søndag 22. februar 2026

 

https://www.britannica.com/biography/Georg-Brandes

Viktige jødar i det 20. århundre.    Tredje del 

Det er naturleg å tenkja at dei landa som hadde flest jødar, hadde og flest representantar i den boka dei tre siste blogginnlegga mine har teke utgangspunkt i. Det stemmer når det gjeld USA og Russland / USSR, men ikkje når det gjeld Norden.

Talet på norske jødar har variert frå nokre hundre til vel 2000 i 1940. Av desse vart 772 sende til Tyskland, og under 40 kom tilbake. Mange norske jødar i greidde å rømma til Sverige under krigen, og vart berga, og i dag er kanskje talet like høgt som før krigen.

Sverige har ingen med i boka. Heller ikkje Finland og Island.

https://en.wikipedia.org/wiki/Arne_Jacobsen

Så langt eg veit, har Sverige hatt flest jødar samanlikna med dei andre nordiske landa. Etter det internett kan fortelja, var der rundt 15 000 jødar i Sverige ved slutten av det 20. århundra. Talet er usikkert fordi mange av dei ikkje har vore med i noko jødisk registrert samfunn. I boka «The Jewish Contribution to the 20th Century», har altså ingen frå Sverige fått plass. Og Noreg er berre representert med 1, - Victor Goldschmidt.

Danmark best representert av dei nordiske landa

Etter det internett kan opplysa, budde der mellom 6500 og 8000 jødar i Danmark i 1940. Under krigen gjekk talet ned. I dag reknar ein med at talet er om lag like høgt som då krigen starta.

I boka eg har teke utgangspunkt i, er 7 danske jødar teke med. Her er ein kort presentasjon av desse:

Niels og Aage Bohr. Begge desse var fysikarar. Niels Bohr fekk Nobelprisen i fysikk i 1922.  Sonen Aage saman med to andre forskarar fekk Nobelprisen i fysikk i 1975. Niels Bohr var fødd i København i 1885 og far til Aage ii som var fødd i 1922. Dei er særleg kjende for si forsking på atomet sin konstruksjon og var sentrale i utviklinga av atomenergi til både sivile og militæret føremål.

Etter bruken av atombombene i Hiroshima og Nagasaki i 1944, gjekk Niels Bohr mot bruk av atomvåpen, og i 1957 fekk han Ford-stiftinga sin pris kalla «Atoms for Peace».

Victor Borge. iii Han er registrert som musikar og reiste då krigen starta til USA der han arbeidde i underhaldnings-bransjen både med film, teater og TV. Han var også komponist og dirigerte store symfoniorkester verda rundt.

Georg Brandes.iv Han er registrert som forfattar og er av mange rekna som Danmark sin største i denne kategorien. Han har hatt stor innverknad på dansk åndsliv. Symons skriv om han:

«Han levde i ei ambivalent verd: på eine sida ville han ikkje ha noko å gjera med jødedommen, og på andre sida var han sterk motstandar av jødeforfylging. Det er derfor truleg at på grunn av dansk kjærleik til Brandes, Danmark, etter den tyske okkupasjonen av landet i andre verdenskrig, gjorde så mykje for jødane sine». v

Stephen Hurwitz.vi Han var dansk jurist. Han var professor ved universitetet i København og Folketingets første Ombodsmann 1955-1971. Han var dansk representant i det internasjonale arbeidet mot krigsbrotsverk. Han er og internasjonalt kjend som lærebok-forfattar innan kriminologi. Han vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1961.

Arne Jacobson.vii Han er verdskjend som arkitekt. Han arbeidde og som designar og stod sentralt då modernismen inntok Euro-Amerika. Han er kjend for å kombinera det klassiske med det moderne, og vann mange viktige oppdrag både nasjonalt og internasjonalt. Han har teikna kjende bygg som SAS-hotellet i København, St. Catherine’s College i Oxford, og Kuwait Cantral Bank i Kuwait. Som designar vart han kjend for å ha skapt «egg-stolen» som kom på moten i 1950-60åra.

Ivan Osiier. viii Han er kjend i fekting der han var dansk meister gjennom mange år. Han er kjend for å ha representert landet sitt i fleire olympiadar enn nokon annan atlet, og har ei lang sigersrekkje frå 1908 til 1948. I olympiaden i Berlin i 1936 nekta han å delta i protest mot nazismen. Han vann 38 medaljar i fekting i Danmark og Skandinavia, noko ingen andre har oppnådd Som ein av få, mottok han i si tid Det olympiske diplomet for sin unike innsats.

-----

Dette er eit utdrag av det som stod om skandinaviske jødar i boka. 

Interessant, spør du meg!  Men kva tenkjer du?

---

i Ein reknar med at om lag 1100 norske jødar drog til Sverige under krigen.
ii Niels Bohr gifte seg med ei kvinne som ikkje var jøde. Etter streng religiøs jødisk tankegang kan Aage Bohr derfor ikkje reknast som jøde. Slik det er i dag i Israel, vert born av ikkje-jødiske mødre nekta aliyah, sjølv om faren er «ekte» jøde. Ei endring på dette er eit bønnemne frå mange unge «uekte» jødar som lengtar etter å få flytta til Israel.
iii Også kjend som Børge Rosenbaum, f. i Købehavn i 1909, d. i Greenwich, USA, 2000. (Han døydde etter at boka vart laga).
Illustrasjonen er skjermdump frå Wikipedia.
ivGeorg Morris Cohen Brandes f. i Købehavn 1842, d. same stad 1927.
v Mi omsetjing av siste avsnitt i boka om Brandes.
viStephan Moritz Hurwitz, f. i København 1901, d. same stad 1981.
viiArne Jacobson, f. København 1902, d. same stad 1971.
viiiIvan Joseph Martin Osiier, f. i København i 1888, d. same stad 1965. Skjermdumpen er frå 
https://www.olympedia.org/athletes/21585

Skjermdumpar har eg sett inn for å visa stader der det finst meir stoff om desse personane.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar