søndag 6. oktober 2024

  Bed om fred for Jerusalem!

«Bed om fred for Jerusalem! Må dei som elskar deg, leva trygt! Må fred råda innanfor dine vollar, tryggleik i dine borger! For mine brør og vener skuld vil eg seia: «Fred over deg!» For tempelet skuld, Herren vår Guds hus, vil eg ønskja deg det gode.» 

(Salme 122, 6-9)

Slik ordla kong David seg då han skreiv songen til festreisene. Salme 122 er ein gledes-salme for dei som vandra «til Herrens hus» og ville gå inn gjennom Jerusalems portar til heilag fest. 

«Jerusalem, du er bygd som ein heil og samla by!  Dit dreg stammane opp, Herrens stammar! Det er ei lov for Israel å prisa Herrens namn.»  (Salme 122, 3-4)

Oktober, - ei tid til glede og sorg

Oktober er full av høgtidsdagar på jødane sin kalendar. Med eg sit og skriv no, feirar dei nyttår: Rosh Hashanah. Festen starta den 2. på kvelden og varer i to døger.

Den store soningsdagen, Yom Kippur, vil starta på kvelden den 11. og vara eitt døger. Det er den mest heilage dagen på den jødiske kalendaren, - ein dag til faste og vedkjenning av synd. Bibel-referansen 3. Mos. 15, 30 tek utgangspunkt i tempet og syndofferet som vart bore fram der. I dag, sidan jødane ikkje har noko tempel meir, er dagen ein dag til refleksjon og vedkjenning av synd, individuelt og i lag.

Bilete av annonse i Dagen
Fire dagar etterpå startar Sukkot og Simchat Torah. Det er Lauvhyttefesten og Gledesdagen for Loven. Lauvhyttefesten skal minna folket om utvandringa frå Egypt, og varer i sju dagar. Bibelgrunnlaget for denne festen er 3. Mos. 23, 39-42. Dette er ei av dei tre pilgrimshøgtidene då alle menn skulle reisa til Jerusalem.

No vert det laga lauvhytter på balkongar og i hagar. Det er ein gledesfest samstundes som det under det heile ligg eit sakn etter templet i Jerusalem. Det var der Gleda over Loven – Toraen – skulle fylla dei når dei fekk høyra dei eldgamle orda frå boka Moses skreiv.

«Gråt mitt elskede land!»

Dette er tittelen på ei bok som eg las som liten, og som gjorde djupt inntrykk. (i) Eg hugsar ikkje detaljane, men framsidebiletet beit seg fast og vart introduksjon til den verda eg møtte inni. Ei trist bok, - eit vindauga inn i ei verd eg ikkje visste eksisterte.

Tittelen dukka opp i tankane mine i det eg skulle skriva om 07.10.24. Det er ein dag som skal minna oss om overfallet i Sør-Israel den 7. oktober 2023, - om dei mishandla og eller drepne, og dei som vart førde med som gislar til Gaza. Og me seier som på Holokaust-dagen: «Må det aldri skje meir!» 

Bilete av annonse i Dagen
Boka til Alan Paton er aktuell i dag då tusenvis kallar Israel for «aparteid-stat».  Den engelske over-rabbien Ephraim Mirvis som vaks opp i Sør-Afrika, protesterer mot denne horrible påstanden, og seier: «Eg vaks opp i Sør-Afrika, så tru meg når eg seier: Israel er ikkje ein aparteid-stat.» (ii) 

07.10.23 har ikkje som bakteppe noko undertrykking av «urfolk» som i Sør-Afrika, men i eit usløkkjeleg hat til jødar og Israel, underbygdt av mellom anna norskfinansierte lærebøker som gjev heltestatus til terroristar, og «flyktningehjelp» som går til «pay-for-slay» (iii)

Kven er det me bør gråta over den dagen? 

For landet Israel som kjempar ein tilsynelatande håplaus kamp mot desse destruktive kreftene både i Midt-Austen, i FN og i all verda sine media. For Sør-Israel som gjennomlevde dette grufulle åtaket. For dei som vart drepne, og dei som har ulækjelege skadar psykisk og fysisk. Det er for gislane som vart tekne, enten dei i dag er døde eller lever, og for soldatane som er drepne eller skadde under arbeidet med å tryggja Israel mot nye angrep.

Det er og grunn til å gråta over alle uskuldige enten dei kallar seg «palestinarar» eller noko anna, og som vert utnytta som menneskjelege skjold som terroristane gøymer seg bak

Me bør og gråta over arabarane som er oppdregne til jødehat, og som trur at Allahs paradis ventar berre dei får utført «heltegjerningane» dei lærde om i skulen! Det er mennske oppdregne til hat av eit regime der leiararane lever trygt i stor rikdom, men som treng eit fattig, utarma og mishandla folk for at «verda» skal synast synd på dei og senda pengar dei kan kjøpa våpen eller byggja tunellar for. 

På fruktene skal treet kjennast, står der...
Kva med eit Guds Ord til slutt?

Eg «bur» i eit ord eg vart mint om då Putin gjekk til åtak på Ukraina. Då var det røyster som uttrykte fordømming og hat, og med god grunn. Paulus skreiv om sin Gud: «… han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.» (1.Tim 2, 4).

«Alle menneskje» omfattar både jødar og ikkje-jødar, terroroffer så vel som terroristar, overgriparar på linje med dei som leid overgrep. Også Putin. Og deg som les dette, og meg som skriv. Det er Guds ynskje for oss alle...

Han som vart mi «bru» inn til jødedommen, sa: «Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.» (Joh 13, 34) 

Han bygde orda sine på sin «Bibel» (= Tanakh): «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.» (Matt 7, 12)

Kunne me som er innbyggjarar i denne vonde verda praktisera dette, slapp me overgrep som 07.10.23. Då kunne me hatt ein gledes-minnedag på den datoen som no og for alltid er merkt av vald, terror og sorg…

--------------

(i) Originalens tittel var «Cry, Beloved Country», av den sørafrikanske forfattaren Alan Paton (1903-1988). Tittelen i teksten er på den norske utgåva som kom på Gyldendals forlag. Me hadde heime ei utgåve med teikning frå Sør-Afrika utanpå.

(ii) Mi omsetjng av: «I grew up in South Africa, so belive me when I say: Israel is not an apartheid state». Sitat frå The Jewish Chronicle, 01.10.24. Understrekinga er gjort av meg.

(iii) Dette namnet «Lønn for drap», viser til at PLO gjev lønn til terroristar. I tilfelle terroristen vert drepen, går lønna til familien. Det offisielle namnet er «Lønn til martyrar». (Meir om dette på https://en.wikipedia.org/wiki/Palestinian_Authority_Martyrs_Fund, m.fl.)

-------------

Merknad: Bileta har eg teke sjølv, også dei av oppslaga i «Dagen» av 03.10.24. Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar