Küngs
gud eller min Gud?
Menoraen ved Knesset vitnar om ein levande Gud
Så er det på tide å avslutta innlegga om Küngs bok
«Judaism». Eg har skrive at eg er ikkje einig med han og andre om tilnærming
mellom dei tre monoteistiske religionane, - jødedommen, kristendommen og
muhamedanismen.
Viktigaste grunnen er at mange, inkludert paven, seier: «Me
tilber den same gud, berre med forskjellege namn. Israels Gud, JHVH, er den
same som Allah.» Dermed spelar det ikkje noko rolle kven me rettar våre bøner
til, eller trur på!
«Küngs gud er ikkje min Gud!»
Küng analyserer jødedommen og soga til jødefolket «vitskapeleg»,
og då formar det seg ein ny tanke eller hypotese inni mig. Som «arbeidshypotese»
set eg overskrifta over. Tanken verkar kanskje brutal for deg som les dette,
men har du fylgt med meg ei stund, så veit du at eg trur på «Israels Gud»,
enten du kallar han «Elohim», «Ha Shem», JHVH eller noko anna. Han er den
einaste sanne og evig uforanderlege Gud.
| Og om levt liv |
Greier eg å bevisa eller avvisa denne hypotesen? Som utgangspunkt er det naturleg å starta på side 27 i Küngs bok der undertittel 5 er: «The establishment of monoteism». I mine tankar er det «Korleis trua på den eine og sanne Gud vart til».
Den humanistisk-historiske utviklinga
Küng startar med det Yehezkel
Kaufmann, professor ved det hebraiske universitetet i Jerusalem, har skrive om «grunnleggjande idear i israelittane sin religion».[i]) Han viser jødane sin
religion som «magiske forteljingar» om ein suveren Gud som står over alle
kosmiske lover, osv., og gjev eit kort resymé av det Tanakh fortel om Israels
Gud. Det som for meg er sant og truverdig, er for han «magiske forteljingar og
legender»!
Etter dette går Küng vidare
til historisk-kritisk bibelforsking med autoritetar som Albrecht Alt, Martin
Noth, Otto Eissfeldt, Gerhard von Rad og andre. Alle desse har gjennom
litteraturkritisk-, sosiologisk-,
historisk- og arkeologisk forsking, funne at realitetane noko heilt anna enn
det Bibelen (/Tanakh) fortel. Küng skriv: «Eit viktig resultat av den nyaste
forskinga er at biletet har vorte meir komplex».
| Om medgang og motgang |
Den tyske granskaren av Det
gamle testamentet, Bernhard Lang, seier at i det niande århundret f. Kr. var
det krig mellom Baal, Tyrus sin gud, og Jahve som var israelarane sin nasjonale
gud. Profetane Elia og Elisja stod sentralt i denne krigen.
I det åttande århundret f. Kr.
starta så «berre Jahve-perioden», og då i eit mindretal av folket. Denne
tilstanden kallar han «monolatry», det vil seia at ein tilber «ein» gud,
samstundes som ein godtek at det eksisterer andre gudar ved sida av denne.
I det sjuande århundret f. Kr.
hadde monoteismen fest seg i Israel. Dei skulle tilbe Jahve åleine. Dette vert
tidfest til kong Josias si religiøse reform.
Men først i det sjette
århundret f. Kr. kan ein snakka om streng monoteisme, og det at babylonarane
tok Jerusalem, vart sett på som straff for at folket ikkje fylgde denne trua.
Elias’ «Jahve er Gud», skriv Küng, hadde ein lang veg før han vart einerådande.
Som bevis for denne prosessen
vert «den første Jesaja», (profet 800 år f.Kr.) og Jeremias (profet 700 år f.Kr) dregne fram.
Så 600 år f. Kr. kom «den andre Jesaja»: «Fortel og sei frå! Ja, lat dei rådslå alle saman!
Kven har kunngjort dette frå gammal tid, forkynt det for lenge sidan? Var det
ikkje eg, Herren? Og det er ingen Gud utan meg, ein rettferdig Gud og ein
frelsar – ingen utan meg.» (Jes
45:21)
| Om overflod og fest |
Med desse orda er prosessen avslutta, i alle fall slik eg forstår Küng.
Min Gud er totalt anleis!
Han er ikkje eit
tankeprodukt, skapt gjennom nokre hundreår med mental evolusjon. Han er den som
står fram i 1. Mos.1,1. Les du derifrå til siste punktum i det me ikkje-jødar
kallar Bibelen, vil du få glimt av både kven Gud er, korleis han arbeider, og
korleis han presenterer seg for menneskje. Og med menneskje tenkjer eg på alle
frå Adam og Eva, til apostelen Johannes der sat på Patmos og såg siste akt av
denne verda sin eksistens.
Uansett kor mykje
kunnskap me samlar, så er det i mine auge berre mikroskopisk samanlikna med kor
stor Gud eigentleg er.
Korleis kan me læra å kjenna Gud?
For meg er det to nivå:
Personleg erfaring, og forsking. Det første er å overgjeva seg til Han, og be Han
ta hand om alt, både med vondt og godt. Det er «å vandra med Gud». Det gjev
kvardags-erfaring.
Med forsking meinar eg på til dømes Salme 8: «Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, 5 kva er då eit menneske – at du hugsar på det, eit menneskebarn – at du tek deg av det?» (v. 4-5).
| Inkludert kriser og katasatrofar |
Evolusjonshypotesen vart
lansert rundt 1850. Darwin med fleire meinte at på få år ville «the missing link»
vera funne og hypotesen bevist. Det har ikkje hendt. No, snart 200 år sidan tanken
dukka opp for første gang, er det ikkje lagt fram eit einaste og 100 % klårt
bevis som gjer hypotesen om til faktum!
Derimot har alle
forsking, både innover og utover i kosmos, eller på dei genetiske kodane som
utgjer deg og meg i dag, vist «At truleg må det vera ein bevisst tanka bak alt
dette».
Kvifor kan ikkje forsking åleine bevisa Gud?
For meg ligg svaret i 2. Mos. / Exodus 33. Der ber
Moses om å få sjå Gud. Han får dette svaret:
«Sjå, her innved meg er det plass, still deg opp her på berget! 22 Når så herlegdomen min
går framom, vil eg la deg stå i bergskòra, og eg vil dekkja deg med handflata
til eg er komen forbi. 23 Så
vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg bakanfrå, men andletet mitt kan
ingen sjå.» (v.21-23).
Få, om
nokon, har levt så nære Gud som Moses. Frå opplevinga med den brennande
klungeren (Same boka kap.3), lærde han gjennom mange og lange år å lyda og tru.
Same utfordring ligg framfor deg og meg og om me vil «sjå Gud»….
Dei gamle pietistane snakka og song også om «å lyda og tru». Det var Moses' – og deira «oppskrift!». Prøv du og, og ut frå mi erfaring vil du få sjå Gud.
Men hugs at Moses såg han først etter at han hadde gått forbi.
Det er mi erfaring og…[i] Frå side 27: «the ‘basic idea of Israelite
religion’».
[ii] Vanleg
skrivemåte er at når det er snakk om gud og gudar generelt, vert ordet skrive
med liten «g». Når det derimot er snakk om «den eine og sanne Gud» som Bibelen
er openberringa om, vert namnet skrive stor «G». Det er ein indikasjon at han
er heilag slik jødisk og kristen tradisjon lærer.
Bileta er mine eigne. Bibeleteksten er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.
Det er forbpode å bruka tekst eller bilete frå denne bloiggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar