Kva er identitet?
Framsida av boka eg kjøpte |
Intern identitet
Dette er den «eg»-sentrerte identiteten som er «min» definisjon av meg sjølv, noko me ofte omtalar som mitt sjølvbilete. Denne identiteten er først og fremst introvert og peikar innover mot «meg sjølv», skapt av mi eiga oppleving av meg sjølv, og mi oppleving av korleis andre ser på og/eller reagerer på meg.
Men han er og ekstrovert, det vil seia at han peikar utover frå «meg» mot ei viss gruppe menneske som «eg» deler ein viss del av karakteristika med, og omtalar som «oss». Det kan vera fysiske og psykiske særdrag eller ein kombinasjon av begge, - til dømes hudfarge, religion eller nasjonalt heimland m.m., som bind oss saman.
Denne «oss»-identiteten går på forståinga av «oss sjølve», og er det kollektive sjølvbiletet. Det vert skapt gjennom i felles kultur, felles utdanning, same kjønn, tru, og så vidare. Begge desse formene er interne, det vil seia at «eg» eller «me» konstruerer desse identitetane ut dei frå kriterier «eg» eller «me» bevisst og ubevisst legg vekt på, internt.
Ekstern identitet
Denne identiteten er den «dei andre» har laga av «oss», enten det er av «meg» som einskildindivid, eller av «oss» som gruppe. Mi erfaring er at det er stor skilnad på den identiteten «eg» og «me» meinar me har, og den identiteten «dei andre» (utanfor gruppa) seier «eg» eller «me» har. (i)
«Mapping Jewish Identities»
Ein bruktbokhandel i Exeter selde meg boka med tittelen over. Det er ei fagbok om emnet, redigert av Laurence J. Silberstein. I det eg har lese til no, slo det meg mest den understrekinga av at identitet kan sjåast på som ein stadig prosess der identiteten vert endra etter som indre og ytre tilhøve endrar seg:
«Etter som eit individ går mellom forskjellege etappar, sosialt, politisk eller kulturelt, vil han eller ho sjå på seg sjølv på forskjellege måtar. På forskjellege tidspunkt vil kjønn, klasse, rase, etnisitet, seksuell orientering eller religion vera avgjerande for kven ein er». (ii)
Livet er ein fysisk og psykisk prosess frå fødselen av, og ut frå det me opplever, vert dei forskjellege identitetane skapte, enten me er norske eller jødar. Og resultatet? Ja, det kan verkeleg vera forunderleg. Dette serverte «Daily Mail» lesarane sine den 03.08.24:
«Judaisme: Ja! Sionisme: Nei! Vekk med staten Israel!» (iii)
Faksimile frå side 28 av Daily Mail, laurdag 3. august 24. |
Journalistane hadde fått lov å intervjua ein av dei jødiske sektene i Storbritannia: Neturei Karta. Artikkelen deira startar med:
«Du ville nok ha tenkt at den siste plassen du ville finna ein ultra-ortodoks jøde, typisk kledd med lang, svart frakk og den tradisjonelle mink-hatten, var på ein pro-Palestina protest som føregår nesten kvar veke i London. Denne massen av menn og kvinner med palestinasjal som syng anti-jødiske songar som «Frå elva til sjøen, Israel skal bli fri», kan vera aggressive mot dei som ikkje deler deira syn.
Men frå ei tid tilbake kunne ein sjå ein gruppe ultra-ortodokse jødar som leia songen som bad om at staten Israel måtte verta fjerna. Dette forundra mange av dei andre som protesterte.»
Dette er altså ein flokk jødar som har ein liten synagoge i Stamford Hill, nord i London. Bladet fortel at det skal vera fleire tusen som tilhøyrer denne sekta, og at dei har utpostar i Jerusalem og i New York. Dei brukar sabbaten til å delta i anti-Israel-demonstrasjonar.
Faksimile frå side 29 i same avis |
«Me er ikkje anti-semittar, men anti-sionistar»
Dette utsagnet høyrer me stadig oftare, og denne sekta hevdar at korkje Hamas, Hisbollah og houtiane er anti-semittar, berre anti-sionistar slik dei sjølve. På spørsmål om det finst anti-semittisme på protestmarsjane, svara rabbien Beck:
«På marsjane syng dei: ‘Judaisme: Ja! Sionisme: Nei! Staten Israel må det verta slutt på!’ Og dette er sjølvsagt ikkje anti-semittisk. Alle ‘palestinarane’ arbeider for å få landet sitt tilbake. Det finst ikkje noko anti-semittisk i det.»
«Sanne jødar», kven er det?
Avisa skriv at leiarane i Neturei Karta seier at dei er «dei einaste autentiske rabbiane», og at «alle sanne jødar» avviser staten Israels eksistens. Derfor stiller ein liten flokken med rabbi E. Beck i spissen opp i Palestina-marsjar på sabbaten. Dei vert og inviterte til universitet og anti-Israel-fora. Palestina-tilhengjarane jublar medan sentrale personar mellom jødane uttalar seg nedsetjande om dei, står det i avisa. Det biletet denne flokken har i eigne auge, og det «sentrale personar» i det jødiske samfunn i England har av dei, stemmer med andre ord ikkje over eins.
Eit aktuelt spørsmål for meg er kvar i Tanakh (vårt GT) dei finn det teologiske fundamentet for orda sine, men så reknar eg meg for sionist, sjølv om eg ikkje er jøde. Og Messiasriket som skal koma, er det vel det Jesaja skriv om i sitt 11. kapittel. Då skal ulven bu saman med lammet, og leoparden liggja i lag med kjeet (v,6).
Men ortodokse jødar i anti-Israel-demonstrasjonar, er vel noko heilt anna?
--------------
(i) Under mi tid i Paraguay, har eg sett ei etnisk gruppe gå frå steinalderen til «vår tid». Steinøksa eg har på kontoret fortel om urgammal nedarva teknikk som no held på å gå i gløymeboka, bytt ut med mobiltelefonar og datamaskiner! Då eg kom til landet, vart dei kalla «Guyaki», eit namn på skogrotter, og dei var rekna for å vera svært blodtørstige. Sjølv kalla dei seg «Ache», eller «folk». Mi oppleving av dei, - når dei kjenner seg trygge, er at dei er kjærlege og hjelpsame.
(ii) Mi omsetjing av: «As a subject moves among various sites, social, political, or cultural, he or she is positioned in different ways. At different times, gender, class, race, ethnicity, sexual orientation, or religion takes priority as positioning discourse.» Silberstein byggjer utsagnet på Susan Stanford Friedman sine teoriar.
(iii) Mi omsetjing av: «Judaism yes, Zionism no. The state of Israel must go!»
----------
Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar