søndag 11. januar 2026



Engelske aviser
Foto av teikning frå side 6, - 28.12 i Daily Mail

England er eit paradis for den som likar papiraviser. Her er mange og til relativt låge prisar. i Etter mi meining høyrer eg heime i det politiske sentrumet i norsk politikk. Bortsett frå ein gong då «Senterpartiet» var eit sentrumsparti, er eg Kristeleg folkeparti veljar. Dette påverkar sjølvsagt kva aviser eg les, både på nettet og i papirutgåve.

Papiravisene eg har kjøpt her, er «Daily Mail» og «Daily Express». I tillegg les eg dagleg «Jerusalem Post» på nettet. 

Same dagen som Jerusalem Post tok opp ei forunderleg sak (28.12.25), skreiv engelske aviser om det same. Den egyptiske ekstremisten Alaa Abd El-Fattah vart «ynskt varmt velkomen tilbake til England» av statsminister Starmer. El-Fattah har egyptisk og britisk statsborgarskap ii, og fekk koma heim til sitt nye heimland, England, etter «diskret diplomati med topp prioritet» orkestrert av arbeidarpartiregjeringa til Starmer (= Labour). Det fortalde Daily Mail meg.

Statsministeren sa: «Eg er så glad for at Alaa Abd El-Fattah er tilbake i Storbritannia og er på nytt i lag med familien…». Avisa mi brukar derimot overskrifta «Signalet dette sender, er grotesk!» Ei slik sterkt personleg velkomsthelsing frå statsministeren, er uråd å forsvara, står det. Medan statsministeren fokuserer på familien som er letta for å få Alaa heim til England, fokuserer avisene på personen.

Kven er Alaa Abd El-Fattah?

I Daily Mail er det leiaren for dei konservative som har fått førstesideoppslaget: «Kemi: Eg ynskjer ikkje at folk som hatar landet vårt, skal få vera her». Inne i avisa kjem så ei vidare utgreiing om kven Alaa Abd El-Fattah er og kva han står for.

Når det er snakk om jødar, nektar han for at holocaust nokon gong har skjedd. Han støttar drap av jødar og oppfordrar lesarane sine til å drepa fleire, - også sivile. Han kallar dei som drep jødar for «heltar»!

Men han skriv og at han hatar det engelske politiet. I 2011, då det var mange protestar i England, skreiv han: «Gå og brenn ned Downing Street. Jakt på politifolk, dummingar». Og: «Politifolka er ikkje menneskje, dei har ikkje rett til å gjera det dei gjer, så la oss gå og drepa dei alle».

Han skriv dessuten at han hatar alle kvite, og særleg kvite av engelsk, fransk eller tysk avstamming!» iii

Korleis kan ei regjering som arbeider mot antisemittisme, forsvara ein slik mann?

Dette er eit av spørsmål som ikkje har noko med politisk farge eller personleg sympati å gjera. Det er å visa manglande samsvar mellom det som vart sagt i fine talar, og det regjeringa arbeider for i praksis. Statsminister Starmer lovar å verna jødane, men jublar for at ein som offentleg oppfordrar til å drepa jødar og engelske politifolk, er komen tilbake til landet!

Eit viktig spørsmål i avisene er til kven og kvifor eit land gjev innvandrar statsborgarskap. I dette tilfellet er det ein som er fengsla i landet der han vart fødd, og som får landet han migrerte til, til å bruka diplomatiske kanalar for å sleppa han ut or fengslet.

Bør det ikkje stillast krav til dei som vil vera engelske statsborgarar? Og: Burde ikkje personar med så ekstreme haldningar som Alaa Abd El-Fattah missa statsborgarskapet og verta utviste frå landet?

Daily Express 30.12 uttrykkjer raseri fordi «Nr 10 (=Downing Street) insisterer på at ein «anti-britisk opposisjonell som «ynskjer død over sionistane» er velkomen her (= i UK)»». Jerusalem Post, den første eg såg som nemnde denne saka, stilte same spørsmålet.

Riddarmedalje til den som lyg om Israel?

Ei anna sak som Jerusalem Post har skrive om, har eg ikkje funne noko om i avisene her endå. BBC-sjefen Charlotte Moore var ansvarleg for ein dokumentar som viste eit forvridd bilete av situasjonen i Gaza. BBC viste bilete av Abdullah Al-Yazouri og skreiv om det «stakkars barnet» som leid under Israels misgjerningar! I ettertid kom det opp at Abdullah var son til ein av Hamasleiarane, og at innlegget var laga for å laga eit urett bilete av det som føregjekk!

Under oppvasken i etterkant der leiinga av BBC slo fast at rapporten hadde ««alvorlege og skadande» iv resultat», måtte Charlotte Moore saman med fleire ansvarlege, gå av. Men tysdag 27.12 gjorde Starmer henne til «Officer of the Bristish Empire» (OBE), på trass av det ho hadde gjort. OBE er ein medalje som vart innstifta i 1917 for engelskmenn eller personar frå det britiske samveldet som «har utført verdfulle handlingar» for samveldet. v

For meg med fleire er det vanskeleg å sjå at ein person som er avsett for å ha spreidd usann informasjon gjennom BBC, kan premierast på denne måten. Det er like uforståeleg som statsministeren sin «jubel» over få «heim att» ekstremisten Alaa Abd El-Fattah.

Manglande etiske grenser?

Spørsmålet om grensesetjing og etiske haldningar i politikken er ikkje berre eit aktuelt tema for England. For oss som er «norske nordmenn i Noreg» vi, er spørsmålet like aktuelt.  

Kanskje 2026 kunne verta året då spørsmål om «rett» og «gale» i politikken, kjem på dagsorden?

Eg ynskjer deg og alle eit velsigna og rikt år 2026!

-----

i Abonentar for Daily Mail betalar 90 pence for avisa kvar dag. Med dagens kurs er det ca 12 kroner, - levert på døra.

ii Han er egyptisk av fødsel, men utnytta sitt britiske statsborgarskap (frå 1981) for å sleppa ut av fengsel i landet der han var fødd! Yasser Arafat (f. 1929, d. 20049) var også egyptisk av fødsel. Han var terroristen som vart leiar for PLO. Han hadde bakgrunn i Fatah og utgav seg for å vera «palestinar».  El-Fattah oppfattar seg som engelsk, men vert kalla «ekstremist» fordi han muntleg og skriftleg oppfordrar til drap av jødar, engelske politi folk m.fl.

iii Dette er mi omsetjing av utsnitt i artiklane i aviser som kom ut 28. og 29.12.25.

iv Originaltekst: ««significant and harmful» mistakes».

v Frå Wikipedia sin omtale av riddar-ordenen. Mi omsetjing av «Who has made significant achivement for the United Kingdom»

vi Eg hadde ein gong langt tilbake i tida ein lærar som brukte dette uttrykket når han snakka om etnisk norske borgarar.

vii Ebrahim Raisolsadti, også kalla Ebrahim Raisi (f. 1960 – d. 2024) var dommar før han vart president in Iran. Han vart kjend for å ha dømt tusenvis av opposisjonelle og andre som vart sett på som farlege av prestestyret, til døden. Derav namnet «Slaktaren frå Teheran».

Bileta er foto eg har teke av avisene eg refererer til.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar