![]() |
| Utsnitt av artikkelen i JP 13.09.23 |
Siste delen av artikkelen til David Zalik som eg refererte
til sist, går på det å kjenna seg som
jøde.
Zalik fortel at han ein kveld åt i lag med fem unge
israelarar i Tel Aviv. To av dei hadde vakse opp i diaspora, og ein av dei spurde
kva Israel eigentleg treng å få frå desse jødane som held på å verta
assimilerte og forsvinna som jødar.
Forfattaren vedgår så at assimilering føregår over alt og at
talet på jødar som vert vekke, er stort. Men, skriv han, parallelt med dette finst
det eit veksande tal av jødar utanfor Israel som kjenner seg knytte til Gud, til
Loven og til Israel. Det sentrale for dei er å vera ein del av det jødiske
fellesskapet som han kallar «Jewish peoplehood».[ii])
Mange av desse tek jødiske studium endå dei kanskje er både
40 eller 50 år gamle. Dei har ikkje som mål å verta ortodokse, men dei vil læra
det dei ikkje fekk læra då dei var unge.
Mange amerikanske jødar, seier han, vel å leva som jødar
utan at nokon krev at dei skal gjera det. Når dei gjer det, er målet å setja
jødiske verdiar inn i ein større samanheng, og på den måten spreia den jødiske
erfaringa inn i institusjonar og samfunn utanfor Israels grenser.
| Loven vart gjeve til dei få... |
Skilnaden på «israelar» og «jøde»
Han fortel i artikkelen om ein ung jøde som reiste ut (frå
Israel, slik eg forstår det) som «israelar», men kom att «som jøde». Opphaldet
i «diaspora» hadde lært han kven han eigentleg var, og han hadde lært å
verdsetja sitt jødiske opphav. Vedkomande hadde utsett militærtenesta si for å bruka
eitt år som frivillig i eit amerikansk lokalsamfunn. Han sa det slik:
«Familiane
tende lys på fredagskveldane, ikkje fordi samfunnet rundt dei stansa, men fordi
familien sjølv bestemte seg for å gjera det. Folk hadde «mezuzahs» [iii])
på dørkarmane sine, endå ingen der omkring ikkje hadde det. Eg reiste (til
Amerika) som israelar. Eg kom heim att som jøde!»
Skilnaden på Egypt- og Babylon-diasporaen!
Dei jødane som vart att i Egypt, skriv Zalik, vart assimilerte
og etterlet seg ingen spor. Dei som vart att i Babylon då Esra og dei rundt
50 000 vende tilbake til Juda og Jerusalem, sette derimot sterke spor.
Litt historie
Salme 137,1-6.
I fleire etappar vart jødar ført bort frå landet sitt til
eksil i Babylon. Samaria og Nordriket fall i 722 f. Kr. Judea og Jerusalem
opplevde det same i 597 og 586 f. Kr. Etter profeterte 70 år (538 f. Kr.) fekk
Esra og ein del venda tilbake for å byggja opp att Jerusalem og ta landet i
bruk. Dei vart buande i Jerusalem og Judea, noko som seinare resulterte i
namnet «judearar» eller «Jødar».
Jødane i Egypt på Mose tid var eit slavefolk som vart drivne
til arbeid der Farao ville ha dei. I Babylon var mange av jødane jordbrukarar.
Dei samla seg i eigne område og tok vare på både sin kultur og si tru.
29. kapitelet i boka til Jeremias, - særleg vers 1-14, er
eit brev til dei som var førde i eksil i Babylon. Der vert folket oppfordra til
å leva «eit normalt liv». Gjennom profeten bad Gud dei arbeida for «den byen eg har ført dykk til i eksil, og
de skal be til Herren for han! For når han (dvs. byen dei budde i) har fred, har de og fred.»
Derfor utvikla det seg frodige jødiske samfunn med eigne
samlingsplassar (synagogar), og dette held eksiljødane fram med etter at Esra
og dei mest ivrige hadde reist tilbake til Jerusalem og Juda. [iv])
Då Jerusalem var øydelagt i år 70 og dei jødiske opprøra
var totalt slegne ned av romarane rundt år 135, var det døden for ein jøde om
romarane fann han i Jerusalem. Landet heitte då «Palestina», og berre små
grupper av jødar budde spreidde utover i det landet Gud gav Abraham og hans
etterkomarar.
I denne perioden var hjelpa frå jødane i Babylon, både
økonomisk, kulturelt og religiøst, avgjerande for dei få og fattige som fanst
att i Palestina. Nokre meinar at dei ikkje hadde overlevt fysisk og åndeleg,
utan denne hjelpa.
[i])
«Diaspora» er eit hebraisk ord som vert brukt om jødar
som bur spreidde ut over jorda (men ikkje i Israel).
[ii])
Underoverskrifta er: «The
idea of Jewish peoplehood is coming together».
[iii]) «Mezusah» er eit lite skrin (?) på
dørakrmen i jødiske heimar som inneheld eit utvald skriftord. Det skal gjeva
velsigning og vern til huset og dei som bur der.
[iv])
Dette kan me lesa om
i Esras bok. Eigentleg føregjekk tilbakevendinga i tre etappar frå om lag 538
til 445 f. Kr). Dei som vende tilbake, var eit mindretal. Kanskje berre 50 000
totalt.
Bileta er mine. Dei to nedste frå menoraen ved Knesset.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
