søndag 28. desember 2025

 
Cameliaen i hagen er også pynta til jul!
England

Eg fekk knapt slege av flymodus før telefonen min ynskte meg «Velkomen til England»! Eg sa «Tusen takk» inni meg og tenkte at no skal han ha fri, han og. Eg er her for å ha ferie, og om råd, læra noko nytt.

Det var regn heime, og det har det vore her og. Men innimellom stikk sola fram i lange periodar. Cameliaen i hagen står i full blomst, og bøane er grøne. Det var kornåkrane der me køyrde sør-vestover frå flyplassen og. Reknar med det er haustsådd korn som dei skal hausta neste år. Etter mange år på det flate Sør-Amerika, er det flate og grøne lett rullande landskapet som å koma heim.

På Powderham Castle på julekonsert

På veg inn til konserten.
Ikkje langt frå Exeter ligg Powderham-eigedomen som har vore Courtenay familien si eige i 700 år. Borga på den store eigedomen fungerer i dag som museum, og der er «The James Wyatt Music Room» der det vert arrangert konsertar med jamne mellomrom. Dotter mi hadde skaffa oss billettar til den 18.12. på den siste av dei to julekonsertane i år, - med Händels Messias.

Eg hadde venta meg eit større kor, men «Powderham Consort & Haldon Ensemble» utgjorde rundt 30 personar, - alle profesjonelle. Bortsett frå førstesopran, var der ein på kvar stemme. Det same galt musikarane. Altså ein på kvart instrument, bortsett frå ein av tenorane som i tillegg tok seg og av paukene der dei skulle vera med.

Under introduksjonen vart det sagt at på grunn av sjukdom (det er influensatid her og), hadde dei vore nøydde til å leiga inn nokre for å fylla tomromma. Då eg studerte musikk for eit par mannsaldrar sidan, song me deler av Händels Messias. Noko av bass-stemma hugsar eg endå. Bortsett frå hallelujakoret, er det arien «The people that walked in darkness» som eg er gladast i.

Det me den kvelden fekk høyra, var Sinfonia (Overtyren), Pifa (Pastoralsymfonien), og heile del II og III. Solistane pendla mellom plassane sine i koret og framme for å presentera dei forskjellege ariane. 

Verste jobben hadde han som spelte kyrkjeorgelet. Han sat med ryggen til orkesteret og måtte før kvar ny sats vri seg for å få med seg teikna frå førstefiolinisten som indikerte takten. Det einaste «glippet» eg merka meg, var då solisten på ein av bass-ariane i gjorde teikn til førstefiolinisten at han ville ha høgare tempo. Det fekk ikkje organisten med seg, og han vart hengjande etter gjennom nokre takthus. Elles vart kvelden ei sann oppleving for meg og dei andre som var til stades. Applausen varde lenger enn langt!

Dagen etter var eg tilbake på Powderham, men då på den delen av godset som er selt og no er ope for publikum med turløyper, kafe og eit heilt område med utsal av lokal mat, plantar og ikkje minst juleting. Eg vandra omkring både ute og inne, og nytte det. På kafeen kjøpte eg meg kake og kaffi, og fekk vita at Jarlen (The Earl of Devon) gjekk omkring i butikken med hunden sin! Det var tydelegvis noko stort. Eg kjende korkje han eller hunden mellom alle som var der, og let heller ikkje kaffien min kolna av den grunn.

Største opplevinga til no på turen

Framveggen med hanukkateppe og hanukkalys

Der er to lokale i Exeter som eg alltid ynskjer å besøkja når eg er her: Synagogen og Frelsesarmeen. Men denne laurdagen hadde me vorte inviterte på hanukkafeiring saman med den vesle messianske gruppa av jødar her i byen. Me var ikkje mange, kanskje oppunder 30, og av dei berre eitt barn. Ho var barnebarnet til pastoren og hadde æra av å kveikja lysa i hanukkastaken. (Ei jødisk dame me kjenner, kom ikkje fordi mannen hennar meinte det kunne vera fårleg. Kanskje andre tenkte slik og?)

Programmet starta med «Kumi Ori» som vart etterfylgt av ei rekkje songar på engelsk. Den siste var «Happy joyous Hanukka» av Sklamberg. Der var og ein avdeling med song og vifting med flagg. Då eg for nokre år sidan vitja kyrkja ii i Asuncion der eg arbeidde i si tid, hadde dei det same på på spansk.

Der var og eit innslag med dans, og opplese eit stykke skrive av Pastor Mike Fabarez, kopiert frå Focal Point Ministries. Temaet var lys. Det same var emnet for talen.

Pastoren brukte David H. Sterns bibelomsetjing. Den var ny for meg. Då eg møtte Stern i Jerusalem, sat han i rullestol og snakka berre litt. Dottera køyrde han omkring. Ho og eit team rundt henne skulle då prøva å fullføra arbeidet med Det gamle testamentet. Sjølv greidde Stern berre å gjera ferdig Det nye testamentet som eg kjøpte då det kom ut. (No har eg bestelt den komplette Bibelen.)

Til dagleg les eg «Tree of Life Bible» som også er omsett og bearbeidd av messianske jødar. Målet med begge er å introdusera det originale namna på Gud m. m. slik dei står i Tanakh. I tillegg er målet å få fram originalt jødisk tankegods som har gått tapt i andre omsetjingar.

For meg er klåraste dømet bruken av ordet «pakt» som på grunn av omsetjing til gresk, vart «testamente». Omsetjinga av «Tanakh» i våre Biblar skulle heitt, «Den gamle pakt», ikkje «Det gamle testamentet». I samsvar med Jesus og Paulus si lære, skulle framhaldet heitt «Den nye pakt», ikkje «Det nye testamentet».

-- Så langt kom eg i går. I dag, julafta, kom postmannen med «The Complete Jewish Bible» som eg bestelte på Amazon for tre dagar sidan. (Slik service må me norske til England for å oppleva!)  Den er julegåva til meg sjølv i år! 

Med dette vil eg ynskja alle alt godt både for høgtida me er inne i, 

og for det året som ligg føre oss.  

David H. Sterns introduksjon i Bibelen tek eg med til slutt:

"Praised are you, Adonai our God, King of the universe, 

who gives the Torah of truth and the Good News of salvation to his people Israel 

and to all the peoples through his son Yeshua the Messiah, our Lord!"

---------------------

i Solisten er kjent dirigent på desse kantar. Han dirigerer til dømes Exeters Bach-kor der også ei av sopranane denne kvelden er med.

ii «Filadelfia», Asuncion, vart grunnlagt av misjonærar frå «Filadelfia», Stockholm, på slutten av 1930-talet. Kyrkja ligg i Barrio Obrero, og i det det området, Barrio Obrero – Pettirossi, bur mange av Paraguays jødar.

Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar