Endeleg!
Etter mange år der eg har lese om dei norske jødane som vart sendt i døden under krigen, har eg fått ei bok i hendene som kan fortelja meg meir om dei som kom tilbake, og det dei måtte gjennomgå. At dei leid urett, er det ingen tvil om, enten dei var formelt norske statsborgarar eller ikkje.
Snublesteinane som ligg spreidde utover i landet fortel at her budde folk som norsk politi samla inn og sende til dødsleirane. Mange bøker fortel om det dei opplevde på både individnivå og kollektivt, før, under og etter transporten til Auschwitz. Dei aller fleste vart «berre vekke», enten straks dei kom fram, eller etter ei kortare eller lengre tid pint til fordel for tysk industri.
Nokre få kom heim att frå dødsleirane. Andre, dei som hadde greidd å rømma landet før politiet fekk arrestert dei, kom og tilbake. Begge gruppene opplevde at det dei åtte og hadde arbeidt med tidlegare, var borte. For dei fleste var det å starta på nytt, og ta opp kampen for å overleva. I tillegg kom kampen for å få tilbake det som var teke frå dei av materielle verdiar. Det kom på toppen av dei menneskelege tapa der mange stod åleine att etter å ha mist familie og venner i Holocaust.
«Hvor ble det av alt saman?»
![]() |
| Nokre av dei norske snublesteinane |
Eg opplevde boka som ei samansmelting av to sider, ei formell og ei personleg. Det formelle er knytt til arbeidet med utvalet som Justis- og politidepartementet oppnemnde og omtala som eit «Utval (som) skal kartlegge beslag av jødisk eigedom». i I boka får me del i både førearbeidet og problema som arbeidet i utvalet vart presentert for etter kvart.
Den
personlege sida har opphav i at Berit Reisel ii
sjølv er jøde. Både hennar kjensler og hennar personlege erfaring
gav henne eit anna utgangspunkt enn til dømes eg sjølv som
ikkje-jøde, ville ha hatt. At ho i tillegg hadde eit godt samarbeid
med og støtte av Bjarte Bruland iii
i det vanskelege arbeidet, ser ut for meg å ha vore avgjerande for
både arbeidet i utvalet, og verknadane utvalet fekk for regjeringa
sitt vidare arbeid.
Om å «forsvinne inn i ein prikk»
Reisel fører lesarane sine inn i stoffet på ein uvanleg måte. Først eit «Forord» som er ei kort innføring i jødedommen generelt, og si grunngjeving for å verta med i arbeidet til det oppnemnde utvalet. Føreordet sluttar med:
«Jeg takket derfor ja til å delta i utvalet som skulle kartlegge likvidasjonen av jødisk eiendom i Norge under krigen. Med granskingsarbeidet i Skarpnesutvalget skulle endelig vår egen og vår felles historie kompletteres».
«Prologen»
derimot opnar med «1948» då ho og mora gjekk den rundgangen som så
mange av dei heimvende jødane måtte igjennom i von om å få att
noko av det som var teke frå dei av dei norske styresmaktene under
krigen. Dei hadde prøvt mange gonger før, men fekk aldri den hjelpa dei trong for å få det som rettmessig var deira eigene ting, tilbake.
«Da tok lydene fra de andre slutt, og vi ble dyttet ut gjennom de brune åpningene mens raspelyden uforrettet sak skrapte i ørene. Mammas hånd var blitt et jerngrep, og jeg forsøkte å forsvinne inn i en prikk» iv
![]() |
| Haugen med sko i Auschwitz vitnar om dei som ikkje er meir... |
Denne enkle og ærlege måten å visa den hjelpeløysa jødane som kom tilbake kjende på, er ei side i norsk etterkrigssoge som me ikkje-jødar aldri har fått innsikt i. (Kanskje mange norske jødane i dag også skulle ynskja de kunne forsvinna «inn i ein prikk» så ingen visste at dei var jødar?)
Litt frå innhaldet i boka
Boka fortel at 145 norsk jødar v var med i motstandsrørsla under krigen. Det har eg ikkje sett tal på før. Eg visste at ein del hadde vore med fram til 1942. I samband med dei 778 jødane som vart sende til Tyskland, nemner ho båten «Lappland». Det vanlege er «Donau», «Gotenland» og «Monte Rosa».
Kva visste, og kva gjorde den norske regjeringa i England?
Boka siterer Trygve Lie vi då han var utanriksminister i London-regjeringa vii: «Jødene er ikke de eneste som har vært mishandlet av nazistene. (…) En må også ta betraktning at de misgjerningene det gjelder ikke egentlig har noe med krigen å gjøre». Og Reisel skriv: «Justisdepartementet sier seg enig, og konkluderer med at forbrytelsene tyskerne har begått mot for eksempel den jødiske minoriteten, bør holdes utenfor diskusjonen om den nye lovgivningen». (Undertrekinga er gjort av meg. Sjokerande spør du meg!)
![]() |
| Jødane i Auschwitz vart ikkje fotograferte |
Boka har så mykje informasjon at eg har berre plukka ut litt her. (Mitt råd til deg som les bloggen min: Få tak i boka og les ho!)
Noreg hadde eit oppgåve etter krigen, den som Reisel let oss få eit glimt av med prologen sin. I kapitlet med overståande tittel, står det:
«Det ble riktig nok åpnet for at noen grupper skulle tilgodeses av disse ordningene. Det var som om jøder ikke ble omfattet av krigen på same måte som «våre egne»». viii
Eg vil slutta dette innlegget med det som eg ser som eit samandrag Reisel gjer av det som hende dei jødane som kom heim:
«Det kan virke som om det kom få krav fra jøder etter krigen. Det er ikke nødvendigvis fordi kravene var få. Det kan like gjerne ha vært fordi så få av dem ble innvilget. Mange spurte, og noen sloss. Mange gikk fra det ene offentlige kontoret til det andre med uforrettet sak. Eitingers utsagn ix speiler heller en felles opplevelse av å bli etterlatt i et slags mørke. Der andre kunne hente informasjon om hendelser og hendelsesforløp fra slektninger og venner som var i landet under hele krigen, var det ingen som kunne fortelle den jødiske historien. Der andre kunne samle byggesteiner til sin krigshistorie, forble det er gapende hull i vår historiefortelling».
Eg vil til slutt gjeva takk og ros til Bruland og Reisel for arbeidet dei gjorde og emnet som boka gjev så god innsikt i.
Det er godt det finst slike folk..
Til slutt vil eg ynskja alle ei velsigna Purim-høgtid!
Chag Purim Sameach
-------
i Omtalt på side 62 mfl.
ii Berit Gerd Bild Reisel vart etter det eg finn på internett, fødd 07.06.1945 i ein svensk flyktningleir i Norrköping dit foreldra som hadde rømt under krigen. Ho er utdanna psykolog. Ho representerte «Det Mosaiske Trossamfunn» (DMT) i Skarpnesutvalet som boka handlar om. Ho var /er leiar for «Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter». (Frå Berit Reisel – Wikipedia)
iii Bjarte Bruland, f.11.04.1969. Historikar og professor. Tok doktorgrad med tema: «Holocaust i Norge. Registrering-Deportasjon-Tilintetgjørelse» (2018). Har jobba som leiar for jødisk museum i Oslo og Trondheim. (Frå Bjarte Bruland – Wikipedia)
iv Desse sitata er frå side 12 og 13. Eg brukar her kursiv, og det som var kursiv i originalen, er sett i normal tekst.
v Frå side 73.
vi Trygve Halvdan Lie, f. 16.07.1896, d. 30.12.1968. Han var minister i fleire regjeringa før krigen, og medlem av eksilregjeringa i London under krigen.
vii Dette var arbeidet med «FNs krigsforbryterkommisjon», omtalt på side 83. Det finst og anna informasjon som synest å bevisa at dei norske jødane (om dei var norske statsborgarar eller berre busette i Noreg) var nedprioriterte eller neglisjerte av regjeringa i London. Vonar me snart får ei bok som går grundig inn på det den norsk regjeringa i England gjorde med både norsk jødar og norske sjøfolk. (Det var Trygve Lie som «beslagla» den norske handelsflåten.) Dette er sår i norsk krigs- og etterkrigssoge som det burde forskast på.
viii Frå side 234.
ix Frå side 237. Eitinger er sitert lenger oppe på same sida.
Bileta er mine eigne.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar