søndag 16. august 2026

 

Framfor minnetavla over bygginga av Tel Aviv
Ei tredje inndeling av jødisk fortid og framtid

Dei to siste bloggane mine har handla om ting som står på permane framme og bak i Küngs bok om jødedommen. Før eg vil ta fram emne frå sjølve boka, vil eg nemna ei inndeling av verdssoga som eg har høyrt forkynt i kristen samanheng av lekfolk. Kanskje den og kan ha noko for seg?

Bakgrunnen for teorien er det Peter skriv i det andre brevet sitt. Han tek utgangspunkt i at tida går, og at ting som har vorte forkynte, ikkje kjem så fort som folk ventar. Og så skriv han: «Men éin ting må de ikkje vera blinde for, mine kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.» (2.Pet. 3,8).

Denne tanken hadde han truleg frå Salme 90,4: «For tusen år er i dine augo som dagen i går når han fer forbi, som ei vakt om natta.»

Heile skapinga tok ei veke

Tabernaklet stod i Silo ca 300 år, og der er
jorda full av bitar frå knuste krukker.
(3. Mos,6,21)
Starten på Bibelen (Genesis) fortel oss at skapinga tok seks arbeidsdagar, og at den sjuande dagen sette Gud /JHVH av til kviledag. Den veka kan då i teorien vera 7000 år, eller etter Guds reknemåte 7 «tusenårsdagar».

Jesus snakka med læresveinane sine om dei siste tider og verda sin undergang. Han sa: «Sanneleg seier eg dykk: Denne ætta skal slett ikkje forgå før alt dette hender. 35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal slett ikkje forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje eingong englane i himmelen, men berre Far min.» (Matt 24, 34-36).

Og forfattaren av brevet til hebrearane, skriv: «Du, Herre, i opphavet grunnla du jorda, og himlane er eit verk av dine hender. 11 Dei skal gå til grunne, men du vert verande. Dei skal eldast som ein klednad. 12 Som ei kappe skal du rulla dei saman, som ein klednad skal dei skiftast ut. Men du er den same, og dine år tek aldri slutt.» (Heb 1,10-12).

Sarons «roser» var kanskje valmuar?
Læresveinen Johannes som sat fanga på øya Patmos, såg denne verdens undergang: «Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmelen og den fyrste jorda hadde kvorve bort, og havet er ikkje meir.» (Op 21,1). Og det han såg, hadde Gud sagt gjennom profeten Jesaja: «For sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord. Og det som var før, skal ingen minnast, ingen skal lenger koma det i hug. 18 Ja, gled og fryd dykk til evig tid over det eg skaper! For sjå, eg skaper Jerusalem til jubel og folket hennar til fryd.» (Jes 65:17-18).

Bibelen slær altså klårt fast at denne jorda har ei fastsett tid, og når så langt lir, skal ho gå til grunne. For den som trur Guds Ord, er dette fakta i fortid, notid og framtid.

Jorda si tilmålte tid = ei tusenårsveke?

Teorien eg skriv om i dag, reknar jorda si tilmålte tid ut frå jødisk tidsrekning. Dei seier at verda snart har eksistert i 6000 «menneskeår» som vert 6 tusenårsdagar.

Dei gamle vise rekna seg fram til tidspunktet for skapinga. (1. Mos /Genesis 1,14). Korleis dei gjorde det, veit eg ikkje, men etter det dei fann ut, er «vårt» år 2026 «deira» år 5786. (11. september, Rosh Hashana, som er deira nyttår, kjem 5787). Dei fleste, også jødar trur eg, reknar med ein viss feilmargin i tidfestinga (som vår kalander og til dømes tidspunktet for Jesu fødsel). Likevel, grovt rekna, vil det vera vel 200 år før den sjette tusenårsdagen er over.

Mandeltreet 
symboliserer Israel

Den kvelden den sjuande tusenårsdagen startar [i], har verda eksistert i 6 dagar etter Guds reknemåte. Då står kviledagen eller sabbaten i Guds veke framfor oss. Det er  i så fall «Tusenårsriket», «Fredsriket» eller «Messias sitt kongedømme ut frå Jerusalem. Det vert med andre ord ein tusen-årssabbat med tre forskjellege namn!

????

«Ingen ting er det så vanskeleg å spå om, som framtida», sa dei vaksne heime då eg var liten, men det er ikkje lett å forstå forttida heller. Dei forskjellege teoriane rundt oppdelinga av soga som eg har vore inne på i desse bloggane, er interessante, i alle fall for min hjerne. Men å ropa eit rungande «Eureka» for nokon av dei, har eg problem med.

Den gode Arkimedes ropte «Eureka» då han steig opp i badekartet sitt og fann løysinga på spørsmålet om gullet i krona til kong Hieron av Syrakus var ekte gull. Visstnok framleis naken, testa han teorien og kunne slik bevisa gullsmedens lureri. (Kjenner du ikkje soga, får du leita ho opp!)

Kva som er rett og gale i desse teoriane over den historiske utviklinga i verda – og rundt Israels soge, kan berre framtida gjeva svar på. «Den som lever, får sjå!» seier ordtaket.

Om han lever lenge nok, vel og merka….

 


[i] Etter jødisk tankegang ut det som står i skaptingssoga, startar den nye dagen om kvelden. (1. Mos. / Genesis 1,8).

Bibelsitata er frå Norsk Bibel nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå¨meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar