søndag 15. februar 2026

 Viktige jødar i det 20. århundre.    Andre del 

Victor Goldschmidt er einaste norske jøden som fekk plass i boka: «The Jewish Contribution to the 20th century, compiled & written by Alan Symons.» I dette innlegget skal du få læra litt meir om mannen og det han gjorde.

https://quimicafacil.net/infografias/biografias/victor-moritz-goldschmidt/

Slutten av blogginnlegget sist var informasjon som Oscar Mendelsohn hadde med i boka «Jødenes historie i Norge». Dei referansane eg tok fram då, enda med at Heinrich Jacob Goldschmidt, far til Victor, døydde i 1937, og at Victor var professor på Univeritetet i Oslo.

Goldschmidt og krigen

I 1940 kom krigen til Noreg, og med den nazismen som Goldscmidt hadde rømt frå i Tyskland. Victor hadde vorte henta som professor til Göttingen i 1929. Han var der til 1935, og fekk så tilbake sitt gamle professorat i Oslo. Den stillingen hadde han til norsk politi arresterte han 25. oktober 1942. Etter eit kortare opphald i fengslet på Bretvedt, vart han overført til Berg konsentrasjonsleir ved Tønsberg.

Mendelsohn skriv at forskjellege firma som hadde fått arrestert jødar dei var absolutt avhengige av, og  vitenskaplege institusjonar, søkte Quisling-regjeringa om å få desse fri gjevne. «Som et resultat av slike henstillinger fra ulike hold ble den 54-årige professoren Victor Goldschmidt frigitt fra Berg», skriv han.

Same avsnittet fortel at to slike søknader var innvilga 25. november, men trass i at leiinga på Berg hadde fått melding, vart den eine (ein tyskfødd ingeniør frå Bergen) transportert til Oslo og lasta ombord i Donau. Statspolitiet fekk melding om dette i tretida på ettermiddagen og gjekk for å henta han, men fekk beskjed om at han ikkje var om bord. Då båten var komen i rom sjø [i] vart det stafesta at han var send ut av landet.

Bergmannen - Victor Moritz Goldschmidt - Jødedommen.no

Kva som eigentleg skjedde med Victor Golschmidt, er usikkert. På side 581 skriv Mendelsohn at Victor på grunn av søknader vart han sett fri frå Berg. [ii]

Wikipedia skriv at Victor vart alvorleg sjuk på Berg og kom på sjukehus i Oslo. Han kom ut derifrå den 8. november, men vart arrestert på nytt av politiet den 25. november og ført til kaien for å verta utsend saman med dei andre jødane. «Likevel, då han var på kaien for å verta send om bord og til Auschwitz, vart han sett fri på grunn av at nokre kollegaer hadde overtydd politisjefen at hans vitenskaplege kompetanse var avgjerande for staten». [iii]

Norsk biografisk leksikon fortel at Goldschmidt vart arrestert 26. november og alt han åtte vart konfiskert. «Dagen etter stod han på kaia for å gå om bord i det tyske skipet Donau med 531 andre jøder for å fraktes til Auschwitz. Mens de stod oppstilt for å gå om bord, ble Goldschmidt fortalt at han var fri og kunne dra hjem. Løslatelsen skyldtes kanskje at universitetes prorektor, geologen Adolf Hoel, benyttet et personlig kjennskap til sjefen for statspolitiet. Det var imidlertid åpenbart at Goldschmidt snart ville bli arrestert på nytt og deportert til utryddelsesleirene i Polen, og han flyktet derfor til Sverige». [iv]

Den engelske boka eg har vist til, skriv: «Etter invasjonen av Noreg i 1940, vart han forfylgd av Gestapo og vart tvinga til å gøyma seg, så han flytta frå stad til stad til den norske motstandsrørsla smugla han over til Sverige. Derifrå flaug RAF han til England i eit moskito bombefly der han låg i det tomme bomberommet».[v]

Victor Moritz Goldschmidt – Norsk biografisk leksikon

«Friends of the Hebrew University»

Mendelsohn nemner denne fleire stader. Siste gong han nemner Victor Goldschmidt, skriv han:

«I annen halvdel av 1930-årene ble det opprettet en norsk avdeling av Det hebraiske univertitets venner (med en underavdeling i Trondheim). Det var etter initiativ av dr. Kaplun Kogan som utsending fra «Friends of the Hebrew University»  at den norske avdelingen ble til. Formannen i styret (i det satt fleire ikke-jøder) var professor ved Universitetet i Oslo, Victor Goldschmidt. Etter krigen  var «Friends of the Hebrew University» representert ved en kontaktperson (Oscar Mendelsohn), men ikke ved en særskilt foreining, delvis fordi det høsten 1948 ble dannet en annen forening (Norge-Israel) med den oppgave å fremme forståelsen mellom de to landene.» [vi]

Nokre ord til slutt

Wikipedia fortel at Goldschmidt vart populær i England. «Likevel, han ynskte å reisa tilbake til Oslo – han var ikkje velkomen av dei norske - og han reiste tilbake den 26. juni 1946. Han døydde ikkje lenge etter, 59 år gammal». [vii]

Norsk biografisk leksikon har denne sluttkommentaren:

«Goldschmidt hadde mange nære venner, men kombinasjonen av ærlighet og sarkasme førte til at han også fikk en del fiender. I sine senere år ble han mistenksom og sårbar. Enkelte av hans nære kolleger ved Universitetet i Oslo kunne ikke tilgi ham at han hadde flyktet under krigen og ivret ikke akkurat for at han skulle komme tilbake.

Han ble alvorlig syk, og døde mindre enn et år etter at han hadde vendt hjem til Norge. Hans aske ble lagt i en urne av olivinsten [viii] og deponert i Vestre krematorium i Oslo, og senere ble den begravd på Vestre gravlund i Oslo». [ix]


[i] Det er skrive at «Donau» forlet kaien i Oslo den 26. novbember 1942 klokka 14.55.

[ii] Side 581, nedst på sida. I Merknad 427 nedst på side 582, står at han vart frigjeven 12. november 1942.

[iii] Frå 2. avsnitt under overskrifta «Career». Dette er teke frå den engelske utgåva av Wikipedia: Victor Goldschmidt - Wikipedia, omsett av meg her. 

[iv] Frå Victor Moritz Goldschmidt – Norsk biografisk leksikon, 3. siste avsnitt. (Dette er ein eldre artikkel som er informativ og god.)

[v] Slutten av 1. avsnitt i stykket om V.G. i den engelske boka.

[vi] Frå side 88o, 2. avsnitt i Mendelsohsn bok.

[vii] Mi omsetjing av siste avsnitt under «Career» i Victor Goldschmidt - Wikipedia

[viii] Eit av forskingsområda hans var olivin. Dette gav stor gruveaktivitet i fjella mellom Sunnmøre og Nordfjord. Olivinen vart utskipa frå Åheim i Vanylven kommune.

[ix]  Siste avsnitt i artikkelen. Eg har delt avsnittet i to her.

Faksimilane er har eg teke med for å visa litt av det som finst på internett.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar