![]() |
| Framsida på boka eg las |
Dette er tittelen på ei bok som eg fekk til jul av yngste dotter mi. Har du lese bloggen min ei tid, veit du at eg har skrive om bøker i ein lang periode, men alt relatert til jødar. Og det har to årsaker: Temaet interesserer meg, og eg har fått «nye auge».
Ja, det var no litt overdrive, men då eg i haust vart operert for grå stær, fekk eg tilbake opplevinga av ein fargerik haust. I tillegg kom gleda over å lesa tilbake. Alle ære til dei som har funne opp slike operasjonar!
Undertittelen på boka, er «Om en FORSVUNNET BY, og jakten på RETTTFERDIGHET». i Boka, som forlaget kallar «Pocketutgave», er ein murstein på 533 sider som ikkje går i mine lommer. Derimot vonar eg ein heil del har fått plass i den delen som er øvst på meg når eg er ute og går!
Det personlege og det faglege
For nokre veker sidan skreiv eg om Berit Reisels bok: «Hvor ble det av alt saman?». Sjølv om desse to bøkene har svært ulike tema, har dei det felles at dette stoffet er ikkje berre eit teoretisk tema, men noko som er vevd inn i deira eiga og deira eige folks soge. Begge står fram som jødar og viser oss som ser det heile utanfrå, dei vanskane dei måtte gjennomleva, og tapet av dei fleste av familie og vener.
![]() |
| Baksida på boka |
Lemberg versus Nyrnberg
Boka startar med ein presentasjon av Lemberg som på 1800-talet låg i Austerrike-Ungarn. Etter første verdskrig då Polen stod fram, fekk byen namnet Lwów. Så vart byen teken av russarane i andre verdskrig og vart ein del av Ukraina. Då fekk byen navnet Lviv til tyskarane tok byen i 1941 og gav han det gamle namnet Lemberg. Sommaren 1944 tok så den raude hær byen, og Lviv fekk tilbake sitt Ukrainske namn, det som han har i dag.
Forfattaren
seier elles at hadde italienarane rådd over byen, noko dei aldri har
gjort, ville dei kalla han Leopolis – Løvene sin by. Ergo må dei
forskjellege namna på byen ha noko med løver å gjera.
Bilete frå side 95
Den andre byen boka handlar om, er Nyrnberg eller Nürenberg som han heiter der han ligg inne i Tyskland. Internett fortel at avstanden mellom dei to er omlag 1080 kilometer, eller 11 til 14 timars køyring alt etter kor lang tid grenseovergangane tek.
Sands, som er jurist, vart invitert til Lemberg der familien hans hadde budd, for å førelesa om Nyrnbergprosessen. Forarbeidet til forelesinga er bakgrunnsteppet for alt han skriv. Det førde han på leiting etter sine eigne slektningar, både dei levande og dei døde.
I tillegg presenterer han lesarane sine for to jødar som var sterkt engasjerte i domstolen som dei fire sigerherrane, Russland, Frankrike, England og USA, oppretta for å døma dei ansvarlege nazistleiarane. Deira tankar er sentrale også i vår tids internasjonale lovverk og juridiske prosessar.

Bilete frå side 408
Eit
nitid detektivarbeid

Jødane som kom heim etter krigen her i vårt land, hadde store problem med å få tilbake det som hadde vorte røva frå dei under krigen. Dei levde med uvissa om kva som hadde hendt med slekt og vener, i tillegg til at norske styresmakter krov dødsattestar for dei som vart sende til Tyskland og vart vekke der. Dette krovst for at dei som kom tilbake, skulle få «arven» sin.
Dette problemet som Reisel peikar på, fann eg ingen ting om i Sands bok. Derimot var det store spørsmålet kva som hende med slekta som vart att i Polen og Tyskland. Han fortel om reiser han gjorde, om bilete han fann, og møte med slektningar og etterkomarar av både av slike som hjelpte jødar, og slike som drap dei.
Så langt eg fekk med meg, kvantifiserer han korkje tida han brukte på arbeidet, alle reisene han gjorde åleine eller saman med andre for å møta viktige personar, eller kor mykje pengar han la ut. Men det må ha vore uhorveleg mykje både av det eine og dei andre.
Philippe Sands har gjort eit arbeid det verkeleg står respekt av. Imponerande!
Men kva med dei to jødane han brukte så mykje plass i boka si på?
Dei må eg skriva om til neste veke…
------
i Skrive av Philippe Sands, og utgjeve på forlaget Press, Oslo , 2022. ISBN 978-82-328-0314-9. Omsett av Christian Rugstad.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar