiar spreidde utover i landet og livnærde seg på forskjelleg vis som jødane elles. På den måten var dei vanskelege å gripa tak i enn dei gruppene som gjekk til grunne i krigen.

Ei ny gudstenesteform veks fram

Men med si forkynning og praksis av heilagt liv, tok dei etter kvar rolla som presteskapet hadde hatt. Etter Johanan gav frå seg leiarrollen, overtok Gamaliel II som tilhøyrde familien Hillel. Dei hadde vore med i kampen mot romarane, men kom på denne måten fram til ei ordning med romarane der dei fekk vera i fred.

På denne måten overtok dei delvis Det høge rådet sin funksjon og fekk også hand om tempelskatten, endå templet var øydelagt. På denne måten og med Hillels leiing, vart farisearane si lære norm for jødisk religiøst liv, knytt til synagogane som vaks fram over heile romarriket. Küng skriv at det vart skriftene (første og fremst Loven) som kom i sentrum. Torarullen fekk plassen alteret hadde hatt før. Og bønn og gode gjerningar fekk plassen ofringane i templet hadde hatt tidlegare.

Dei skriftlærde, rabbiane, fekk prestestanden sin plass, og deira religiøse studium tok plassen arverekkja hadde hatt for prestar og levittar.

Synagogen, som senter for bøn og samlingar, tok plassen templet hadde hatt. Küng siterer den jødiske granskaren Jakob Neusner som seier: «Rabbien som modell og autoritet, Loven (Toraen) som det viktigaste og avgjerande symbolet, studiet av Loven som den edlaste religiøse gjerninga, og eit liv etter religiøse fastsette normer, utgjer til saman det som er meint å vera Israel, - det jødiske folk». [iii]

«Jødedommen slik me kjenner han, vart forma før og etter at templet i Jerusalem fall i år 70. Rundt 600 år e. Kr. var denne utviklinga endeleg fullført».

Skriv Küng.....


[i] Det jødiske presteskapet var knytt til det som skjedde i templet, og då templet vart øydelagt, var deira funksjonar og plass i samfunnet borte.

[ii] Dette står grundigare forklart frå side 128 og utover.

[iii] Mi omsetjing av «The rabbi as model and authority, Torah as the principal and organizing symbol, study of Torah as the capital religious deed, the life of religious discipline as the prime expression of what it means to be Israel, the Jewish people», s. 132.

 Bileta tok eg av Menoraen framfor Knesset. Dei viser situasjonar i jødane si soge.

Det er forbode å bruka bilete elles tekst  frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

søndag 6. september 2026

Israel blomstrar!
Er eg ein farisear?

Som ung og nybakt misjonær tok eg på ei medarbeidarsamling fram det eg hadde funne ut om den jødiske sekta kalla «farisearane». Eg gjekk ut frå forskjellege bibelvers som me har i Det nye testamentet, ein del anna informasjon, og konkluderte med at farisearane var dei som teologisk stod både Jesus og «oss» nærast! «Me» i vår vesle del av det jødisk-kristne landskapet, har også opphav i ei lågkyrkjeleg vekking frå mange år tilbake. Me og har Guds Ord  som vårt kompass i liv og lagnad.

Historiske data

Farisearrørsla oppstod rundt 100 år før Jesu fødsel som ei lekmannsrørsle. Frå gammalt av hadde jødane eit tradisjonelt presteskap knytt til templet. Deira teneste var basert på Moseloven og øvstepresten Arons ætt.

Blomster på treet som vaker..
På Jesu tid var «Det høge rådet» jødane sin høgste autoritet teologisk og administrativt, men underlagt romersk kontroll. Øvstepresten var formell leiar, og i tillegg sat der ei rekkje skriftlærde, etter det eg forstår både av presteslekt og lekfolk. Totalt 71 personar.

Enkelt sagt var denne flokken delt i to. [i]) I sadusearflokken var mange av presteslekt. Dei utgjorde overklassen i det jødiske samfunnet, økonomisk velståande og kulturelt påverka av gresk tankegang. Namnet skal koma frå Sadok, øvstepresten på Salomos tid. Dei heldt seg berre til loven og nekta for både eit liv etter døden og at det eksisterte englar og demonar.

Motsetninga var farisearane som skal ha vore den mest talrike flokken mellom dei skriftlærde i jødedommen på Jesu tid. Deira teologiske grunnlag var «Loven» i tillegg til muntlege overleveringar frå Moses si tid.

Religiøst sett skulle desse leva «reint» i samsvar med «Loven» og den overleverte tradisjonen knytt til den. [ii]) Dei trudde på englar og demonar, og på eit liv etter døden. Fleire av dei søkte kontakt med døyparen Johannes og seinare Jesus. [iii])

 «Sarons roser»
Nytt ordinnhald

Men navnet farisear endra innhald og vart eit navn på ein hyklar og sjølvrettferdig person. Viktigaste grunnen, trur eg, er Jesu ofte strenge ord mot dei då det ikkje var samsvar mellom liv og læra, og at dei var hovmodige. [iv])

Slik eg tolka Jesus den gongen – og framleis, er at det er livet og måten me lever på som er viktigast, ikkje dei religiøse teoriane me «strør om oss med». På det området står me i fare alle, enten me er jødar eller ikkje-jødar. Det er lett å seia og læra det som er rett og gudgjeve, men greier me å leva etter det me lærer? [v])

For, - lærer farisearen Paulus oss, - «Loven» er rett og god (Apgj. 7,12) og har som oppgåve å visa oss at me er syndarar. Dette høyrde nøye saman med offertenesta knytt først til Tabernaklet og seinare dei jødiske templa. «Loven» gjorde lovbrota synlege, men var det syndoffer og blod, ikkje lovens bokstav, som gav jødane tilgjeving for syndene deira. [vi]) 

Det same gjeld i vår tid, men då knytt til profetiar som Jes. 53,1- 12. «Han tok på seg synda til dei mange og vart ramma i staden for brotsmenn». [vii]

Skjemaet Küng brukar i boka si
Leiande grupperingar og deira syn på Jesus

Hans Küng har laga eit skjema over Jesu relatert til dei leiande politiske og religiøse gruppene den gongen. Ei  kort oppsummering av dei 4 gruppene han tek fram i boka si, får farisearane, «dei som gjer kompromiss», størst plass. Han skriv om dei heile på 12 stader i boka. På nokre stader er det snakk om fleire sider.

Sadusearane, som Küng kallar «dei etablerte»,  er velkjende frå evangelia. Dei er omtalt 4 stader i boka. Berre ein av dei går over fleire sider.

Qumran-rørsle som han kallar «emigrantane», er omtalt 5 stader og ein referanse har fleire sider. For meg er dei «essearane».

Zelotane, som vert omtalt som «dei revolusjonære», er omtalt 3 stader, og ein av dei inkluderer fleire sider. [viii])

Meir om dette neste gong....


[i] Eigentleg var det snakk om minst fire: farisearane, sadusearane, selotane og essenarane.

[ii] Navnet «farisear» kjem frå eit hebraisk ord for «å leva avskilt»

[iii] Sjå  Matt 3,7 ff, Luk 7,36, Johs 3,1, Ap 5, 34 ff og 23,36.                                                                      [iv] Sjå Luk. 18,10-14, 11,39ff, m.fl.

[v] Dømet på Jesu praktisering av Moseloven i Joh 8, 1-11, viser kor vanskeleg dette er. Han sa ikkje at Moseloven var feil, men gav den dødsdømde ein ny sjanse.

[vi] Sjå 3. Mos / Leviticus 4 og utover.

[vii]  Jes.63,12b.

[viii] I disippelflokken var ein som vart kalla «Simon Seloten». Sjå Matt 10,4; Mark. 10,4; Luk 6,15 og Apgj. 1,13. I nyare Biblar vert han delvis omtalt som «Simon Kananeos» sidan ordet «selot» både kan bety «ivraren» og «kananeos».

Bileta er mine eigne. Bibelsitatet er frå Norsk Bibel nynorsk utgåve.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg