søndag 5. april 2026

God påske!

I dag er det Oppstandelses-søndagen, ein jubel-søndag heilt frå den søndagsmorgonen rundt år 33 då kvinnene kom og fann grava opna og tom. Jesus var der ikkje lenger. Han hadde stått opp! Halleluja! 

Sjølve ordet «påske» har gått ein lang veg frå det hebraiske «pesach» til det vart det norrøne «paskar» og til slutt ordet slik me brukar det i dag. Innhaldet har og endra seg frå den gamle jødiske festen, gjennom hundreår etter hundreår, til vår samtids feiring med påske-ferie, påske-liljer, påske-kyllingar, påske-egg og påske-krim. 

Eg kallar dagens feiring for «post-kristen» for denne feiringa ser ut til å vera like langt frå sitt religiøse opphav som julefeiringa. Vikingane vart kjende med «paskar» som ei høgtid knytt til vårjamdøger, - dagen då sola gjorde dag og natt like lange. Jula vart feira då sola snudde og dagane som hadde vorte kortare og kortare, vart lengre og lengre.

Den typiske påskematen i vår kulturkrins, er lam. For folk flest ein rein fysisk nytelse utan meditasjon over korkje pesach-lammet jødane åt den siste natta i Egypt, eller døden til han døyparen Johannes kalla «Guds lam» (Joh.1,29).

Stor fallhøgde

Sist søndag skreiv eg om dei modige jordmødrene som lydde Gud meir enn menneske. Etterpå kom dekretet om at alle jødegutar som jordmødrene hadde late leva, skulle druknast i Nilen. Det var ei oppgåve for «heile folket»! (Exodus / 2. Mos. 1,16 og 22)

Takka være jordmødrene og dei to som ville berga guten dei hadde fått, fekk Moses leva opp, ja, han vart til og med oppdregen i den kongelege familien og fekk god opplæring. Den første martyren, Stefanus, seier: «Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han var full av kraft både i ord og i gjerning.» (Apg 7,22).

Betre attest kunne han vel ikkje få, men det hjelpte eigentleg så lite. Ikkje det at eg veit kva han tenkte, men kanskje han såg på seg sjølv som ein slags bergingsmann for slavefolket han var komen frå? I alle fall gjekk det hakkande gale då han ville forsvara landsmannen sin og enda opp som mordar. Dermed måtte han rømma for livet, forkasta både av jødar og egyptarar. 

Som midiansk sauegjetar

Bibelen seier han rømde til Midian som i dag ligg i nordvestlege Saudi-Arabia. Der vart han gift med dotter til presten Jetro, og vakta sauene hans. I det var han lik Jakob hadde vakta sauene til sin svigerfar, Laban, ein eller annan stad i grenseområdet mellom Syria og Tyrkia.

Men ein dag, seier Bibelen i), kom han til Horeb ii). Der oppdaga han ein klunger som brann og brann og ikkje brann opp. Også i dag kan klungerbuskene i øydemarka ta fyr og flamma opp heilt av seg sjølv, fortel folk som skal ha sett det. Det rare var berre at denne ikkje brann opp, så Moses gjekk nærare for å sjå.

Kva som hende, kan du lesa i det tredje kapitelet i Exodus / 2. Mosebok. Føl du soga vidare, ser du at her, på same fjellet skulle Gud gjeva israelsfolket bodorda skrivne med Guds eigen hand. Men då Moses stod der den dagen åleine, redd og berrføtt, var situasjonen ein heilt annan.

Moses’ klungeroppleving

Der og då fekk sauegjetaren kall til å føra israelittane bort frå trældommen i Egypt, og stå opp mot sin stebestefar Farao. Ja, ikkje berre det, han skulle føra israelittane gjennom ein åndeleg prosess, eg har lyst å kalla det ei omskaping, frå eit forvakse stammefolk i treldom til ein fritt paksfolk tilhøyrande
Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, «HaShem» iii).

Og då var det ikkje nok med Egypts beste utdanninga og faglege og menneskelege kompetanse. Den Gud trong til ei slik oppgåve, måtte innsjå si eiga maktesløyse og si totale avhengigheit av Gud, «HaShem».

Eg trur ikkje denne dagen kom «som lyn frå klår himmel». Nei, på si einsame vandring både som flyktning og som nomadisk gjetar, hadde han gjennomgått ein modningsprosess fram mot klungeropplevinga. Han hadde hatt tid til å tenkja. Kanskje svigerfaren og hadde snakka med han, slik me ser han gjorde seinare? iv)

Og derifrå ….

Den Moses som litt seinare tok vegen sør-vestover frå svigerfaren Jetro og familien sin, var ein annan enn flyktningen som hadde gått motsett veg få år tidlegare. Skal med setja ei overskrift over Moses’ liv vidare, kan det vera «Gud talte, og Moses gjorde som Gud sa!» v).

Takka være det Moses hadde gjennomlevt før klungeropplevinga, og det han opplevde det han stod berrføtt og høyrde Gud / JHVH snakka ut or elden, kan me feira påske enten me er jødar eller ikkje-jødar.

For jødane, slik eg forstår det, er Moses den største av alle menneskje i den bibelske konteksten som for dei er Tanakh.

Neste år i Jerusalem!

Denne gamle helsinga vert uttalt i jødiske heimar og synagogar verda over denne påska og. Over alt ser me antisemittisme og anti-israelske haldningar både i det offentlege rom og privat. Det kan gjera kven som helst redd!

Mi bøn er derfor at dette ikkje skal vera berre tomt uttalte ord, men at det må skapa i den enkelte jøde ein sterk lengt og vilje til å gjera alyiah!

God påske!                                                                                                Chag sameach!

------------

i) Exodus / 2. Mosebok 3,1 ff.

ii) Også kalla «Gudsfjellet» (1. kong.19,8).

iii) «HaShem», hebraisk for «Namnet» er vanleg i omtale av Israels Gud. For jødane er Guds namn skrive JHVH, men sidan Guds namn er heilagt, seier dei det ikkje, men i staden «HaShem» - «Namnet». (I alle fall er det slik eg forstår det).

iv) Exodus / 2. Mos 18.

v) Med eitt unnatak. Numerus / 4. Mos.20, 7-10

Bileta er mine eigne. Dei øvste er frå museums-synagogen i Toledo, Spania. Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyvee frå meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar