Maud Russell
Baksida på boka... |
og 2. verdenskrig.
Maud Russell starta å skriva dagbok i 1938, i ei tid då det låg tunge skyer over Europa. Krigen som kom, førde med seg endringar også for dei rike og priveligerte i England. Så lenge Gilbert levde, prøvde dei å leva så normalt som råd, men tok mot born frå utsette område som på Mattisfont kunne få trygt opphald for ei tid. Då vart innkjøpt ei ku, og Maud lærde både å mjølka, ysta og kinna smør. Ho melde seg også som frivillig i Raude Kross sitt arbeid, men det fungerte dårleg. Truleg var det hennar tyske bakgrunn som gjorde utslaget.
Etter Gilbert sin død i 1942, vart Mottisfont overteke som hospital for skadde, og Maud fekk berre ha hovmeisteren sine rom som sine. Men ho hadde husværet i London, og gjennom kontaktar kom ho inn i admiralitet sitt arbeid. Der deltok ho mellom anna i produksjonen av falske nyheiter på tysk, heilt til krigen var slutt.
Men trass i krigshandlingane er det overklassen me møter i boka, og Maud held kontakt med kjende kunstnarar og viktige personar i engelsk og europeisk kulturliv. Dagboka avspeglar eit liv i luksus. 26. august 1942 skriv ho til dømes: «Ein dag vaska eg håret mitt sjølv – det er første gongen i livet eg har gjort det – og Elisabeth sette det opp». Då var Maud 50 år gammal!
Fleirtalet av dagboksnotatane er knytte til sosiale samlingar, - også ispedd sladder. I samband med ein middag, vert det fortalt om to som krangla under ein middag i Downing Street. Mannen kom med ein negativ kommentar om franskmenn, og kvinna vart hissig og «gav han inn etter notar». Maud skriv:
Frå hovudgangen i huset slik det er no |
Om antisemittisme og jødar
Maud var halv jøde og skriv om arbeidet med å få familiemedlemmar til England. Ein stad skriv ho om ein middag med mellom andre Dr. Weizmann (iii):
«Eg møtte han for nokre år sidan i Paris. Måten hans å vera på, er fasinerande og gjer sterkt inntrykk. Han er ein slags mørk Lenin av jødisk opphav, og med lette slaviske eller tartariske trekk. Augene er fanatiske. Hovudet er praktfult fordi han er så mørk, har så brennande auge og ser så kraftfull ut. Han verka deprimert og synest å tru at arbeidet hans vert motarbeidt, noko det og vert. Han ynskjer å reisa til Palestina, men trur at administrasjonen ikkje vil gjeva han lov. Han fortalde at jødane hadde tilbode seg å stilla med ein hæravdeling på 50 000 mann då krigen starta, men det vart avslege. Ein kan forstå kvifor. Det arabiske spørsmålet. Så vart det semje om at Palestina kunne få stilla med same mengde soldatar, halvdelen jødar og halvdelen arabarar. Jødane gjekk inn for det. Men prosjektet fall i fisk fordi ingen arabarar melde seg. Så no er der 8 000 palestinske jødar i hæravdelingane i Midtausten.»
Bilete eg tok av ei teikning i Auschwitz-Birkenau |
Restane av krematoriet .... |
Kvifor?
Barnebarnet til Maud, Emily Russell, var redaktør og valde ut kva av notatane som skulle få plass i boka. Ho skriv at Maud sine dagboksnotatar var på rundt 350 000 ord, og at ho reduserte teksten til rundt 1/3.(vi) Kan det då vera slik at ho valde bort all informasjon som hadde med Auschwitz og holocaust å gjera?
Det var i alle fall eit vonbrot for meg som hadde vona å møta eit samtidsvitne – ei jødinna – som gav meg innsyn i opplevingar og meiningar om det som hende med jødane under Hitler. På meg verka det utruleg at ho gjekk forbi alle overgrepa uten eit ord, så i mitt hovud må svaret vera at redaktøren valde dette spørsmålet vekk.
I så fall kvifor? Eg kan ikkje tenkja meg at spørsmålet var for kontroversielt i 2017 då første utgåva kom ut. Så lenge etter krigen var holocaust reelle fakta som alle normale menneskje må godta.
Var redaktøren redd informasjonen om Maud sine reaksjonar og hennar eventuelle engasjement for jødane kunne skada salet av boka? Ikkje veit eg.
Ikkje du heller, reknar eg med. Dessverre.
--------------
(i) Innskot i teksten, gjort av redaktøren.
(ii) Mi omsetjing frå nedste del på side 121 og starten på side 122.
(iii) Dr. Chaim Weizmann (1874-1952). Han var sionistleiar og den første presidenten i Israel (1949-52).
(iv) Eg reknar med «G.» står for Gilbert Russell, mannen hennar.
(v) Mi omsetjing av notatet frå 11.04.43.
(vi) Frå innleiinga side 26.
---------------
Bileta er har eg teke sjølv.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar