![]() |
| Bilete eg tok av ein illustrasjon i Auschwitz |
Colin Rushton som skriv soga til
Arthur Dodd, har med ei rekkje tilfelle der fangane dreiv sabotasje på stadane dei vart tvinga til å arbeida, eller mot sjølve leiren. Arthur til dømes arbeidde lenge med bøying av rør i ein fabrikk.
Arbeidarane prøvde då å svekka konstruksjonane enten ved å løysa skruar eller
svekka materialet så røyrene skulle leka.
Ein gong to av dei engelske
krigsfangane skulle henta suppa som var den vanlegaste maten i leiren, fekk dei
sett inn eit 1 framfor det normale talet som var 25. Dermed fekk dei 100
rasjonar ekstra, noko som kom jødane på arbeidslaget deira til gode!
Men dei fleste jødane fekk ikkje
leva lenge. Arthur fortel at ein gong det kom ei jernbanevogn full av
kvinner som vart sende rett i gasskammera. Dei var, etter det krigsfangane forstod, nett fengsla, og
fangane la merke til kor vakkert dei song. Rushton skriv:
![]() |
| Guiden som viste oss rundt |
«Ver forsiktig. Ikkje bli ein
blomst i Auschwitz»
Etter hendinga med matserveringa sende ei ukrainsk jente ein lapp over til dei med overståande ord.
Arthur fortel at nær inngangen til gasskammera var store blomsterbed, og at det hadde vorte eit symbol at mange jødar plukka blomster og tok med seg inn i døden. Dette var så velkjend i leiren at også dei engelske soldatane forstod meininga!
Ein norsk «nacht und nebel-fange» skriv om desse blomstrane i boka si. Det var jødar som gjødsla dei med oske. Sjølv lengta ho etter å nå dei, men greidde det aldri. Ho kunne berre sjå på dei vakre blomstrane og lengta, slik ho lengta etter fjella heime i Noreg!
Mykje informasjon og mykje liding.
Og me fekk fylgja med - på film...

For den som er interessert i
jødisk soge, er ei bok som denne nyttig fordi forfattaren gjev sitt eige bilete av
det som hende. Dei forskjellege kjeldene har til tider sprikjande informasjon,
men gjev samstundes eit allsidig bilete av konsentrasjonsleirane, deira
organisering og det som føregjekk der.
I siste del av krigen, då
tyskarane hadde fått panikk og krematoria ikkje var store nok til alle dei
drepne, vart det laga store groper for å brenna lik. Arthur og nokre andre
klatra opp i øvste delen av ei brakke der dei kunne sjå det som hende.
SS-vakter skreik og piska jødiske fangar som kasta lika av sine eigne kameratar
på bålet.
Brått vart ein flokk små born
drivne inn på plassen. Borna vart sparka eller kasta skrikande rett inn i
flammehavet! Å sjå dette gjekk så inn på Arthur at han var sjuk lenge
etterpå.
Det som gjorde at Arthur overlevde
fram til freden i 1945, var hans kristne tru, fortel han. Gjennom heile tida
greidde han å ha ein Bibel og ta tid til å lesa. Enkelte andre fangar
provoserte han og sa «Kvar er Guden du trur på no?» Han visste at utan
trua, ville han aldri overleva. Den Gud han trudde på, var ved sida hans kvart minutt. Også der.
---
For Arthur som forteljar, og for
meg som lesar, er stoffet me har delt mellom oss, viktig. Det er ugjerningar som aldri må verta gløymde. Men det er og vitnemål om at det nazistane stod for
og gjorde, kan overvinnast, og noko nytt og betre spira kan fram.
Beste dømet på dette er Israel – «Eretz Israel»
i) Mi omsetjing frå eit avsnitt på side 98-99 i boka.
Bileta tok eg då eg vitja Polen og Auschwitz for nokre år sidan.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar