
Skjermbilete frå Store norske leksikon på internett
Ei
grunnleggjande endring i verda si lovgjeving
Nyrnbergdomstolen vart oppretta gjennom ein avtale mellom USSR, Storbritannia, Frankrike og USA den 08.08.1945. Sjølve rettssaka starta i november same år, og vart avslutta ved proklameriga av dommen 10 månader seinare.
Det vart reist tiltale mot 24 menn som hadde stått sentralt i gjennomføringa av Nazi-Tysklands krigføring. I tillegg var seks sentrale nazi-tyske organisasjonar og institusjonar tiltalt. Tre av dei tiltalte møtte ikkje. Robert Ley tok sjølvmord. Martin Bormann var først vekke, og så kom informasjon om at han var død. Kanskje sjølvmord. i
Industrimagnaten Gustav Krupp von Bohlen und Halbach hadde hatt slag og var delvis lam frå 1941. Firmaet han representerte var eit av dei konserna som utnytta fangane frå dei tyske fangeleirane i sin produksjon.
I alt var der 403 opne rettsmøte over 216 dagar, og det vart ført 61 vitne. 38 000 skriftlege utsegner og erklæringar signert av rundt 300 000 personar, vart og lagt fram. ii
Grufulle skildringar
Ein av dei som fekk vitna i Nyrnberg var Samuel Rajzman. iii Han fortalde om reisa frå Warzawagettoen til Treblinka der dei måtte kle seg nakne og så gå «Himmelfartsvegen» iv til gasskammeret. Ein kamerat berga han ut av køa fordi tyskarane hadde bruk for ein tolk!
Samuel
kunne fortelja detaljert om elimineringsprosessen tyskarane hadde
sett i gang. Ved eit høve stod to søstre, den minste berre to år,
framfor ein soldat som hadde drege pistolen. «Kvifor skal du drepa
søstra mi?», ropte den største. Då greip soldaten den vesle jenta,
gjekk bort til krematoriet og kasta ho levande inn i flammane.
Etterpå skaut han den eldste! (Vitnet hadde og andre hårreisande
ting å fortelja, men det skal eg lata vera ta med her).Skjermbilete frå Wikipedia
Og
så til dei to jødane eg nemnde sist:
Raphael Lemkin v var jurist og avslutta sin universitetsutdanning i 1926. Han opplevde general Symon Petjura som leidde den kort-levde Vest-Ukrainske folkerepublikken. Generalen vart drepen av jøden Samuel Schwartzbard (i Paris) som ville hemna drapet på jødar i Aust-Europa. Stjernevitnet i rettssaka, ei rødekorssøster, vitna om at Petjuras soldatar gjennomførde ein pogrom i 1919 medan eit militærorkester spelte til!
Schwartzbard vart erklært «ikke skyldig». «De kunne verken frifinne Schwartzbard (sic) eller dømme ham,» skrev han (Lemkin), for de kunne ikke straffe en som hevnet drapet på «hundre tusener av hans uskyldige folkefeller, deriblant hans egne foreldre». Retten kunne heller ikke godta at man «tok loven i egen hånd for å forsvare menneskehetens moralske normer». Den kløktigste løsningen, mente Lemkin, var å erklære Schwartzbard sinnsyk og deretter løslate ham». vi
Dette
vart eit sentral tema i Lemkins vidare arbeid. Han oppfann ordet
«folkemord» eller «genocid», og etter mange om og men vart ordet
«folkemord» teke med i dommen i 1946. Ordet står for eit planlagt overgrep mot ei folkegruppe identifisert gjennom politikk,
religion eller etnisistet. Her er «intensjonen»
bak handlingane som er avgjerande.Skjermbilete frå Wikipedia
Hersch Lauterpacht vii var professor i folkerett og med tida dommar ved domstolen i Haag (ICC). Hans prinsipp var at einskildindivid må stå til ansvar for ugjerningar dei gjer, også om dei føl ordre frå overordna. Denne tanken bak «crimes against humanity» eller «brot på menneskerettane», er eit viktig rettsprinsipp i dag.
Lauterpacht sine tankar om at det føreligg eit individuelt straffeansvar for misgjerningar, var eit hovudelement i dommane som vart avsagt den haustdagen i 1946, og begge desse juristane la kvar på sin måte grunnlaget for folkerettsdomstolen som seinare vart oppretta. (ICC) Dommane laga i tillegg presedens for liknande rettssaker verda over. viii
Konklusjon
Sands skriv i epilogen: «Hersch Lauterpacht og Raphael Lemkin var to unge menn i Lemberg og Lwow. Deres ideer har vunnet gjenklang over hele verden, og arven etter dem strekker seg vidt og bredt. Begrepene folkemord og forbrytelser mot menneskeheten har utviklet seg side om side i et samspill som forbinder enkeltmennesket og gruppen».ix
Eg undrar meg over at desse to ikkje kom med i «The jewish contribution to the 20th century» som eg har nemnt i fleire bloggar.
Skulle så gjerne visst Kvifor?
------
i Det same galt Hitler, men mange meinar å ha klåre bevis på at han levde i Søramerika saman med ei rekkje nazitoppar etter krigen. (Eg hugsar kva ein jødisk rapportar på ein radio i Paraguay sa, - ho var sinna: «Og dei vil ha oss til tru at Hitler døydde i Berlin! Trur dei ikkje me veit kvar han levde, og at Eva Braun budde i … (og så sa ho namnet på ein bydel i Asuncion!)».
ii Data som dette finst til dømes i Store norske leksikon.
iii Han vitna 27. februar 1946, og Sands referer frå det han sa på side 376-377 i boka.
iv «Himmelfahrtsstrasse».
v Sands og Wikipedia har same månad og årstal for hans fødsel, juni 1900, men ikkje same fødestaden. Han døydde i New York i august 1959.
vi Frå side 208-209.
vii Han vart fødd i august 1897 i Zolkiew i Austerrike-Ungarn, og døydde i mai 1960 i London.
viii I ein blogg sist på året i fjor, skreiv eg om Dag Steinfeld og boka hans «Mannen som gikk fri». Både i føredraget og i boka var han inne på Nyrnbergdomstolen sin avgjerder. Han meinte, så langt eg forstod han, at dei rettssakene som kom etter krigen i Noreg, ikkje retta seg etter dei menneskerettsprinsippa som låg til grunn då dei tyske krigsforbrytarane vart dømde.
ix Frå «Epilog», s. 461.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar