søndag 21. juni 2026

Framsida på boka eg refererer til
«Forbrytelse utan straff»

Dette er tittelen på ei bok som Gaute Lund Rønnebu skreiv, og som Aschehoug & Co gav ut i 2015. Undertittelen er: «Knut Rød og ansvaret for holocaust i Norge».

Boka gjev eit breidt bilete av hendingar knytte til deportasjonen av dei norske jødane til dødsleirane i Tyskland. Lesaren får del i dei tragiske dagane då norske jødar vart samla inn av norsk politi, og det som hende i ettertid. Hovudfokus er på politimannen Knut Rød. i)

Eg har vore innom dette emnet tidlegare. Eg er av dei som meinar at frifinninga av Knut Rød, og at han seinare var tilsett som politimann i Oslo frå 01.06.1950 til han vart pensjonert i 1965, er ein skamplett i norsk rettshistorie.


«Restitusjonen (1995-2000)»

Dette er overskrifta på andre kapittel i tredje del av boka som opnar med eit brev frå Sara Bella Uthaug til broren Abraham.ii) Så langt ho visste, sat han på Berg interneringsleir i Tønsberg. Han hadde vorte arrestert av lensmannen i Volda der han gjekk på handelsgymnaset. Bortsett frå bestemora og broren Salomon som greidde å rømma til Sverige, vart resten av familien arresterte av norsk politi på Røds ordre, og sende til Tyskland. Sara sjølv, som var gift med nordmannen Asbjørn Uthaug, vart arrestert og sat i fengsel til ho vart sendt til Sverige 02.05.1945 saman med 50 andre fangar frå Grini og Bredtveit.

og baksida...
Dei fleste norske jødane vart drepne straks dei kom til leirane, men Abraham var mellom dei som vart sett til tvangsarbeid. Ein medfange, Robert Savosnick, fortalde etter krigen at han døydde i 1943.

På baksida av brevarket hadde Saras ektemann skrive om huset til Mahlerfamilien i Trondheim: «Det har ikke vært noen snushaner verken for optegnelse eller for å hente noe hos dere; så for min del ser det ut som dem har glemt hele stedet, og det er jo fint. Elles står det jo helt urørt så vi har ikke noe å være redd for». Og han vona Abraham snart ville vera i lag med dei att…


Blindt håp?

Noko som ser ut til å gå att mellom jødane før og under første delen av krigen, var den blinde trua på at «Dette vil nok gå over». Forfattaren nemner Saul Friedländer som skreiv i boka «The Years of Extermination» «at et fellestrekk hos det store flertallet av de europeiske jødene var «troen på rykter, selv de mest absurde, så lenge de ga håp», og det selv lenge etter at deportasjonene og utryddelsen var i gang». iii)

I alt det eg har lese om denne perioden, ser det ut til å vera realiteten også mellom jødane her hjå oss. Det er den trua som gjorde at mannen til Sara rekna med at snart skulle dei møtast att, og at «…vi har ikke noe å være redd for».

Men det hadde dei. Familien til Sara vart drepne, og heimen deira vart konfiskert av Statspolitiet i Trondheim 06.02.1943. I lokalhistoriewiki-oppslaget om Abraham, står at «Likvidasjonsstyret for inndratte formuer la ut proklama etter han i august 1943». Det same gjalt nok for dei andre i familien….

Dette er ei av biletsidene og starten på kapittelet eg har fokusert på... (side 192-193)

Problemet med å få tilbake det som var røva.

Oskar Mendelsohn, Bjørn Westlie og mange andre har skrive om dei problema norske jødar møtte då dei prøvde å få tilbake det som var rettmessig deira eige, og det som hadde tilhøyrt drepne slektningar. Eg har vore inne på dette i ein tidlegare blogg i samband med Berit Reisel iv) og Bjarte Bruland sitt arbeid for eit så rettferdig oppgjerd som råd.

Rønnebu gjev, med utgangspunkt i Sara Bella Uthaugs historie, eit godt og allsidig bilete av den uretten norske jødar opplevde, - med Statspolitisjef Knut Rød som sentral eksekutør.

Rønnebu brukte undertittelen: «Knut Rød og ansvaret for holocaust i Norge». Mi kjensle under studiet av dette stoffet og det andre eg har funne om temaet, er den same som då eg las «Gråt mitt elskede land».v)

Kanskje det er den rettferdigaste og rettaste reaksjonen på norske styresmakter si handsaming av jødane i landet vårt frå 1930-åra og fram til i dag?

----------------------

i) Knut Rød vart fødd i Oslo 30.06.1900, og døydde 19.05.1986. Han var medlem av «Nasjonal Samling» frå 1941-1943, og var den som leidde – og skreiv under papira – som sende norske jødar til døden i Nazi-Tyskland.

ii) Abraham Bernhard Mahler vart fødd i Trondheim 09.06.1920, og vart drepen i Auschwitz ein gong i 1943. På Abraham Bernhard Mahler – lokalhistoriewiki.no kan du finne meir informasjon om arrestasjonen og mellom anna folk i Volda sin reaksjon på det som hende.

iii) Sitat frå side 194.

iv) Berit Reisel skreiv boka: ««Hvor ble det av alt saman?» Plyndingen av jødene i Norge», Forlaget Press, 2021.

v) Av Alan Paton, Gyldendal forlag 1986. Tema: Rasisme og undertrykking i Sør-Afrika.

Bileta har eg teke av boka eg skriv om så du kan få ein ide av innhaldet.

Det er er forbode å bruka tekst eller  bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar