søndag 25. januar 2026

Framsida av boka eg har lese
«Augnevitne i helvete» i)

Arthur Dodd var fødd i Northwick, England, i 1919. Far hans var soldat, og då andre verdenskrig starta, søkte han om å innrullert i hæren. Han var først avvist på grunn av ein skade i ein fot, men fekk etterpå jobb som sjåførlærar i hæren.

Tyskland tok Danmark og Noreg, og ein månad etter måtte den engelske statsministeren, Chamberlain, gå av. Den som overtok, var Winston Churchill. 

Etter som krigen utvikla seg, vart Arthur send til Algerie. 5. juni 1942 starta slaget mellom den engelske 7. panserdivisjon og Rommels Afrikakorps i Tobruk. Arthur deltok med å køyra fram ammunisjon. Under slaget vart mange engelske soldatar tekne til fange av tyskarane. Etterpå fekk dei vita at slaget var tapt 21. juni og at 30 000 allierte soldatar var fanga.

Først i 1998 skreiv Colin Rushton boka med det Arthur Dodd fortalde.


Til Auschwitz

Etter ein del att og fram vart Arthur saman med andre engelske soldatar sendt nordover gjennom Europa til dei tyske konsentrasjonsleirane i Polen. Dei engelske krigsfangane vart internerte i Monowitz, den minste av leirane som også var kalla «Leir 3».

Han skriv at i «Leir 1», Auschwitz, var det berre menn. Der var jødane, kommunistane og andre «uynskte» internerte. Litt lenger aust låg «Leir 2», Birkenau. Det var kvinner. Der var også gasskammera og krematoria.

Rundt desse var 39 arbeidsstader der fangane arbeidde i forskjelleg industri. Dei produserte våpen, maskindelar og kjemikaliar, eller i gruver, i jordbruk og med forskjellege plantefelt omkring leiren. Totalt utgjorde området 65 kvadratkilometer ii). Etter det som kom fram under Nürnbergrettssaka, var der alltid rundt 140 000 fangar i arbeid her. iii)

Baksida av boka
Arthur var først plassert i «Buna» iv) i produksjonen av syntetisk gummi og benzen. I dette området hadde mange av dei leiande tyske industrigigantane sine fabrikkar: I.G. Farben, Krupps, Siemens og Schukert. Unionwerke, underbedrift av I.G.Farben, produserte eksplosivar. Det var og I.G.Farben & Co som produserte Zyclon-gassen. «For dei engelske fangane var det særleg deprimerande at mange av kjelane i leiren var leverte av Babcock & Wilcox, som er eit engelsk kompani»v)

Dei engelske fangane såg tidleg kor mishandla dei jødiske fangane var, og at særleg nokre av vaktarane var spesielt sadistiske. Dette kunne vera soldatar eller oppnemnde «formenn» vi) som gjerne var kriminelle. Nokre av desse var utstyrde med køller, andre med pisker, og med desse mishandla dei jødane. Arthur og dei engelske fangane prøvde å forsvara dei som vart mishandla, eller prøvde å smugla mat til dei. vii) Det gjorde dei med fåre for sine eigne liv.

Med tida vart nokre av dei engelske fangane flytte til Monowitz og kom inn på området der dei industrialiserte massedrapa skjedde. Dei overtok brakkene etter russiske fangar. For å frigjera plass til engelskmennene, vart russarane drivne ned i underjordiske bomberom der dørane vart bolta og Zyklon B vart send inn gjennom luftkanalane.

Bilete eg tok av ein illustrasjon i Auschwitz


Umenneskelege tilstandar

Arthur skriv mange stader om jødane han møtte i leiren, og korleis dei var mishandla. Her er eit avsnitt frå side 63:

«Jødane vart dagleg slegne, gassa og kremerte. For mange av dei kom døden som ei utfriing frå lidingane. viii) Men lukta av svidd hår og brent kjøt var kvalmande og noko Arthur og dei andre aldri greidde å venja seg til. Dei høge skorsteinane av raud murstein som smalnast oppover, steig over dei toetasjes bygningane og kunne sjåast langt vekke. Berre i tilfelle vinden bles frå ein annan kant, vart dei frie den forferdelege lukta som var ei konstant påminning om det grusomme som skjedde. Dei fleste jødane vart gassa etter ein time i leiren, og oska deira vart dumpa i elva Vistula ix) som er den største av dei tre elvanex)

På side 96 vert det fortalt eit tilfelle der ei SS-vakt slo ein jødisk fange så han sprellande kolliderte med ein engelsk fange. Engelskmannen reagerte spontant. Han stakk knyttneven opp i ansiktet på soldaten, spytta han i ansiktet og skreik «Din djevel». Soldaten greip revolveren for å drepa han, men dei engelske fangane stilte seg mellom. Til slutt stakk soldaten revolveren i hylsteret og gjekk sin veg!

Kva skjedde vidare? Det skal eg koma inn på i neste blogg. Det vart for langt til å ta med alt i denne omgang.

Lat oss be om at slike ting som boka skildrar, aldri må skje meir.

------

i) Boka «Spectator in Hell. A British soldier’s extraordinary story», av Colin Rushton, Pharaoh Press, 2. utg. 1998. GB.

ii) «25 square miles» omrekna her. Ein del norske kommunar er omlag så store.

iii) Denne informasjonen er frå side 55 og utover i boka eg kjøpte.

iv) Dette er eit anna namn på «Monowitz» eller «Leir 3».

v) «What was particularly distressing for the British prisoners at Auschwitz was to see that many of the boilers in the camp had been provided by Babcock & Wilcoz, a UK company». S. 57.

vi) Dei var kalla «Kamaradschafts Politzei» eller «kapo». Det siste kan omsetjast med «sjef» eller «formann».

vii) Krigsfangane fekk pakkar frå Røde kors.

viii) Mi omsetjing av «For many of them, death was a merciful relief».

ix) Etter det som står skrive andre stader, prøvde tyskarane å bruka oska til elveførebygging så ikkje vatnet skulle fløyma utover når det regna mykje. Det fungerte ikkje. Dei prøvde og å blanda ho i støyp, men heller ikkje det gav godt resultat. Oska vart etter det brukt som gjødsel i landbruket rundt leirane, noko som fungerte godt etter det eg har lese.

x) Mi omsetjing av avsitt 2 på side 63.

 

Bileta er mine eigne.


Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar