søndag 13. september 2026

Største krisa i jødane si soge

Det er snart på tide å forlata boka til Küng, men endå er det nokre ting eg har lyst til å nemna. Det første er den enorme endringa som jødedommen gjennomgjekk, - det Küng reknar som paradigmeskiftet frå år 70 til år 135. Då vart det andre templet og Jerusalem øydelagt, og då jødeopprøra endeleg var slegne ned, prøvde romarane å bryta alle band jødane hadde til landet, og først og fremst med byen Jerusalem.

Som me veit, kalla dei landet «Palestina» som betydde for dei noko slikt som «Filistarland». 

Med dette var det slutt på det jødiske opprøret til dei politiske inspirerte jødane (zelotane), og til dei religiøse (Essearane / Qumran) motstandarane. Dette var og slutten på den jødiske kongedømmet, og overklassen der sadusearane høyrde heime, vart eliminert.

Men det aller viktigaste var at templet, offertenestene og presteskapet [i] vart vekke.  Dermed vart desse viktigaste og mest samlande elementa i jødiske tru og kultur ikkje-eksisterande. Slik er det endå.

Etter Küngs meining var kanskje dette ei større krise enn bortføringa til Babylon, og tomrommet vart fylt av det han kallar «Middelalderparadigmet».

Opphavet til jødane sitt religiøse liv etter år 135

Sist skreiv eg om farisearane og det som eg visste før eg las Küngs bok. Første delen av kapitelet om Mellomalder-paradigmet, skildrar korleis det utvikla seg ei ny form for religiøst liv mellom jødane.

Etter siste slaget i 135 var storparten av jødane enten drepne eller bortførde. Det vart innført dødsstraff for jødane (= omskorne)  som vart tekne i Jerusalem, også om dei tilhøyrde Jesus-sekta.

Küng seier at farisearane, som han kallar «pietistiske» lekfolk, greidde derimot å overleva. [ii]) Johanan ben Zakkai som hadde vore medlem i Det høge rådet, hadde vore halvhjarta med i krigen. Han vart smugla ut av Jerusalem i ei kiste og overgav seg til romarane før byen fall.

Romarane let han opna ein hus der han kunne undervisa i Jabneh, nær Jaffa, og der samla det seg etter kvart mange skriftlærde. I motsetning til dei som hadde samla seg i Masada, var dette religiøse leiarar som søkte fred med romarane. Dei representerte familiar spreidde utover i landet og livnærde seg på forskjelleg vis som jødane elles. På den måten var dei vanskelege å gripa tak i enn dei gruppene som gjekk til grunne i krigen.

Ei ny gudstenesteform veks fram

Men med si forkynning og praksis av heilagt liv, tok dei etter kvar rolla som presteskapet hadde hatt. Etter Johanan gav frå seg leiarrollen, overtok Gamaliel II som tilhøyrde familien Hillel. Dei hadde vore med i kampen mot romarane, men kom på denne måten fram til ei ordning med romarane der dei fekk vera i fred.

På denne måten overtok dei delvis Det høge rådet sin funksjon og fekk også hand om tempelskatten, endå templet var øydelagt. På denne måten og med Hillels leiing, vart farisearane si lære norm for jødisk religiøst liv, knytt til synagogane som vaks fram over heile romarriket. Küng skriv at det vart skriftene (første og fremst Loven) som kom i sentrum. Torarullen fekk plassen alteret hadde hatt før. Og bønn og gode gjerningar fekk plassen ofringane i templet hadde hatt tidlegare.

Dei skriftlærde, rabbiane, fekk prestestanden sin plass, og deira religiøse studium tok plassen arverekkja hadde hatt for prestar og levittar.

Synagogen, som senter for bøn og samlingar, tok plassen templet hadde hatt. Küng siterer den jødiske granskaren Jakob Neusner som seier: «Rabbien som modell og autoritet, Loven (Toraen) som det viktigaste og avgjerande symbolet, studiet av Loven som den edlaste religiøse gjerninga, og eit liv etter religiøse fastsette normer, utgjer til saman det som er meint å vera Israel, - det jødiske folk». [iii]

«Jødedommen slik me kjenner han, vart forma før og etter at templet i Jerusalem fall i år 70. Rundt 600 år e. Kr. var denne utviklinga endeleg fullført».

Skriv Küng.....


[i] Det jødiske presteskapet var knytt til det som skjedde i templet, og då templet vart øydelagt, var deira funksjonar og plass i samfunnet borte.

[ii] Dette står grundigare forklart frå side 128 og utover.

[iii] Mi omsetjing av «The rabbi as model and authority, Torah as the principal and organizing symbol, study of Torah as the capital religious deed, the life of religious discipline as the prime expression of what it means to be Israel, the Jewish people», s. 132.

 Bileta tok eg av Menoraen framfor Knesset. Dei viser situasjonar i jødane si soge.

Det er forbode å bruka bilete elles tekst  frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar