Psykologisk krigføring 2.
Minnestøtta og elva... |
I dag er eg i Sogndal og har gått ein tur langs Sogndalselvi som går flaumstor og stri. På vegen kom eg til minnesmerket etter Arve Beheim Karlsen. Det vart avduka 28.04.24, 25 år etter at guten vart jaga på elva og drukna. Figuren er hender som løfter ein elvestein mot himmelen. (i) Det er som dei vil løfta Arve opp og seia: Sjå her, sjå den uretten han måtte lida…
For meg vart det ei bøn til Han som me alle skal stå til rekneskap for ein dag, - og om at eg ikkje må vera mellom dei som svik og ikkje vil sjå at andre lir overlast og får liva sine øydelagde av takelause og ukjærlege medmenneskje.
På Regjeringen.no kan du lesa om hendinga, og grunngjevinga for monumentet: «Hvorfor trenger vi et minnesmerke? Hvorfor trenger vi å minnes?
Minnesmerker forteller historier. Historier om mennesker, og om ting som har hendt. Minnesmerker er et sted for å minnes ting som har skjedd, som angår oss alle. Minnes det gode. Minnes det vonde.
Vi trenger minnesmerker for å lære av historien. For de feil som har skjedd, må vi ikke gjøre på nytt». (ii)
På vegen heim gjekk eg på biblioteket og lånte boka mor til Arve skreiv.(iii) Ei svært kjenslevarm bok om guten hennar som misste livet fordi nokre rasistiske jamaldringar forfylgde han og ropa «Drep han» og «Drep den vesle negeren». (iv) Korleis Arve hamna i elva, vart aldri klårlagt, men obduksjonen viste at han drukna. Han vart 17 år.
Men det som hende den drapskvelden, var berre kulminasjonen av mobbinga guten var utsett for. Samtalar med skulen der han hadde gått, hadde ikkje hjelpt. Eit overfall med mishandling og tap av setlebok og telefon var meldt til politiet, men førde heller ikkje til noko. Det står i boka.
Eg, som lærar, beit meg særleg merke i noko mora skreiv i kapitlet «Eit svik»: «Ein gong på ungdomsskulen hadde Arve – «i kampens hete» - vorte kalla svarting av ein medelev. Men dette tok han seg ikkje nær av. Det verste var at ein lærar hadde høyrt dette, snudd ryggen til og late som han ikkje høyrde. Han gjorde ingen ting. Dette gløymde Arve aldri – for han var det det store svik. Svikta av menneske som han hadde respekt for, som han såg opp til og stolte på.»
Framsida på boka |
Aktørane i overståande triste forteljing finn me paralellar til både på det politiske og det sosiale plan. Inkludert internasjonalt, slik eg skreiv i bloggen sist.
I mikroscenarioet, dvs. hendinga med Arve Beheim Karlsen, finn me (1) guten det vart gjort urett mot, og (1.1) personane knytte til han. Deretter kom (2) dei som utførde overgrepet, og (2.1) personane knytte til desse att. Vidare finn me (3), - dei personane som såg kva som skjedde, men gjorde lite eller ikkje noko med det. (v) Neste nivå (4), er rettssystemet med lovar og forskrifter som (1.1) mora meinte tok meir omsyn til overgriparane (2) enn til den (1) som misste livet. (vi) I tillegg kjem (5) media som forma folke-opinionen både her og i resten av landet.
Ein måte å sjå scenarioet på, er å tenkja sirklar med (1) i sentrum og dei andre (2-5) som omliggjande «løkringar». Alle er delar av det heile, men er samstundes sjølvstendige delar av heilskapen.
Overført til makroperspektiv - i verdssamanheng -, er Israel (1) «hakkekyllingen» (vii), og (1.1) folk og land som støttar landet og vil dei vel. Det ser ut til å vera svært få no til dags…
(2) vert FN med (2,1) slike som Hamas og andre som ynskjer Israel vondt. Dei (3) som ser kva som skjer, men ikkje gjer noko med det, er land som stemmer blankt når palestinske og andre representantar køyrer på for å få vedteke fleire fordømmane resolusjonar mot landet. (viii) Rundt det heile ligg (4) FN si «grunnlov» som omtalar medlemmane som sjølvstendige og likeverdige statar, og ICJ som skulle sjå til at alt går rett og rettferdig for seg. Men det dei gjer, er å fordømma Israel og favorisera overgriparane. I alle fall ser det slik ut for meg!
Ei minnestøtte med sterk symbolikk... |
Scenarioet rundt hendinga i Sogndalsselvi fekk si avrunding ved avdukinga av minnestøtta på 25-årsdagen for Arve Beheims Karlsens død. Der var viktige personar og fine ord, men bakteppet vitna om overgrep og svik. Hadde ikkje ???? ville Arve framleis vore levande imellom oss!
Skal den dagen koma når viktige personar og representantar for landa i verda reiser ei minnestøtte over staten Israel («Eretz Israel»)? Den delinga som FN og mellom andre Noreg vil påtvinga Israel, er dødsdommen over landet slik eg har skrive om i bloggen tidlegare. (x)
Vil FNs generalsekretær halda minnetalen?
Eller kanskje den norske statsministeren ynskjer å seia dei siste, «fine» orda?
Hersketeknikk
«’All verden er en scene’, skrev William Shakespeare.» Slik startar Sigrid Sollund avsnittet «Fordel rollene» i boka «Hersketeknikker». Og ho skriv vidare:
«Vi mennesker vil helst eie vår egen virkelighet og historie. Viss vi blir tildelt en rolle vi føler at vi ikke passer i, svekker det evnen vår til å kontrollere situasjonen. Virkelighetsbildet påvirker rollefortolkningen.» (xi)
Og mobbing, både på individplan og internasjonalt, fungerer etter same prinsippet. Den enklaste forma har opphav i storleik - fysikk, alder og/eller sosial status. Det er dei største / sterkaste mot dei eller den minste /svakaste, - relatert til kropp, kjønn, alder og maktposisjon. I tilhøvet Israel – FN (med sine underorgan), er Israel den tygeleg minste og tapande part. I tilfellet «Arve» var han den veikaste parten fordi han såg anleis ut, var åleine mot fleire, og ikkje tok att på ein måte angriparane forstod.
Sigrid Sollund skriv om «Kampen om definisjonsmakten», og at denne resulterer i rollane den einskilde «får utdelt». Ho snakkar om å verta plassert i «bås», eit uttrykk som seier mykje for den som kjenner gammaldags gardsdrift.
Eit skrik om hjelp..... |
«Kva er sanning?»
Dette utsagnet frå ei av dei mest kjende rettssakene på denne jorda, er like aktuelt i dag som då Pilatus stod og skulle fella den dommen over jøden Jesus. Endå Pilatus sjølv sa «Eg finn inga skuld hos denne mannen» (xiii), dømde han fangen til mishandling, fornedring og den verste dødsforma samtida kjende.
På den scena var (1) Jesus den forfylgde, og Det høge rådet (2) dei som der og då definerte kva som var «sanninga». Pilatus (4) sat i maktposisjonen og kunne dømma eller frikjenna. Han sveik den sanninga han sjølv vitna om, og bøygde seg for presset frå dei (2) som sa seg som eigarar av «definisjonsmakten».
«Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.» (Matt. 27, 24).
Slik løyste han det problemet, men trudde han verkeleg at litt vaskevatn kunne frita han for ansvar og skuld?
Det trur ikkje eg!
Og du?
--------------------------------
(i) På monumentplata står eit vakkert sitat frå Brynjulf Jung Tjønn si bok: «Kvit, norsk mann». Det uttrykkjer hans medoppleving i det som hende den vonde kvelden i 1999.
(ii) Dette er utsnitt av talen Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery heldt ved avdukinga.
(iii) «Arve – sonen min», av Kari Beheim Karlsen, Gyldendal forlag 2002. ISBN 82-05-30402-5.
(iv) Desse ropa vart refererte i vitneboksen under rettssaka. (Side 175 i boka).
(v) Mobbing er eit overgrep.
(vi) Kari Beheim Karlsen skriv om dette i kapitlet «Påtalemakta og rasismen» (s. 154-156). Kapitlet sluttar med eit sitat frå Anne Robbestad si bok «Bistandsadvokaten»: «Rettssaka er tiltaltes venn og fornærmedes fiende»!
(vii) «Hakkekylling» var det vanlege ordet før «mobbeoffer» vart oppfunne! Det har sin bakgrunn i hønsegarden sitt sosiale liv. Hakkekyllingen er den lågast rangerte i hønseflokken som alle hakkar på, og som oftast endar med å gå til grunne av mishandlinga. (Jmfr. H.C.Andersens «Fjøra som vart til 5 høns»).
(viii) Unnataket her er USA (og i sjeldne tilfelle andre) som protesterer og stemmer i mot.
(ix) Dette er eit inntrykk eg og mange med meg har.
(x) Sjå bloggande for 28.07.24 og 04.08.24.
(xi) Sigrid Sollund: «Hersketekninkker. Nyttige og nådeløse», Kagge forlag, utg. 2017. ISBN 978-82-489-2056-4. Sitat frå side 24.
(xii) Dei uproduktive sinnsjuke kunne eliminerast direkte. Jødar og andre som kunne utnyttast så lenge dei greidde arbeida, vart deretter eliminerte. Men sjølv etter sin død vart dei kynisk utnytta, - som gjødsel i jordbruksprosjekta rundt Auschwitz, Birkenau med vidare.
---------------
Bileta er mine eigne. Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk oms.
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar