søndag 8. februar 2026

Framsida på boka eg kjøpte.
«Jødiske bidrag til det 20. århundre»

Ei anna av bøkene eg kjøpte i England, møter lesaren med denne teksten:

«In memoriam of the six million Jews murdered by the Germans as part of their genocide policy between 1933 and 1945, one and a half million were children, such as one might see at any creche, nursery or primary school, anywhere in the world. All with right to life and adulthood.

This German crime was not just against the Jewish Nation. The world at large has suffered. The 1000 men and women featured here are part of the Jewish European heritage. So were the murdered children. This common background prompts the question of what might the full lives of these children (and their children) have given our century and beyond.

This book, therefore, is dedicated to the Children of the Holocaust, who never had the chance of making their contribution». i)

Frå omslaget på frampermen
I boka er gjeve plass til 1000 jødar som vart kjende frå 1900 til 1999, og som tilførde vårt globale fellesskap ting som er viktige å ta vare på og hugsa.


Frå 40 land

I 1999 rekna ein med at det var rundt 190 land i heile verda. Dei utplukka personane kjem frå 40 av desse. Dei fleste, 433 personar, kjem frå USA. Så kjem Russland / USSR med 112, Storbritannia med 98, Tyskland med 89, Frankrike med 76 og Austerrike med 52, og så vidare.

Samen med Noreg er Algerie, Brasil, Bulgaria, Ecuador, Estland, Gibraltar, Hellas, Hong Kong, Jamaica, Luxembourg, Singapore, Tunisia, Jugoslavia og Zimbabwe representert med 1 person.


Fordelt på 125 kategoriar

Det er vanleg å snakka om yrke i samanhengar som dette, men her er både yrke og andre namn som forklarar kvifor desse personane er tenke med.

Edith Stein frå Polen til dømes er klassifisert som martyr. Ho vart fødd i Tyskland i ein ortodoks familie, men forlet jødedommen og vart katolikk og tok namnet «Teresa Benedicta to the Cross». Ho deltok i arbeidet mot Hitler og vart arrestert etter ordre frå han om at alle ikkje-ariske kristne skulle fengslast. Edith vart så sendt til Auschwitz og gassa i hel 9. eller 10. august i 1942. Ho vart gjort til helgen av Pave John Paul II i 1987.

Prinsesse: Elsa vart fødd i ein rik jødisk familie i Austerrike. Faren var baron. Ho var gift med Prins Francis av Liechtenstein i 1921. Dei vart konge og dronning i 1929. Då Hitler overtok, vart kongen nøydd til å abdisera fordi dronninga var jøde. Dei flytte så til Sveits, men kongen døydde to månader seinare. Elsa levde der til i 1947, og Sveits gav ut ein frimerke i samband med hennar død.


Den norske representanten 
Baksida av boka
Victor Goldschmidt er oppført som mineralog. Han vart fødd i Zürich, Sveits, i 1888, og vart norsk statsborgar i 1905. Han fylgde i faren sine fotspor som vitenskaps-mann og studerte ved universitetet i Oslo der han og vart professor. I 1929 vart han utmend til professor i mineralogi ved universitetet i Gottinham, Tyskland, men vende i 1935 tilbake som professor i Oslo på grunn av antisemittismen som vaks fram der nede.

Då tyskarane tok Noreg, vart han forfylgd av Gestapo. Den norske motstandsrørsla greidde å få han over til Sverige, og derifrå flaug det engelske flyvåpenet han over til Storbritannia der han arbeidde vidare til han vende heim til Noreg i 1946.

Goldschmidt er rekna som ein av dei største mineralogane i si samtid, og er rekna som grunnleggjar av geokjemisk forsking. Han gjorde banebrytande studium knytte til jorda si samansetjing, til olivin, utvikling av kunstgjødsel, med meir.

Han døydde i Oslo i mars 1947.

Hovudverket om norske jødar, Oskar Mendelsohns bok: «Jødenes historie i Norge», nemner Victor Goldschmidt 7 gonger. Faren, Heinrich Jacob Goldschmidt er nemnt to gonger, begge gongane i lag med sonen.

Meir om desse neste gong.

---------

1) Denne sida står før sjølve innleiinga til boka. Eg har valt å ta alt med på engelsk, men har delt teksten opp i avsnitt for å få eit lettare skriftbilete i bloggen. 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar