Guds pakter
Illustrasjonen knyt til dette temaet

Etter som eg les Küngs bok «Jødedommen», vert eg imponert
over den kunnskapsmengda og dei analysar han føretek. Målet hans med boka er å
skapa ein «trialog». [i] Det er ordet han har valt å bruka.
Ordet «dialog» betyr eigentleg samtale mellom to personar, men
er i dag redusert til å bety «samtale» uansett kor mange som deltek i samtalen.
Ved å velja ordet «trialog», slær han fast at her er det tre partar som deltek
i samtalen, korkje fleire eller færre. I dette tilfelle ein samtale mellom dei tre
monoteistiske religionane: jødedommen, kristendommen og muhamedanismen.
Felles utgangpunkt: Abraham
Ein av illustrasjonane viser ei jamføring av «Trua sin
far». Både som historisk person, og som førebilete, står han sentralt i alle
dei tre monoteistiske religionane med utgangspunkt i Midtausten. For jødar og
arabarar vert han rekna som stamfar, for jødar gjennom Isak (1. Mos /
Genesis 21), og for arabarar gjennom Ismael (1. Mos / Genesis 16-17). For
kristendommen derimot er han dei truande sin åndelege far. (Gal, 3,7 og Rom 4,11).
Felles for alle dei tre
monoteistiske religionane er at Abraham vert sett opp til som eit førebilete i tru
og tillit til Gud. Eller som Küng skriv om Abraham:
«Det opphavlege førebiletet i
profetiske religionar: Han som trudde God¸ [ii] og som var Guds ven».
Jakob skriv: «Abraham
trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig, og han vart kalla «Guds
ven».» (Jak 2,23b). I koranen Sura
4,125 står «Allah took to Him Ibrahim for an outstanding bondman», som eg ser
utlagt / fritt omsett som at «Gud såg på Abraham som ein ven».

Tre pakter med forskjellege nivå
Abrahams legat

«I jødedommen er han den
som fekk lovnadane om Israel, både folket og landet.
I kristendommen han som
fekk lovnadane som gjeld alle menneskje: Jesus
Kristus som Abrahams etterkomar.
For muhammedanarane er
Abraham den som fekk den opphavlege openberringa som er nedfelt utan endringar
berre i koranen.» [iii]
Tre pakter?
Også her har Küng valt å
klårgjera teksten med ein illustrasjon som viser – slik eg forstår det, med tre
paktsnivå:
1. Menneskeslekta. Alle
desse tre religionane byggjer på at Gud skapte det første mennesket, Adam, og
at alle menneske stammar frå han og Eva som Gud laga av ein del av Adams kropp.
Og første pakta Gud gjorde, var med heile skaparverket etter syndefloda. Det
ytre teiknet på pakta er regnbogen.
2. Neste paktsnivå for
Küng, gjeld for alle dei tre monoteistiske religionane, og er knytt til Abraham som far til mange folk. Teiknet på denne pakta, er omskjeringa. Den gjeld Abraham
sine fysiske etterkomarar, - jødar og arabarar, men ikkje dei kristne. [iv]
3. Tredje nivået har sitt utgamngspunkt i Jakob som Gud gav eit nytt namn: Israel, og som vart opphav til israels 12
stammar. Sjølve pakta kom på Sinai då jødane hadde vakse til eit heilt folk. Paktsteikn var arka der steintavlene vart lagde, og alter for
ofring.
Men Bibelen, det vil seia den heilage boka
som kristendommen byggjer på, har fleire pakter. Ein del reknar totalt 7. Det
er eit heilagt tal, så det kan passa. Personleg er eg meir usikker på
definisjonen av det som kan kallast ei «pakt».
På Abrahams tid var inngåing av ei pakt eit
heilt ritual der det inngjekk slakting av eit dyr mellom anna. (1. Mos / Genesis
15 og 17, m. fl). Noko slik kom ikkje på tale i dei fleste andre. I Kristen
samanheng, er det normalt snakk om to pakter som kjem til syne i sjølve
oppdelinga av den kristne Bibelen: Den gamle pakt som kom på Sinai, og den nye pakt som
byggjer på avslutninga av siste påskemåltidet Jesus var med på før han døydde.
(Matt. 26, 26 – 29).
[i] Første del av boka er «The Past
that is Still Present», del «A: Origins», kjem underkapittelet «5. The need for
a «trialog» between Jews, Christians and Muslims».
[ii] Mi omsetjing av: «Archetype of the profetic religions: the
beliver before God; friend of God». (Uthevinga
er gjort av Küng).
[iii] Uthevingane er som i boka, omsetninga
er mi,
[iv]
Om ikkje-jødiske kristne
skulle omskjerast, var eit stridstema alt i aposteltida. Dei leiande i den
tidlege kyrkjelyden, så langt me veit i alt vesentleg jøde-kristne, vedtok: «For Den heilage ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på
dykk noka anna bør enn dette som er nødvendig: 29 at de held dykk frå kjøt ofra til avgudar, frå
blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor. Tek de dykk i vare for slikt, kjem det
til å gå dykk godt. Lev vel!» (Apg 15:28-29).
------
Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Illustrasjonane er skjermdumpar frå boka.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar