søndag 29. mars 2026


To jordmødre og ein veslebror

I dag er det Palmesøndag, ein dag til minne om jøden Jesus (Yeshua) reid inn i Jerusalem. Folkemassen jubla. Dei strødde greiner og breidde kappene sine på vegen der han reid fram. Ein festdag som vert høgtida over heile verda, endå det er 2 000 år sidan det hende.

Etter gammal tradisjon har kvar einaste eselfole som vert fødd, eit minne om den dagen. Ikkje alle esel har like tydeleg kross, men ser du etter, så finn du ein mørk kross på ryggen der Jesus sat den Palmesøndagen for lenge sidan.

Men medan folket jubla, gret han som sat på eslet. Han gret over Jerusalem som ikkje ville ta mot bodskapen hans, og folket som snart ville endra jubelropa til eit «Korsfest! Korsfest!».

Kor mykje eslet forstod av det som hende, er ikkje godt å seia. Men der var eit esel som snakka folkemål og irettesette den gjenstridige Bileam (4. Mos.22), så kvifor ikkje? Kanskje det gret i lag med han som sat opppå?

Men kva hadde palmesøndag vore utan dei to jordmødrene?

Tanakh, jødane sin Bibel (og som i vår har det uheldige namnet «Det gamle testamentet»), fortel heile soga. Første boka, Genesis eller 1. Mosebok, fortel om yndlingsguten Josef som brørne misunte og selde. Den soga finn du i dei siste kapitla i den første boka.

Boka sluttar med at Jakob med heile familien, rundt 70 personar, kom til Egypt og vart tekne imot av Josef. Då var han den nest mektigaste - etter Farao - i Egypt.

Josef var mannen som både egyptarar og andre under den sjuårige hungernauda, såg opp til. Og då Jakob kom med flokken sin, var det i mine tankar reine palmesøndagsjubelen! Farao ynskte dei velkomen og gav dei det beste i landet, - området Gosen på Nilendeltaet!

Neste bok, Exodus eller 2. Mosebok, startar rundt 400 hundre år seinare. Då er stemningen ein heilt annan. Jødane hadde vorte eit slavefolk og berre ei brikke i Farao si mektige hand. Ingen veit kor mange slavar landet hadde, men konstruksjonar som pyramidane vitnar om at det må ha vore mange, mange.

Kanskje jødane ikkje var dei lettaste å ha med å gjera heller, og Farao vart redd dei. Han seier til og med at dei var fleire enn egyptarane sjølve! Kanskje i ein krig vil dei slå seg saman med fiendane og angripa egyptarane? Eller, kanskje dei ville rømma? (2. Mos.1, 9 – 10).

Så plaga han jødane og gjorde livet hardt for dei. Og når det ikkje gjekk slik Farao ville, kom ordren til jordmødrene Sifra og Pua: «Når de hjelper dei hebraiske kvinnene til å føda, så skal de sjå etter i fødestolen. Er det då ein gut, skal de drepa han, er det ei jente, kan ho få leva.» (2.Mos. 1,16)   Brutalt, ikkje sant?

Som eit ekko…

Farao var redd for folket sitt, for byggeplanane sine og for sin eigen maktposisjon. Løysinga han kom på, var å drepa alle jødiske guteborn. Jentene derimot skulle få leva. Kanskje han tenkte at med tida vil jentene verta integrerte og assimilerte, og slik ville det jødiske folket ein dag ikkje eksistera lenger?

Dei jødiske leiarane i Jerusalem hadde planlagt å rydda Jesus av vegen. Hans nærver gjorde deira maktposisjon i folket utrygg. Derfor gjekk dei saman med Judas for å fanga han og gjeva han over til den romerske hærmakta for å døy.

Men Pilatus «.. visste at det var av misunning dei hadde overgjeve han,» seier Bibelen. (Matt 27, 18 og Mark.15,10).


Gudsfrykt med mot

Jordmødrene Sifra og Pua « …hadde age for Gud, dei gjorde ikkje slik kongen i Egypt gav påbod om, men lét guteborna leva.» (2.Mos 1,17). Og Gud velsigna dei for det.

Så prøvde Faraoein ny taktikk, og no med beskjed til «heile folket sitt»: «Kvar son som vert fødd hjå Israel, skal de kasta i Nilen, men døtrene skal de la leva.» (2.Mos 1, 22).

Sidan gutane ikkje vart drepne straks dei vart fødde, skulle dei no druknast. Det var ein ordre alle egyptarane skulle sjå til vart oppfylt!

Ein mann ved navn «Dregen opp av vatnet»

Kva dei to unge av Levi stamme gjorde med minsteguten sin, veit du. Dei laga ei sivkiste, smurde ho med bek og i den låg småguten under tilsyn av storesøstra. Han flaut trygt på det vatnet Farao hadde planlagt skulle verta hans død. Kanskje nett derfor valde faraos dotter navnet «Moses», - «Dregen opp av vatnet»?.

Heile av soga kan du lesa i dei fem første bøkene i Bibelen. Men det stogga ikkje der. Me lever i ei verda der ein framleis kan høyra rop som «Død over jødane», og møta menneske som gler seg over det Israel opplevde 07.10.23. Desverre...

Kva er så jødane – og vår – von for tida som kjem? Jau, at det finst mange modige menneske slik som jordmødrene Sifra og Sua, og som Moses sine foreldre. Bak dei står Abrahams, Isaks og Jakobs Gud - som og er min Gud!

God påske!                          Chag Pesach Sameach!

--------

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.                                                                                Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar