Bilete eg tok i Higt Street, Exeter, ein laurdag i august. |
Som elles i verda, har England hatt sine antisemittiske protestmarsjar, - ein del av desse også med valdsepisodar. Universitets-miljøa har merkt seg ut, men også «vanlege folk» har gått i tog for noko plakatane kallar «eit fritt Palestina». Der eg har vore, stod det ein trufast flokk på High Street (Exeter) på laurdagane. Desse var av dei rolege. Dei var ikkje mange dei gongane eg såg dei. Dei stod berre i ro med plakatane sine, song litt eller ropte slagord innimellom.
Resten av gruppa, same dagen. |
I synagogen høyrde eg vaktmannen og den ansvarlege snakka om uroa som hadde vore i landet, men alt var roleg og gjekk som normalt for seg dei to laurdagane eg var der.
Denne synagogen brukar liturgibøker bøker etter kva retning av jødedommen den som leier samlinga den dagen, høyrer til. Det meste føregår på engelsk. Eg kunne fylgja med i tekstboka «The Pentateuch and Haftorahs». Der er den hebraiske teksten (i) var omsett til engelsk, med kommentarar.
Jødisk identitet er (for meg) uløyseleg knytt til «Skriftene». |
Kva er «jødisk identitet»?
Om du spør meg, representerer dei eg møtte der i synagogen, mitt bilete av «ein ekte jøde». I tillegg har eg som referansebilete dei eg har møtt og har kontakt med av messianske jødar. Rett nok er der store skilnader på det teologiske fundamentet dei byggjer på, men begge har ei trygg tru på og respekt for Adonai (Gud), endå nokre berre byggjer på det som for meg er Tanakh (GT), og dei andre heile Bibelen frå A til Å. Og eg trur at begge delane i «vår» Bibel har same hovudpersonen!
Men dette viser og kor få jødar eg verkeleg kjenner og kor redusert mi referanseramme er. Det største for meg er at desse menneskja veit kva og kven dei trur på, kven dei er i historisk samanheng, og at dei ynskjer å fylgja skriftene dei har arva frå fedrane.
På besøk i Israel møter du jødisk historie |
Kva om Neturei Karta fekk makta i verda? Ville jødar og andre framleis få lov å ha eit land oppattkalla etter ættefaren deira, Jakob / Israel? Kva ville rabbien E. Beck og hans folk gjort med dei som ikkje delte deira syn? Ville dei verta ei terrorgruppe a la Hamas som tok livet av alle som arbeidde for Israel anno 2024?
«Når mindretalet tek fleirtalet til fange».
For ei tid tilbake såg eg ei bok eller eit hefte som hadde omlag denne overskrifta. Tittelen har forfylgt meg seinare. Så langt eg kan forstå, er dette grunnen til støtta til Hamas og andre som prøver å ta livet av flest mogeleg jødar. Eg trur mange av dei sivile i Gaza i realiteten er fangar under Hamas-leiarane sitt valdsregime.
Må aldri det norske folket gløyma at då kongen vår ville uttrykkja si medkjensle med Israel etter terroren 07.10.23, var det Arbeidarparti-Senterparti-regjeringa som sette foten ned og nekta. Derimot då Ebrahim Raisi, Irans president og ein av bakmennene til 07.10.23 massakren omkom i ei helikopterulukke, var den norske regjeringa straks på pletten for å uttrykkja si medkjensle!
Kven var så Ebrahim Raisi? Jau, han var «jurist» i det iranske rettsvesenet, og vart til slutt president. Han vart kjend som «Slaktaren frå Teheran» eller «Dødsengelen». Kvifor? Heilt enkelt fordi han brukte makta si til å torturera og ta livet av politiske motstandarar! Han var ein mann som etterlet seg blodspor gjennom livet, og han meinte den norske utanriksministeren og statsministeren var verdig ærefulle minneord!
Det same kan seiast om Yahya Sinwar som no er leiaren for Hamas i Gaza, og som – så langt me veit, gøymer seg nede i tunellane bak ein stadig mindre flokk jødiske gislar. Til tider skal han gå ut og gøyma seg mellom kvinner og born, utkledd som «kvinne», vert det sagt.
Jødane fann for litt sidan ein av desse gøymestadane og kunne ta heim lika av fem av gisla tekne 07.10.23. Dei døde hadde alle skotskadar, og var drepne med kaldt blod. Kanskje dei ikkje hadde krefter lenger til å fungera som skjold for Sinwar?
Landet er uløyseleg knytt til fortida... |
Valdspolitikk
Korleis kom han til makta i Gaza? Jau, med vald og terror mot sine eigne, drap av motstandarar og terror mot dei som ikkje ville støtta Hamas. Som takk fekk han tilnamnet «Slaktaren på Khan Younis» (iii), - på lik linje med «Slaktaren frå Teheran».
Når Yahya Sinwar vert drepen – noko som kan skje når som helst, vil den norske regjeringa uttrykkja si «djupe sorg for det tragiske tapet»?
Om ikkje desse karane hadde brukt vald, underrykking og hat-retorikk, ville dei oppnått dei politiske posisjonane som dei har hatt siste tiåra? Det trur i alle fall ikkje eg! Protestane frå palestinarar og iranarar som har våga uttala seg, kan tyda på det same, - inkludert ho som braut inn på live TV-sending. Ho forbanna Hamas og ynskte Sinwars død, men det fann ingen resonans i media eller i offentlege organisasjonar som FN....
Kva så med den norske regjeringa?
Me har ein mindretalsregjering som har ført ein tydeleg anti-Israel-politikk. Dei to siste utanriksministrane – med statsministeren si støtte – har gjort landet vårt berømt for «vårt» Israel-hat. Deira handlingar har plassert landet vårt mellom dei som ynskjer Israels død. «Me» som har eit anna syn på saka, er fangar under denne mindretalsregjeringa sitt politiske regime, slik folket i Gaza har vore under Sinwar og Hamas!
----------------
(i) Tekstane er frå «Tanakh», dvs. «Det gamle testamentet».
(ii) Liturgibøkene er framleis dei gamle der det vert bedt for «The Queen», men liturgen brukar eit ark med forbøn for «King Charles III».
(iii) Khan Younis er ein liten by med tilstøytande flyktningeleir langt sør på Gazastripa. Byen var bygd 1387 av emiren Younis. Det vart handelsstad og stoppestad for karavanar og reisande langs midelhavsveien mellom Egypt og Syria. Ein reisande på 1800-talet seier byen hadde om lag 1000 innbyggjarar og mange frukttre, særleg aprikostre. (Opplysningar frå mellom anna Khan Younis – Wikipedia). Når denne krigen er over, er det grunn til å tru at byen ligg i ruinar, takka være «Slaktaren frå Khan Younis» og Hamas.
------
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar