søndag 18. januar 2026

Informasjon om byen
Nytt år og nye utfordringar?

Me har vore i 2026 lenge før du les det eg skriv i dag. Tre vekers opphald i England er over. Det var kjekt å vera i lag med familie og venner slik det skal vera i høgtider som denne. Litt tid til turisme vart det og før me tok flyet frå Gatwick og heim.

Frå Exeter reiste me til Hastings og til områda der han viking-slektningen vår gjekk i land i 1066 for å leggja England under seg. Nøyaktig kvar han gjekk i land på den store øya, veit eg ikkje, men det skal ha vore i nærleiken av Hastings at hertug Vilhelm av Normandie gjekk i land. Herifrå la han riket under seg og vart «William the Conquerer».

Den som hadde vorte vald til konge nett før, Harald Godwinson, låg i krig lenger nord. Det var han som vann det berømte slaget var Standfordbrua der dei norske vikingane med Harald Hardråde i spissen, tapte. Men sjølv tapte Harald Godwinson for Gangerolvs ættling frå Normandie!

Deltok jødar i denne krigen?

Borga var berre open på søndagar
utenom turistsesongen!
Det var sikkert jødar i England den gongen og. Kanskje kom dei med romarane, men der er få spor av jødiske miljø å oppspora før fram mot 1290 då dei vart utviste frå kongedømmet. Då var det livskraftige jødiske samfunn fleire stader. Når dei kom tilbake og busette seg i det me kallar Storbritannia, er det lite å finne der eg har leitt.

Jødane i Exeter.

Det eldste sporet etter jødar i landet i nyare tid, er gravplassane. I Exeter leigde ein jødisk sølvsmed i 1757 eit område der jødane kunne grava sine døde nær den gamle, romerske muren ved elva Exe. Prisen var 5 shilling for året, og avtalen held fram til han gjekk ut på 1970-talet. Så, i 1977, fekk den jødiske forsamlinga kjøpa staden for 750 pund. Sjølv har eg berre kome til porten. Så vidt eg forstod, måtte ein be om eventuell omvising, noko eg ikkje har gjort.

Derimot var eg to gonger i synagogen i denne høgtida. Om ikkje eg forstår alt, opplever eg det fredfullt og godt. Det meste føregår på engelsk, og det på hebraisk finst med latinske bokstavar, så sjølv om eg ikkje forstår noko større, kan eg få fylgja med i det dei les.

Formelt er synagogen samlingsstad for vel 100 jødar i dette området (Devon med omland), men få gonger når eg har vore der, har det vore 10 menn til stades. Ofte er me berre 4-5 menn og like mange eller nokre fleire kvinner.

Synagogen er den 3. eldste i Storbritannia, og er rekna som ein askenasisk synagoge som i dag ikkje er tilknytt noko spesiell grein av jødedommen. Ein plass las eg at i to år, var synagogen rekna som sefardisk, utan at eg fann forklaringa på dette skiftet. I dag er synagogen open for forskjellege jødiske retningar, og opplegget skifter etter kven som har ansvaret den dagen.

På leiting etter stoff om jødar

Både heime og ute leitar eg etter bøker og informasjon om jødar. I England der det er bruktbutikkar over alt, går eg på jakt i bokhyllene. Å kjøpa bøkene nye, vert for dyrt for meg i lengden. Dessverre var der lite å finna, eller at bøkene var fylte i hyllene uten system, så eg måtte sjekka bok for bok. Det hadde eg ikkje tid til. Men noko fann eg. Det skal eg koma tilbake til.

Kven var Simon M Westerman?

I Hastings fann eg ein liten butikk med gamle bøker frå golv til tak. Mannen som hadde butikken, var langt over pensjonsalderen, men han visste kvar han hadde bøker om jødar!

Han smaug mellom overlesste reolar og sa seg lei for at det meste som fanst, var bøker om holocaust. Men litt anna skulle det og finnast, trudde han. Og der fann han boka til den mannen du las namnet på i denne overskrifta. I tillegg hadde han ei av ein engelsk soldat som fortel om sitt opphald i konsentrasjonsleirane i Polen. Dei bøkene kjøpte eg.

Dedikasjonen
Boka med dedikasjon, var «Judaism as creed and life» i) av Rev. Morris Joseph, 4. utgåve, London 1958. Forfattaren presenterer i «Bok 1: Jødisk tru», «Bok 2: Det seremonielle i jødedommen», og «Bok 3: Plikter og/eller ansvar for ein jøde». ii) Kort sagt ei gullgruve for ein ikkje-jøde som meg.

Men kven var den som fekk boka overlevert på ein av viktigaste dagane i livet etter jødisk tradisjon?

Eg har ikkje funne nokon med mellombokstaven «M», men ei rekkja «Simon Westerman» finst. Ein er verdskjend i triatlon eller «Ironman». Andre er knytte til undervisning og studiar.

Men kven var denne Simon M. Westerman, og kvifor enda boka hans i den ekstremt uryddige, men rikhaldige bruktbokhandelen i Hastings?

Det lurar no eg på. Og det kan du og gjera, - om ikkje du veit meir enn meg?

--------------

i)  Mi litt frie omsetjing: «Jødedommen som grunnlag for tru og liv».

ii) Originaltekst: «Book III – Moral duties».

Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar