søndag 6. september 2026

Israel blomstrar!
Er eg ein farisear?

Som ung og nybakt misjonær tok eg på ei medarbeidarsamling fram det eg hadde funne ut om den jødiske sekta kalla «farisearane». Eg gjekk ut frå forskjellege bibelvers som me har i Det nye testamentet, ein del anna informasjon, og konkluderte med at farisearane var dei som teologisk stod både Jesus og «oss» nærast! «Me» i vår vesle del av det jødisk-kristne landskapet, har også opphav i ei lågkyrkjeleg vekking frå mange år tilbake. Me og har Guds Ord  som vårt kompass i liv og lagnad.

Historiske data

Farisearrørsla oppstod rundt 100 år før Jesu fødsel som ei lekmannsrørsle. Frå gammalt av hadde jødane eit tradisjonelt presteskap knytt til templet. Deira teneste var basert på Moseloven og øvstepresten Arons ætt.

Blomster på treet som vaker..
På Jesu tid var «Det høge rådet» jødane sin høgste autoritet teologisk og administrativt, men underlagt romersk kontroll. Øvstepresten var formell leiar, og i tillegg sat der ei rekkje skriftlærde, etter det eg forstår både av presteslekt og lekfolk. Totalt 71 personar.

Enkelt sagt var denne flokken delt i to. [i]) I sadusearflokken var mange av presteslekt. Dei utgjorde overklassen i det jødiske samfunnet, økonomisk velståande og kulturelt påverka av gresk tankegang. Namnet skal koma frå Sadok, øvstepresten på Salomos tid. Dei heldt seg berre til loven og nekta for både eit liv etter døden og at det eksisterte englar og demonar.

Motsetninga var farisearane som skal ha vore den mest talrike flokken mellom dei skriftlærde i jødedommen på Jesu tid. Deira teologiske grunnlag var «Loven» i tillegg til muntlege overleveringar frå Moses si tid.

Religiøst sett skulle desse leva «reint» i samsvar med «Loven» og den overleverte tradisjonen knytt til den. [ii]) Dei trudde på englar og demonar, og på eit liv etter døden. Fleire av dei søkte kontakt med døyparen Johannes og seinare Jesus. [iii])

 «Sarons roser»
Nytt ordinnhald

Men navnet farisear endra innhald og vart eit navn på ein hyklar og sjølvrettferdig person. Viktigaste grunnen, trur eg, er Jesu ofte strenge ord mot dei då det ikkje var samsvar mellom liv og læra, og at dei var hovmodige. [iv])

Slik eg tolka Jesus den gongen – og framleis, er at det er livet og måten me lever på som er viktigast, ikkje dei religiøse teoriane me «strør om oss med». På det området står me i fare alle, enten me er jødar eller ikkje-jødar. Det er lett å seia og læra det som er rett og gudgjeve, men greier me å leva etter det me lærer? [v])

For, - lærer farisearen Paulus oss, - «Loven» er rett og god (Apgj. 7,12) og har som oppgåve å visa oss at me er syndarar. Dette høyrde nøye saman med offertenesta knytt først til Tabernaklet og seinare dei jødiske templa. «Loven» gjorde lovbrota synlege, men var det syndoffer og blod, ikkje lovens bokstav, som gav jødane tilgjeving for syndene deira. [vi]

Det same gjeld i vår tid, men då knytt til profetiar som Jes. 53,1- 12. «Han tok på seg synda til dei mange og vart ramma i staden for brotsmenn». [vii]

Skjemaet Küng brukar i boka si
Leiande grupperingar og deira syn på Jesus

Hans Küng har laga eit skjema over Jesu relatert til dei leiande politiske og religiøse gruppene den gongen. Ei  kort oppsummering av dei 4 gruppene han tek fram i boka si, får farisearane, «dei som gjer kompromiss», størst plass. Han skriv om dei heile på 12 stader i boka. På nokre stader er det snakk om fleire sider.

Sadusearane, som Küng kallar «dei etablerte»,  er velkjende frå evangelia. Dei er omtalt 4 stader i boka. Berre ein av dei går over fleire sider.

Qumran-rørsle som han kallar «emigrantane», er omtalt 5 stader og ein referanse har fleire sider. For meg er dei «essearane».

Zelotane, som vert omtalt som «dei revolusjonære», er omtalt 3 stader, og ein av dei inkluderer fleire sider. [viii])

Meir om dette neste gong....


[i] Eigentleg var det snakk om minst fire: farisearane, sadusearane, selotane og essenarane.

[ii] Navnet «farisear» kjem frå eit hebraisk ord for «å leva avskilt»

[iii] Sjå  Matt 3,7 ff, Luk 7,36, Johs 3,1, Ap 5, 34 ff og 23,36.                                                                      [iv] Sjå Luk. 18,10-14, 11,39ff, m.fl.

[v] Dømet på Jesu praktisering av Moseloven i Joh 8, 1-11, viser kor vanskeleg dette er. Han sa ikkje at Moseloven var feil, men gav den dødsdømde ein ny sjanse.

[vi] Sjå 3. Mos / Leviticus 4 og utover.

[vii]  Jes.63,12b.

[viii] I disippelflokken var ein som vart kalla «Simon Seloten». Sjå Matt 10,4; Mark. 10,4; Luk 6,15 og Apgj. 1,13. I nyare Biblar vert han delvis omtalt som «Simon Kananeos» sidan ordet «selot» både kan bety «ivraren» og «kananeos».

Bileta er mine eigne. Bibelsitatet er frå Norsk Bibel nynorsk utgåve.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar