søndag 9. august 2026

Ein kunstnars framstilling av
Guds kall til sitt folk
Strukturane i Küngs paradigme

I sist blogg fokuserte eg på det som stod på innsida av permane framme i boka eg kjøpte.

Permane bak i boka, er brukte til å visa korleis dei forskjellege paradigma føl kvarandre. Tradisjonell tankegang er at eit nytt paradigme oppstår som fylgje av ei krise i det føregåande. Det er derfor naturleg å knyta desse skifta til dei store omveltingane i jødisk soge. Kor vidt det er rett å kalla alle paradigmeskifta for «kriser», er eg personleg usikker på, men dei fleste er klåre.


Historiske linjer...

Stamme-paradigmet går frå skapinga, gjennom utveljinga av Abraham og jødane som JHVHs folk, og fram til jødane ber profeten Samuel om å få ein konge: «Set no ein konge over oss til å styra oss, såleis som alle folka har det!» (1. Sam 8, 5b). Küng tidfester dette skiftet til år 1000. Profetens reaksjon var negativ, men JHVH sa at folket måtte få viljen sin. Det var ikkje Samuel dei hadde vendt seg frå, men den JHVH som hadde utvalt dei til sitt folk og gjort si pakt med dei. (Sjå v. 7-8 i same kapittelet). I dette tilfellet var det ei religiøs endring som skapte paradigmeskiftet.

Kongedømme-paradigmet går fram til både nordriket Samaria og sørriket Juda er tekne av fiendar, og folket ført i eksil. Dette paradigmet utgjer glansperioden i jødisk politisk historie. Det var då Salomo bygde templet, den jødiske monarken rådde over mest land, og profetar stod sterkt både med ris og ros. Paradigmeskiftet tidfester Küng til 722/597 f. Kr. Det første talet er Samarias fall, og det andre då Jerusalem vart teke.. Politisk sett var dette kanskje den største krisa i jødisk soge.

Tekst på veggen i rommet der Israel vart fødd i 1948

Det tredje paradigmet som Küng kallar teokrati-paradigmet, startar med den første heimvendinga / alyiah der alle jødane som ville det, fekk reisa til Jerusalem. Dei fekk dessuten med alle skattane som var røva frå tempelet. Jerusalems murar vart bygde opp att, og eit nytt tempel bygt, innvigd og kom i funksjon. Profeten Esra og dei prestane som fylgde han, hadde stor makt. Küng brukar truleg av den grunn ordet «nomocracy» som kan omsetjast med «styring etter loven». I denne perioden stod Toraen sentralt i administrasjonen av landet.

Frå klagemuren
Det fjerde paradigmet, middelalder-paradigmet, kom som eit resultat av at Jerusalem var øydelagt og det religiøse livet knytt til tempelet og offertenesta, var definitivt slutt. No kjem dei jødiske lærarane (rabbiane) og synagogane i sentrum. Küng kallar dette «cathedocracy». i Mishnah og Talmud (jødane sin muntlege og skriftlege tradisjon) vert i denne perioden sentrum for jødisk undervisning. Dette paradigmet varde heilt til opplysningstida, ein gong i det 18. – 19. århundret.

Det femte paradigmet kom som resultat av jødiske reformrørsler og tilpassing til moderne livsstil. Det vert av Küng kalla det moderne paradigmet. Slik eg forstår han, meinar han at dette paradigmeskiftet kom på grunn av forsking og vitskaplege studier. Dette paradigmet varer fram til antisemittismen og drap av jødane i perioden 1918-1945, og skaper den største krisa i jødisk historie: Holocaust.

Küngs sjette paradigme har han gjeve navnet «det post-moderne paradigmet». Han knyter det til proklameringa av staten Israel 14. mai 1948 / 5. iyyar 5708. Han set ikkje opp andre paradigmekriterium. Dette er med andre ord eit pågåande paradigme som vil vara til eit nytt paradigmeskifte tvingar seg fram.

Vert det neste «Messias-paradigmet»?

Internett (og AI) seier at jødane sitt Messiashåp vaks fram rundt 500 år F. Kr. under fangenskapet i Babylon. Med Jerusalem i ruinar og templet øydelagt, trong folket noko nytt og sterkt å knyta trua si til.

Salmane 2, 22, 40 og 110 vert i ikkje-jødisk samanheng knytte til Kristus / Jesus (Mashiach / Yeshuah). Men den einaste salmen eg kjem på som direkte peikar på fangenskapet i Babylon, er Salme 137. Den salmen er profetisk sett ein parallell til diaspora som jødar utanfor Israel lever i i dag. Esekiel samanliknar desse jødane med døde bein spreidde utover i verda. (Esekiel 37). Han seier og at jødane skal reisa heim til Israel «frå gravene sine»!

«Ved elvane i Babel sat vi og gret når vi kom Sion i hug. 2 På vidjene der hengde vi harpene våre, 3 for der kravde dei songar av oss, dei som heldt oss fanga. Dei som plaga oss, kravde at vi skulle vera glade: Syng for oss av Sions songar!

4 Korleis kunne vi syngja Herrens song på framand jord?

5 Gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand gløyma meg! 6 Gjev tunga må hanga fast ved ganen om eg ikkje kjem deg i hug, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede!» (Salme 137,1-6).

«Neste år i Jerusalem»

Dette er ei fast helsing mellom jødar både i spesielle rituale og elles, men statistisk sett ser det ut som få meinar noko med det. For dei fleste ligg i dag vegen til Jerusalem open. Det var det ikkje for fangane i Babylon!

Kanskje jødane rundt om i verda ville vera lukkelegare – og tryggare – om dei i år verkeleg reiste  heim - til Jerusalem?

Ville dei då oppleva det Sakarja skriv om i kapittel 8, - det jødane i Salme 137 også lengta så sterkt etter?

-----------

i) Dette vil seia at det var læreseta (catedra) som styrde.

Merk: Bibelsitata er frå Norsk Bibel nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar