søndag 4. januar 2026

Framsida på boka
 Det «gløymde» holocaust

Nazistane sine misgjerningar før og under den andre verdskrig er noko verda aldri må gløyma. Men når det er snakk om det som skjedde i Auschwitz, Birkenau og dei andre leirane, er det stort sett overgrep mot jødar som vert drege fram. Det var også andre som vart fengsla og gjennomgjekk mishandling i desse leirane.

I ein tidlegare blogg har eg vore innom dei norske som vart sende til Tyskland til «Nacht und nebel». Målet nazistane hadde for dei, var at dei skulle forsvinna i «natt og mørke» og verta gløymde for alltid og av alle.

Heldigvis er kunnskapen om alt dette teke vare på, og stadig dukkar det opp bøker og andre kjelder med ny eller utvida kunnskap om det som hende.

«A gypsy in Auschwitz» i

Dette var tittelen på ei bok eg fann i ein bruktforretning i Exeter hin dagen. Det første eg tenkte då eg såg namnet «Rosenberg», var at forfattaren var jøde!

Otto Rosenberg (f. 28.04.1927– 04.07. 2001) er nemnt i Wikipedia under omtalen av Sinti-folket. I boka si omtalar han «Sinti» og «Roma». Dei siste er i nyare tid i Noreg omtalt som «romani», men eg trur det vert brukt på alle sigøynarar hjå oss, uansett kvar deira opphavlege heimland er. Namnet «sinti» var i alle fall ukjent for meg.

Rosenberg var fødd i Aust-Prøysen, men familien flytte til Berlin der Otto vaks opp. Dei tre første kapitla i boka handlar om oppveksten hans hjå bestemora. 13 år gammal, altså i 1940, slutta han på skulen og fekk seg arbeid. I den tida i Tyskland var rustningsindustrien i sterk vekst, og Otto fekk arbeid der. Men gleda var kortvarig.

Baksida av boka
Ein dag oppdaga han eit forstørrelsesglas på noko ved jernbanesporet han fylgde på veg til jobb. Det skrudde han av fordi det gjorde ting han såg på, så mykje større! Men same dagen vart han oppdaga og fekk ei kortare fengselsstraff for tjuveri.


Same dagen soningstida var over, vart han fengsla på nytt. Etter ein del att og fram, vart han send til Auschwitz. Han var då nesten 16 år.

Sigøynarane vart samla på eigne leirar i dei eksisterande leirane. Der, på «Gypsy-Camps» fekk dei først bu med familien, men leirkommandantane hadde glede av å splitta familiane. Otto var arrestert åleine, men fann att nokre av sine i leiren.

Han arbeidde ei tid på «Saunaen», ei brakke som vart brukt til bading og avlusing. Ho låg i nærleiken av gasskammera og dreiv avlusing av tøy med Zyklon B-krystallar. Gassen drap bakteriar og sopp, skriv han. Kleda vart så sende gjennom eit dampbad før fangane fekk dei tilbake. Lus var der i så store mengder at etterpå kunne dei samla dei opp med spade!

Alle i leiren, også soldatane, kom til «Saunaen» for å bada og få reinsa kleda sine. Når det var SS-soldatar, var det Otto sin jobb å pussa skoene eller støvlane deira så dei skein.

«Kanada-kommandoen»

Saunaen låg ikkje langt frå gasskammera der «Kanada-kommandoen» arbeidde. Den hadde oppgåva med å senda folk inn i gasskammera, og etterpå å samla saman lika og få dei til krematoria. Han skriv at desse vart bytte ut kvar seks veker fordi dei ikkje makta arbeidet lenger, og for at kunnskapen om det som føregjekk, ikkje skulle koma ut.

Etter det eg hadde lese før, var det jødar som vart utvalde til dette arbeidet, og som held på til dei sjølve ikkje greidde meir og vart send inn «for å bada». Det var og jødar som hadde oppgåve med å spreia oska frå krematoria på jordbrukslandet omkring leirane. I ei bok står det om jødane som gjekk og spreidde oska, og som på grunn av vinden, vart heilt innsmurde og grå i løpet av arbeidsdagen. Den same forfattaren skreiv om dei vakre blomane og grønsakene som vaks fram på grunn av denne gjødslinga!

Presentasjonen av forfattaren
på innsida av permen framme

Rosenberg skriv at for å få Zyklon B til å fungera i gasskammera, vart krystallane kasta inn gjennom hol i taket, og så vart vatnet slege på for å utvikla krystallane til drepande gass. Dette var nytt for meg .ii I det eg hadde lese før, var ikkje bruk av vatn nemnt.

Etter krigen

I siste fase av krigen freista soldatane å drepa så mange dei kunne av sigøynarane og. Målet var å sletta alle spor. Otto Rosenberg overlevde saman med nokre få av slekta si. Etter kvart kom han tilbake til Berlin der han hadde vakse opp, og fann ein by i ruinar.

Han vart då med på oppryddinga etter bombene, og reinsa murstein til bygging. Desse arbeidarane fekk litt lønn for arbeidet, men ikkje mykje. Først på 1950-talet var det snakk om at sigøynarane skulle få erstatning for det dei hadde gjennomlidt. For å få det måtte han gå til distriktsdomstolen iii i Berlin.

Men han vart avvist. Dei ville ikkje godta at han var frå Berlin. Dei sa: «Han er ein sigøynar, omvandrar og så vidare. Berlin har aldri vore heimen hans». Og sidan fødselsattesten og papira hans var tekne frå han, hadde han berre sine eigne ord å stilla opp med.

For å bevisa kven han var, ville domstolen at han skulle få opna grava til mora for å få bevis på at han  verkeleg var sonen hennar! Då eksploderte han, velta skrivebordet og skreik: «De er alle nazistar! De krev at mor mi skal verta grave opp att på tross av alt ho måtte gjennomgå, og etter at alle borna hennar er døde. Alt dette krev de før de skal gjeva meg desse blodpengane!»

Etter det prøvde han ikkje lenger å få erstatning slik han skulle og burde fått. Men han gav ikkje opp. Den som les Wikipedia m.m., vil sjå at han er nemnd mellom dei frå Sintifolket som er kjende internasjonalt!

Otto Rosenberg sine opplevingar både i og etter opphaldet i konsentrasjonsleiren, er nokså likt det jødar og andre forfylgde opplevde. Norske styresmakter var like vrangvillige overfor jødane som kom heim att etter krigen som distriksdomstolen i Berlin var. Desverre...

Kva norske av sigøynarslekt opplevde, har eg aldri lese noko om. Kanskje det finst etterkomarar av ein norsk «Otto Rosenberg» som kan fylla ut dette tomrommet i norsk soge?

--------------------

i På norsk: «Ein sigøynar i Auschwitz».

ii Han skriv om dette frå side 100 og utover.

iii Omtalt frå side 186 og utover. Sitatet i neste avsnitt er frå side 187. Omsetjinga frå engelsk har eg gjort sjølv.

Bileta har eg scanna av boka eg las.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete av denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar