søndag 21. desember 2025

Minnesmerke på den jødiske
gravplassen i Trondheim
med namna på dei tyskarane drap

Ein god ide!

Snart er det julekveld og med den kjem dei obligatoriske gåvene, - både dei me treng og dei me har gleda (?) av å gå til butikken og byta når kalendaren viser nytt år. Eg for min del har sagt at eg ikkje vil ha julegåver, - med unnatak av til og frå barneborn og oldeborn. Dei har endå spenninga med både å gøyma og å finna pakkar under juletreet. Det er noko som til og med ein gamling vert glad av å sjå!

Ny vri på gammalt nytt

Ein dag for ein del månadar sidan dumpa det ned ei boka på stovebordet mitt med kommentaren: «Denne burde du lesa». Det var boka «Leksikon om lys og mørke» av Simon Stranger. i Temaet han tek opp i boka, er soga om Henry Rinnan ii, den mest kjende av dei som samarbeidde med tyskarane under krigen i Trøndelag, både som angjevar og torturist.

Omtalen på baksida av boka
Ideen med «leksikon», det vil seia alfabetisk inndeling av stoffet frå «a» til «å», og måten forfattaren kledde historiske data inn i forteljinga, var tiltalande. Personane, også dei av Stranger sin familie, fekk ansikt og vart «menneske». Dette gjeld og Henry Rinnan, personane rundt han, og dei som utgjorde det jødiske miljøet i Trondheim og omland.

I landet vårt har me berre to stader der det har utvikla seg levande jødiske miljø med synagogar som samlingsstad, Oslo og Trondheim. Synagogen i Trondheim var innvigd i 1925 då «Der mosaiske trosssamfunn» fekk kjøpa den gamle og vakre jernbanestasjonen. I dag held også «Det jødiske museum» til der.

Første jødane kom til byen på 1800-talet, og på det meste var det nokre hundre jødar i byen. Dei første var omreisande handelsmenn, men etter kvart kom det jødiske forretningar i sjølve byen. Bøkene presenter lesaren for soga til jøden Hirsch Komissar iii som kom til Trondheim i 1915. Han gifte seg i 1916 med Marie Wolfson som var vaksen opp der. Dei fekk tre born.

Framsida på boka eg las

«Leksikon om lys og mørke»

Familien Komissar dreiv klesbutikkar i Trondheim, mellom anna motemagasinet «Paris-Wien». Alt vart konfiskert nokså tidleg i krigsåra. Sjølv vart Hirsch Komissar arrestert i januar 1942. Han vart snart overført til Falstad fangeleir som er kjend for si mishandling av jødiske fangar. Saman med ni andre jødar, vart han så skoten i oktober same året.

Resten av familien reiste då til Oslo. Dei kom seg over til Sverige og overlevde. Etter krigen kom dei tilbake til Noreg og fekk spørsmål om å flytta til Trondheim for å hjelpa til med å få forretningane på fote att. Det var slik svigerfamilien til Simon Stranger kom til å bu i det huset Rinnanbanden hadde halde til. (Meir om dette finn du i boka.)

Slektstilknytinga til Stranger og familien si soge fletta inn i dei historiske fakta, er for meg berebjelken i begge bøkene eg skriv om i dag. Dei fortel om ein del av norsk soge som aldri må gløymast korkje av jødane overgrepa gjekk ut over, eller av oss «ikkje-jødar» som ser det heile utanfrå.

Framsida på bok nummer 2
«Museum for mordere og redningsmenn»

Dette er andre boka til Simon Stranger som eg lese. Her har forfattaren valt å ta lesarane på vandring gjennom eit tenkt museum. Gjennom 367sider har me vandra frå rom til rom, og sit etter endt vandring att med eit godt bilete av personane og samtida hendingane føregjekk i.

Som i «Leksikon om lys og mørke» kombinerer forfattaren kjende fakta med tankar han har gjort seg rundt det som hende, alt spunne rundt både enkeltmenneske og familierelasjonar.

I daglegtalen ville me sagt at forfattaren har gjeve historiske fakta «kjøt på beina». Bøkene er lette å lesa og litt uvanleg organiserte sidan han har valt å organisera den eine som eit leksikon, og den andre som ei museumsvandring.

Slik eg opplevde det, plasserer forfattaren «meg» som lesar inn i «den-gong-då-tida». Han vil visa korleis ting skjedde og så langt han har funne ut, kvifor det ting vart som dei vart. For meg var opplevinga positiv. 

For meg er desse to bøkene nyttige og lærerike pakkar som bør finast under mange juletre!

Med dette ynskjer eg alle lesarane ei velsigna, roleg og god jul!

-------------- 

i Simon Stranger, f. 11.02.1976, voks opp på Lilleaker i Oslo. Har studert filosofi og religionshistorie ved Universitetet i Oslo, og har gått på forfattarstudie i Bø i Telemark. Han debuterte i 2003. «Leksikon om lys og mørke» kom ut i 2018, og «Museum for mordere og redningsmenn» i 2023.

ii Henry Oliver Rinnan, f. 14.05.1914, d. 01.02.1947, var frå Levanger. Vart kjend for si evne til å spora opp og fengsla medlemar av motstandsrørsla. Var leiar for den såkalla «Rinnanbanden» som hadde tilhald i huset som svigerfamilien til Simon Stranger budde i etter krigen.

iii Hirsch Zvi Komissar, f. 09.06.1887, drepen 07.10.1942 på Falstad. Oscar Mendelsohn har 11 referansar til han i boka si om «Jødenes historie i Norge». Han var utdanna ingeniør, men dreiv klesforretning i Trondheim.

Det er forbode å bruka  bilete og tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar