Informasjon «an sich»
I bloggen for ei tid sidan skreiv eg om hersketeknikkar, og «Kampen om definisjonsmakten». Alt dette kretsar – ikkje om realitetane i det som skjer i Midtausten, men om det «fargelagde» biletet av det som skjer der nede.
Frå det vesle eg har studert av filosofi, er det Kant som sit best att i minnet. Erkjenninga av at erfaringar og informasjon ikkje er absolutt kunskap, er grunnleggjande. «Alt kjem an på augene som ser», sa dei på Strilalandet då eg var liten.
Kant meinte det same og innførde begrepa «das ding für mich» og «das ding an sich». (i) Han synleggjorde det med å snakka om «kva briller me har på oss». Desse «fargar» alt me ser. Vår «syns-oppleving», og det som verkeleg skjer, samsvarar derfor ikkje. Likevel er det «vår oppleving» som fester seg i oss, - og i neste omgang styrer våre handlingar.
Mediaflaumen frå Midtausten er så sterkt «fargelagd» at det grensar opp mot den Ibsenske vurderinga «Dikt og forbannet løgn». (ii) Det vil ikkje seia at det ikkje er grusomt det som skjer der nede. INGEN skulle nokon gong vera nøydde å gjennomleva det dei stakkars menneskja har opplevt og sikkert får oppleva i framtida om ikkje Israel får reinska ut terrorregimet. Då tenkjer eg på dei som verkeleg er uskuldige, dei som ufrivillig lir under terroren, enten dei er "palestinarar" eller jødar..
![]() |
Faksimile av headingen på bladet eg fekk |
produksjon, konstruksjon av tunellar og til lærebøker som instruerer til jødehat, har blod på hendene. Inkludert FN og den norske regjeringa. (iii)
For deg som har vore så heldig (eller uheldig ?) at du les bloggen min, veit at eg har kutta ut NRK-TV. I mine auge og øyre er det for mykje av informasjon – eg meinar då fargelagt informasjon – av typen «Peer Gynt».
Du kan meina at eg ligg i «den andre grøfta». Det har du full rett til å meina. Kanskje du til og med har rett. Kva veit eg? Eg kan berre sjå «das ding für mich», slik du gjer «für dich». Og – det trur i alle fall eg – berre Gud kjenner «das ding an sich».
Men dette er eit val eg har gjort: Eg har kutta ut NRK TV, og «kutta inn» Jerusalem Post (på internett) og ILTV sine kveldssendingar på engelsk. Og nett no har eg fått ei ny informasjonkjelde eg må utforska.
![]() |
Stykke frå informasjon frå England |
Ein ven av meg som kom att frå England, hadde med seg eit nummer av «The Jewish Chronicle» (JC). Bladet er frå 30.08.24, altså ikkje nytt, men for meg eit blad eg aldri hadde høyrt om. Berre det var spennande i seg sjølv. Her er litt av det bladet fortalde meg:
Framsida sin viktigaste artikkel: «Avslørt: Dusinvis palesinske diplomatar feira 7. oktober». Kjelda til informasjonane er ambassadør Dennis Ross. Opplysningane byggjer på ei undersøking som viser at palestinske diplomatar ved FN og rundt om i Europa feira terrorhandlingane Hamas og dei andre Gaza-terroristane utførde i Sør-Israel 07.10.23, og at dei samanlikna Israel med nazistane under andre verdenskrigen. Gjennomgang av fleire hundre utsagn frå over 30 diplomatar, viste at dei kallar israelske troppar «nazistiske»!
«Det mest urovekkjande utsagnet starta sjølve 07.10.23. Hassan Albalawi, diplomatisk leiar for den palestinske misjonen til EU, reagerte med å feira den heroiske handlinga til Hamas. Adel Atieh, den palestinske ambassadøren til EU skildra terroristane som «folkets mektige». Khuloussi Bsaiso, ein palestinsk diplomat ved FN, delte eit kart av Midtausten utan Israel. «Palestina slik det burde vera», var hans kommentar.» (iv)
I Storbritannia publiserte konsulen for den palestiske misjonen i London på TikTok (03.11.23) eit israelsk flagg i lag med Hitler, og under eit bilete av Netanyahu under nazistføraren. Undersøkinga har funne dusinvis av liknande døme.
![]() |
Faksimile frå stykker om bruken av jødiske gislar |
Konklusjonen som eg drog av artikkelen, er at dette er tydelege og umotseielege bevis på at leiarane for «Det palestinske sjølvstyret» (PA), dei Noreg ser fram til skal leia «ein framtidig og fredselskande palestinsk stat i Judea og Samaraia» er idiologisk sett eitt med terroristane både i Gaza, Libanon og Yemen! (v)
Side 12 har ein artikkel om Sinwar sin bruk av jødiske gislar som skjold. Artikkelen, skriven av E. Perry, startar med. «Berre omkring 20 av dei jødiske gislane er haldne av Hamas. Desse har handjern på seg og vert brukt som menneskeleg skjold rundt leiaren, har etterretningskjelder fortalt til JC.
Leiaren for terroristane har gislane omkring seg, og dei vert haldne saman med han under jorda. Israel har allereie ved fleire gonger kunna ta han av dage då dei har lokalisert tunellane der han oppheld seg, men åtaket har ikkje vorte godkjend på grunn av fåren for gislane, har etterretningskjelder foltalt.
Dei andre gislane, både levande og døde, meinar dei vert tekne hand om av mindre terrorgrupper».(vi)
Kva står i «JC» av dag?
Utklipp frå internett om nyttårsinnsamlinga til JC |
I skrivande stund (27.09.24) er hovudoppslaget på internett at Netanyahu nektar for at der er noko nært føreståande våpenkvileavtale med Hizbollah, og at det er stor motstand i den israelske regjeringa mot forslaget.
Ein annan artikkel har overskrifta: «Ayatollah skulle vorte dømt og eventuelt få dødsdom for feilen med person-søkjarane, seier grunnleggjaren av Hizbollah». Dette har Subhi Al-Tufayli skrive på YouTube-sida si. (vii)
Som siste «klipp» frå bladet i dag, vil eg ta med at JC denne Rosh Hashannah samlar inn pengar for å utvikla ein ny førstehjelps-motorsykkel.
I går feira jødar «den store velsignelsesdagen», og kjære venner i Israel sende si velsigning også til oss her oppe «i det kalde nord». Snart skal dei feira Rosh Hashannah – jødisk nyttår. Eg velsigna JC-innsamlinga og ber om at dei må få inn alt dei treng til å utvikla verdens beste førstehjelps-motorsyklar!
Måtte landet i tillegg verta velsigna med FRED slik at bruken av desse syklane vert redusert til berre normale ulukker…
--------------
(i) Det første er «Tingen slik han ser ut for meg» og den andre «Tingen slik han verkeleg er».
(ii) Frå «Peer Gynt», 2. handling. (Eg har tidlegare vore inne på dette temaet i bloggane 05. og 25.05.24.)
(iii) Det siste er at terroristar som 07.10.23 var med på valdtekter, drap og bortføringar i Sør-Israel, men som var og er tilsette i UNRWA, har «diplomatstatus» (= juridisk immunitet). Dei kan derfor ikkje dømmast for misgjerningane. (Om dei hadde valdteke, drepe og bortført menneskje som ikkje var jødar, ville FN handheva same regelen då og? Det trur ikkje eg!)
(iv) Mi omsetjing av: «The most disturbing statements began on Octuber 7 itself. Hassan Albalawi, the deputy head of the Palestine mission to the EU, reacted by celebrating Hamas as «heroic», while Adel Atieh, the Palestinian ambassador to the EU, decribed the terrorists as «the people of the mighty». Meanwhile, Khuloussi Bsaiso, a Palestinian diplomat at the UN, shared a map of the Middle East without Israel. «Palestine as it should be,» he commented.»
(v) I Israel nokre år tilbake fortalde guiden vår at ho sat inne på eit rom fullt av guidar og bussjåførar knytte opp til Israels turist-industri. Med dei hadde pause og åt middag, kom det på TV at ein buss var sprengd av ein sjølvmordsbombar i Jerusalem. Svært mange jødar var drepne eller stygt såra. Då viste det seg at ho var einaste jøden i rommet. Alle dei andre hoppa og jubla og feira udåden! Dette var folk med faste jobbar og som levde godt av det arbeidet jødiske arbeidsgjevarar (og truskyldige turistar) gav dei!
(vi) Mi omsetjing av: «Only around 20 of the Israeli hostages are being held by Hamas and these are being kept in handcuffs as human shields around the leader, Yahya Sinwar, intelligence sources have told the JC. The terror chief har surrounded himself with the captives, who are being held with him underground. Israel has already had several opportunities to eliminate him after locating the tunnels in which he was hidding but the attack was not authorised because of the danger to hostages, intelligence sources said.»
(vii) Mi omsetjing av: «Ayatollah should face trial and potential death penalty over pager attack failure, says Hezbollah founder».
----------------
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar