![]() |
| Boka meiningsutvekslinga starta med |
I 2018 gav Marte Michelet ut boka: «Hva visste hjemmefronten? Holocaust i Norge: varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet». Det var oppfølginga av boka «Den største forbrytelsen. Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust». i Ho som kom med Berit Reisels bok som eg har skrive om i ein blogg før, kom nokre dagar seinare frå biblioteket med tre bøker og spurde «Kjenner du desse?».
Boka «Hva visste hjemmefronten?» hadde eg lese før. Ho peika inn mot eit landskap som under og etter krigen var fargelagt i svart og kvitt. Eg vart fødd i siste krigsåret og var alen opp med forteljingane om heltane, både i heimefronten og Bjørn West som heldt seg i fjella heime, og bandittane som representerte andre sida.
Etter som eg vaks til og forstod meir, oppdaga eg kor einsidig biletet var, særleg om jødane og om sjøfolka som kom heim som alkoholikarar og nervevrak etter harde krigsår der dei transporterte livsviktig materiell over Atlanteren. Mykje urett vart gjort, det er det ingen tvil om.

Motreaksjonen på Michelets bok

«Rapport fra ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?»
Bok nummer to eg fekk i hendene, var den som har tittelen på over. ii Eg visste om ho og hadde følgt med på debatten som kom etter at boka om heimefronten kom ut. Mange av innvendingane som no kom i bokform, var kjende. Eg vart derfor meir spent på den siste av dei tre: «Tilsvar. Svar på motboken Hva visste hjemmefronten?» iii
Etter å ha presentert dei tre forfattarane i føreordet, skriv Michelet: «Bruland og Tangestuen var to av mine skarpeste kritikere allerede da Hva visste hjemmefronten? kom ut, og to år senere presenterte de altså sin Rapport. Både Bruland og Tangestuen har gitt viktige bidrag til norsk Holocaustforsking, og Berggrens masteroppgvave om behandlingen av jødene rett etter krigen følges med interesse i allmennheten. Brulands monografi Holocaust i Norge fra 2017 står fortsatt som den mest solide, detaljerte og helhetlige framstillingen av jødeutryddelsen i Norge».iv
![]() |
| Baksideomtalen på boka |
«DET ER INGEN TVIL OM at jeg har gjort noen feil i Hva visste hjemmefronten?, enkelte av dem med virkelig uheldige konsekvenser. Alle feil skal rettes og beklages. Men det min møysommelige gjennomgang av Rapport framfor alt viser, er at uenigheten mellom BBT v og meg i forsvinnende liten grad dreier seg om enkle faktaspørsmål der man kan sette to streker under det objektivt riktige svaret.
Det finnes i realiteten bare et knippe slike tilfeller, der BBT har oppdaget og avklart rene, uomtvistelige faktafeil. Hovedanklagen, i hvert eneste av Rapports kapitler, er noe helt annet, nemlig at eg tolker kildene «feil». Mens BBT tolker dem «riktig»». vi
BBT bygde opp boka Rapport rundt feil dei meinte å kunna bevisa i Hva visste hjemmefronten? I Del I tok dei føre seg Varsla med fem kapittel. Del II: Motstandsrørsla og fluktapparatet utgjer to kapittel. Del III: Fotnotane utgjer eitt kapittel, og Del IV: Aktørane
![]() |
| Tredje boka om temaet |
Kor nyttig er slike meiningsutvekslingar?
I mine auge er dei absolutt nødvendige om me skal finna fram til det som eigentleg hende under krigen. Ingen veit alt. Av same grunn greier heller ingen å trekkja dei absolutt rette konklusjonane av det materialet som føreligg.
Eg kjenner ikkje BBT sin menneskelege bakgrunn. Vaks dei opp som meg med eit etterkrigsbilete av det som hende i Noreg der levande jødar ikkje eksisterte? Holocaust var noko langt vekke, noko tyskarane og nazistane hadde skulda for, og jødar kjende eg personleg berre frå bibelsoga!
Jødane i Noreg i 1930-åra og fram til 1942 gjennomgjekk ein dehumaniseringsprosess. Dei fleste prøvde å vera «ekte nordmenn» slik ingen skulle oppdaga deira kulturelle bakgrunn. I alle fall slik ser det ut for meg i det eg har lese.
![]() |
| Baksideomtalen av denne |
Få av dei norske jødane og dei norske sjøfolka som var ute under krigen og kom heim i 1945 og seinare, har etterlate seg skildringar av det dei opplevde. Dei fleste ser ut til å ha hatt nok med å overleva i det samfunnet dei kom tilbake til, og som fokuserte på heilt andre ting enn dei problema dei heimvende sleit med.
Dei som skriv i dag, er avhengige av det kjeldematerialet som finst. Kvantitativt sett er førstehandsmaterialet frå jødar (og for den del sjøfolk og sigøynarar eller rom-folk) som overlevde krigen, ikkje-eksisterande eller minimalt. Dermed er bøker som vågar å stilla spørsmål med det nedarva svart-kvittbiletet, nødvendige.
Dei som kjem etter oss, får ikkje eit truverdig bilete før jødane og andre eg har nemnt, får sine «fargar» lagt inn på etterkrigs-lerretet.
Dei og...
------
i Den kom ut i 2014. (Begge bøkene kom på Gyldendal forlag, Oslo).
ii Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen: «Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?», Dreyers forlag, Oslo, 2020.
iii Marte Michelet: «Tilsvar. Svar på motboken til Hva visste hjemmefronten?».
iv Frå overgangen side 5 til 6 i Michelets bok. Då eg brukar skrå skrift på det eg har kopiert. er originalens ord med skrå skrift, vanleg skrift her.
v BBT: Bokstavane viser til namna på forfattarane av «Rapport». Sidan denne skrivemåten vert brukt her, brukar eg den og seinare i innlegget.
vi Frå side 8 i boka. Avsnittet er delt i to av meg på grunn av formatet bloggen kjem i.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar