søndag 30. august 2026

 

Arabar som ventar på dollarturistar
Jødedommes enigma [i]

Mellom dei tema Küng tok opp i første delen av boka, var dette eit  tema eg syntest var interessant, og som eg aldri hadde tenkt over på denne måten. Han skriv at jødedommen er ei gåte og eit uforklarleg fenomen, unik både i religionane si historie og i jødedommen sjølv.

Med opphav i den fruktbare halvmånen, i eit land delt av «den syriske kløfta» [ii] har jødedommen oppstått og blomstra, men og vore styrt av syrarar, babylonarar, persarar, grekarar, romarar og til slutt kristne. Og jødar er i dag spreidde ut over heile verda. Og sett ut frå dei historiske fakta, påpeikar Küng desse fakta: Jødane er…

Ein stat, og likevel ikkje ein stat. Frå dei vart bortføre til Babylon om lag 586 år f. Kr. og  til 2000 år e. Kr. har fleirtalet av jødane budd utanfor landet sitt, «Eretz Israel».

Eit folk, og likevel ikkje eit folk. Dette er fordi dei, ulikt andre folk, kjenner seg politisk og kulturelt som tilhøyrande alle slags land, amerikanarar, engelskmenn, franske, osv. Dei fleste kjenner seg absolutt ikkje som «jødar i eksil».[iii]

Ein rase, og likevel ikkje ein rase
Frå slettene i Jordandalen
. Dette som var nazismens dogme, har ikkje grunnlag i realitetane. Frå gammal tid er jødar oppblanda gjennom giftarmål eller omvending / konversjon.[iv] Derfor finn ein jødar med alle slags genetiske variantar som viser seg i augefarge, type hår, hudfarge osv.

Eit språkleg fellesskap og likevel ikkje eit språkleg fellesskap. Jødane har korkje ein felles kultur eller eit felles språk. Mange – personleg tenkjer eg at fleirtalet kan korkje hebraisk eller yiddisk. [v]

Eit religiøst fellesskap og likevel ikkje eit religiøst fellesskap. Dette fordi fleirtalet av jødane, også i Israel, definerer seg som ikkje-religiøse. Dei kan likevel fylgja skikkar knytte til religionen (omskjering, sabbat, høgtidsskikkar m.m.), men ser på dette som kulturelt og tradisjonelt. Berre ein liten del set si jødiske tru over alt anna.

Her er det freistande her å ta med ein offentleg statistikk (Israel) for 2014/15 sa 49 % at dei var «hiloni» eller «ikkje-religiøse». 29 % var «masaroti» eller «tradisjonelle». 13 % var «dati» eller «religiøst praktiserande». 9 % var «haredi» eller «ultraortodokse», og under 1 % rekna seg som ingen av dei før nemnde.

Jordandalen litt lenger nede mot Eilat
Tallmessig er utgjer jødane svært lite i verdssamanheng, og trass alle desse «likevel ikkje…» som Küng set opp, er det få eller ingen som har sett slike spor etter seg både religiøst og kulturelt.

Skjebnefellesskap

Dette er orda Küng brukar om det som bind jødane sama trass alle ulikskapane han har lista opp. «Dei utgjer eit slags skjebnefellesskap (uansett om det vert godteke, ignorert eller nekta på det personlege plan), som det ikkje finn maken til og som ikkje kan samanliknast med noko anna folkegruppe. Der har hatt ei imponerande evne til å overleve til i dag, gjennom si tre tusenårige soge, gjennom hundreår med fred og hundreår med forfylging, ja freistnader på total utsletting.

Er ikkje dette at jødane utruleg nok har overlevt tre tusen år under så vanskelege kår, i seg sjølv ei gåte?»

MInnesmerke om sigeren ved Eilat

Uforståelege fakta

Küng avsluttar dette kapittelet med ei lang rekkje retoriske spørsmål. Han kallar jødane si soge uforklarleg. Slik var det i starten og slik har det vore, ikkje minst sidan kristendommen vart ei dominerande kraft, er det utruleg at jødane og jødedommen har overlevt. Hadde jødane det vanskeleg før, vart det ikkje betre då kristne fekk makta.

Her er nokre av spørsmåla hans, litt fritt omsett av meg:

Var ikkje jødane sine erfaringar som dei trufast tok vare på, først muntleg og etter 1000 f.Kr. skriftleg, alle knytt til religionen?

Og erfaringane av ein Gud som ikkje noko billede kunne lagast av, ein uforståeleg og utenkjeleg Gud, som har kasta lys og skugge over jødane frå Abrahams, Isaks og Jakobs tid?

Og har ikkje jødane, uansett om dei har vore religiøse eller ikkje, alltid halde fast på trua på den eine Gud som fedrane trudde på? For dei var det alltid denne eine Gud som stod i sentrum og ikkje nokon annan?

Var ikkje trua på denne eine Gud alltid sentrum for den jødiske religionen – uansett om fleirtalet var trufaste eller trulause?

Og har ikkje ei viss jødisk samkjensle, ei kjensle av solidaritet og kanskje også ei religiøs haldning, forma jødane på tvers av alle landegrenser og kontinent?

?????


[i] «Tha riddle of Judaism».

[ii] Dette er eit namn på kløfta som går gjennom Israel (der Dødehavet ligg) og langt innover i Afrika.

[iii] Dette trudde jødane i dei forskjellege landa i Europa før Hitler. Jødane i Noreg var «norske», men vart absolutt ikkje rekna som nordmenn korkje av nazistane eller nordmenn flest, slik eg forstår soga.

[iv] Moderne genetisk forsking har gjort biletet endå vanskelegare. Mellom anna verta det sagt at atanasiske jødar har i seg eit genetisk kart som viser tilbake til nokre få europeiske «urmødre»!

[v] Derfor må ein stor del av jødane som gjer alyiah, starta med «ulpan», eit intensopplegg i hebraisk for å kunne funger i Israel!

Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar