![]() |
| Foto av sidene i "Dag og Tid" i november 2025 |
Her ser du ein tosiders artikkel i «Dag og tid» av 28.11.25 som eg fekk tilsendt frå den faste lesaren som kjenner mi interesse for jødar. Du verden så velsigna det er å ha venner som veit kva eg les, og som hjelper meg med stoff!
Artikkelen gledde meg, endå så trist han var. Bjarte Bruland i greidde å skapa eit levande bilete av den jødiske advokaten Einar Nathan som miste livet i tysk fangenskap i lag med så mange andre av jødane som budde i Noreg då tyskarane hadde makta i landet vårt.
Bilete av eit menneskje
Eit av problema med deportasjonen av norske jødar, er at statistiske data og fagleg informasjon er så omfattande at lesarane ikkje greier å få auga på menneske bak tala. Men her har Bruland gjort eit godt arbeid, - i alle fall slik eg opplever det.
Overskrifta på artikkelen Bruland skreiv, er eit sitat frå noko Nathan sjølv skreiv i det jødiske månadsbladet «Hatikwoh» ii i 1938.
![]() |
| Hovudillustrasjonen på nært hald. |
Einar Nathan var fødd i 1886 og var av ei sentral slekt i det jødiske miljøet i Oslo. Bestefar hans var første forstandaren i «Det Mosaiske Trossamfund» då det vart grunnlagt i 1893, og faren, John Nathan, overtok same stillinga i 1898. iii
Bruland skriv elles om Nathan: «Han var ein av dei første – om ikkje den første – norske jøden som fekk akademisk utdanning. I 1904 tok han avsluttande eksamen som jurist ved Universitetet i Oslo.»
Antisemittisk forfylging?
Vidare skriv Bruland: «I 1926 vart han skulda for heleri av sølvtøy, og han vart frådømt løyvet til å drive som høgsterettsadvokat. Saka vart omtalt i aviser over heile landet. Då dommen vart lesen opp, braut han saman. I fortviling utbraut han: «Dei kunne like godt ha sperra meg inne på livstid»».
Men protestane var mange, og i fleire aviser vart det gjeve uttrykk for at dette var politisk forfylging. «Berre ein månad etter at tingretten hadde teke høgsterettsløyvet og levebrødet frå Nathan, kom ankesaka opp i lagmannsretten. Denne gongen var rettsforhandlingane kortvarige: Nathan vart frifunnen på alle punkt,» står det i artikkelen.
Kamp
mot antisemittisme
Illustrasjon med tittelen:
Advokat Nathan: "...Hvad er det for
en mand man tør beskylde
for heleri?"

Advokat Nathan: "...Hvad er det for
en mand man tør beskylde
for heleri?"
Etter som krigen nærma seg og den antijødiske propagandaen vart sterkare og sterkare, engasjerte Nathan seg i kampen mot uvesenet i aviser som Arbeiderbladet. Han prøvde og å starta ei foreining mot antisemittisme, og vart ein av dei norske jødane som markerte seg mest i denne striden. Då tyskarane hadde innteke landet, var det derfor naturleg at Nathan, på same måte som Sigrid Undset, fort kom i deira søkjelys.
Arrestert.
Første gongen han vart fengsla, var det likevel ikkje av politiske årsaker. Bruland skriv noko som kan berre vera ein anekdote, om møtet med to tyske offiserar på eit fortau i Oslo. «Og på fangekortet står det kvifor Nathan vart arrestert: Han hadde visstnok forulempa ein tysk offiser. Meir skulle det ikkje til for ein jøde.»
Den gongen vart han sitjande i Møllergata 19 rundt fire månader. Så vart han ført over til ein tysk konsentrasjonsleir i Åneby i Nittedal. Frå opphaldet der finst vitne på mishandlinga han fekk. Derfrå gjekk turen til Grini, der han vart slept ut att i juni 1941.
Hausten 1942 vart han fengsla på nytt, innrapportert av ein «fyllik og koneplagar av verste sorten», skriv Bruland. Etter eit kort opphald i Møllergata 19, gjekk turen til Grini der han vart fleire gonger sterkt mishandla, men overlevde.
19.november 1942 vart han og 18 andre jødar deporterte med «Monte Rosa». Artikkelen er illustrert med fangekortet hans datert 26. november 1942, og viser bilete av Nathan som kanskje er frå første fengslinga (Oslo 1941)?
Sluttord
Bruland sluttar artikkelen sin med: «Denne artikkelen er berre eit lite bidrag til å syte for at minnet om Einar Nathan ikkje forsvinn heilt i historia».
Jødane, då eg var i Krakow, lærde med at eit menneskje i jødisk tankegang døyr to gonger. Først er det den fysiske døden når hjarta har slutta å slå og kroppsfunksjonane har halde opp. Den andre, og verste døden, er når minnet om den avdøde ikkje finst lenger.
Derfor er denne artikkelen i «Dag og tid» med på å halda denne markante, norske jøden «i live» endå det har gått 80 år sidan han som ein av 6 000 000 jødar miste livet i nazistane sine umenneskelege leirar.
Med dette vil eg ynskja alle lesarane ei riktig GodJul!
-----------------
i Bjarte Bruland, f. 11.04.1969, er ein historikar som er kjend for sin kunnskap om jødar i Noreg. Han tok doktorgrad i 2018 om «Holocaust i Norge. Registrering – Deportasjon – Tilintetgjørelse», og har gjennom mange år vore knytt til jødisk museum i Oslo.
ii Bladet vart starta i 1929 av det Mosaiske Trossamfund. Etter det som står på internett, skal bladet koma ut framleis.
iii Det står mykje om denne slekta i Oscar Mendelsohns bok frå side 213 og utover. Berre om Einar Nathan har Mendelsohn 23 henvisningar i personregisteret bak i boka!
Bileta har eg teke eller scanna frå avisa.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar